ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE

Som abonnent på Vårt Land får du:

Läs mer

Brubyggjaren

Synd er ein av dei beste ideane i kristendomen, meiner ateisten Bjørn Stærk.

ANNONSE
ANNONSE

Bjørn Stærk

  • 37 år.
  • Bur på Tveita i Oslo saman med sambuaren.
  • Programmerar, samfunnsdebattant, forfattar.
  • Har vore Aftenposten-spaltist sidan 2013.
Min tro

På doen ved Lyngheim barneskule i Mo i Rana sit ein 12-åring og ventar. Resten av klassa har musikktime. Det blir spelt rockemusikk, etter ynskje frå elevane. Guten har lurt seg vekk. Han tenker det er best å halde seg unna.

– Dersom dei spelte musikk av dei banda som eg hadde lese i avisa var sataniske, så var eg veldig redd for det i ei periode. I Dagen sto det om menneske som vart besett av demonar etter å ha høyrt på rockemusikk, fortel Bjørn Stærk.

Artiklane om farleg, verdsleg musikk gjorde sterkt inntrykk.

– Eg tok det jo veldig seriøst, sidan det sto i ei kristen avis. Då måtte det jo vere sant, tenkte eg.

Ein subkultur

Stærk sit i sofaen heime i leilegheita på Tveita i Oslo, med beina i kross. Bak han er Oslo mjukt opplyst av kveldssola. Bordet framfor han er ryddig – ein vase med blomar, ei skål med Twist, og boka han nettopp har lansert. Undertittel: «En ateist skriver om Jesus».

– Eg ser på kristendomen som ein del av fortida til den sekulære kulturen vi er ein del av no. Og vi treng å forstå den fortida. Kanskje kan vi gjenoppdage gode idear, og lære av feil som kristne har gjort, seier han.

Det var veldig viktig for meg å lese Bibelen som Guds ord

Sjølv vaks han opp i eit frikyrkjemiljø i Mo i Rana og Halden. Faren var pastor. Stærk ser mot eit familiebilete – det einaste biletet i stova – som heng på motsett vegg.

– Det er mamma og pappa, og mine tre sysken, forklarar han.

LES MELDINGA AV BOKA: «Stærk løfter de beste sidene ved troen inn i vår tid»

Han var eldstemann. Fritida til han og syskena gjekk for det meste med til søndagsskule, barneleirar og korøvingar. Han kallar det ein subkultur – ikkje avstengt frå verda, men likevel eigne aktivitetar og eigne vener. Og eit eige verdsbilete.

– Eg såg ingenting av underhaldningskulturen på 1980-talet, til dømes, fortel han.

– Eg tok trua veldig alvorleg. Det var veldig viktig for meg å lese Bibelen som Guds ord. Eg las mykje i den, så snart eg var i stand til det.

Som barn tykte han Det gamle testamentet, med krig og dramatikk, var mest spanande.

– Eg forsto ikkje heilt poenget med alle breva i Det nye testamentet, smiler han.

Han prøvde å lese Bibelen frå perm til perm, men havarerte ein stad ute i profetane.

Fire raske

Gud er: Ikkje-eksisterande.

Eg klarar meg ikkje utan: Bøker, penn og papir.

På min gravstein skal det stå: Det er ikkje sikkert det treng å stå så mykje. Eg veit ikkje.

Boka alle må lese: Evangelia i Det nye testamentet.

Jordnært

Heime hjå familien Stærk var trua ein naturleg del av kvardagen. Dei gjekk i kyrkja kvar søndag, og bad bordbøn og kveldsbøn.

Minnet om den satanistiske rockemusikken han las om i Dagen, sit godt i enno. Mest fordi det skilde seg sånn frå den kristendomen han vaks opp med.

– Alt var veldig jordnært heime. Konservativt, men ikkje på ein aggressiv måte. Dei kunne ha konservative ståstadar i livssynsspørsmål og verdispørsmål, men utan at dei gjekk på barrikadane og kjempa for det, seier han.

Nær Gud

Stærk var med dei vaksne på møter frå han var ni-ti år gamal. Sjølv om han ikkje forsto alt som vart sagt, så likte han å høyre på.

Kjensla av å vere nær Gud, hugsar han enno.

– Kanskje spesielt under nattverd og fellessong. Det var noko med det å sitje saman med mange menneske, i stille bøn eller synge saman. Vi var samla i Guds nærvær. Det var noko spesielt.

Eg prøvde ganske hardt å legge fram ein rasjonell grunn for trua mi

Omreisande predikantar hadde ein eigen måte å snakke på. Unge Stærk fekk kjensla av at han var med på noko viktig.

– Kjensla av å vere nær Gud, korleis opplevde du den?

– Du kjem nær same kjensla på ein god konsert eller kanskje eit teaterstykke. Det er noko med å vere del av ei hending som fengar alle. Det er ikkje nødvendigvis det same gudsmøtet du har når du sit åleine på rommet og ber, seier han.

Plutseleg brot

Han snur seg mot vindauget og dreg ned persienna. Vekk med sola. Som programmerar og skribent, jobbar han mykje heime. Han likar seg best bak tastaturet.

LES MIN TRO MED PER ERIKSEN: Har aldri hatt en religiøs opplevelse

Som tenåring, på byrjing av 1990-talet, byrja han delta i diskusjonsforum på nettet. Ein dag kom han i kontakt med ein ateist som ville diskutere religion.

– Vi hadde ein debatt gåande i fleire månadar. Eg prøvde ganske hardt å legge fram ein rasjonell grunn for trua mi. Bygge opp alt frå botnen av med gode argument. Det var kanskje litt overmodig av meg, men eg ynskte å gjere det slik, fortel han.

– Men plutseleg var byggverket så vaklevore at det berre datt saman. Eg innsåg: Alt dette er feil. Det var eit plutseleg brot.

– Korleis opplevde du det?

– Først var det litt skummelt. I ei kort periode, eit par dagar, var eg veldig usikker. Tør eg gjere dette? Tør eg å bryte med alt eg trudde på? Eg var redd for å hamne i helvete, og eg lurte på kva familie og vener ville meine.

Det er ikkje sånn du fører menneske til Gud, ved å diskutere med dei. Det ville iallfall ikkje fungert på meg.

Men 16-åringen innsåg at han ikkje hadde noko val.

– Eg gjekk tilbake og såg på alt eg hadde trudd og meint om ting før, og tenkte gjennom det på nytt. Eg ville finne ut kva eg eigentleg meinte om desse tinga, og ikkje berre ta for gitt det vi hadde fått overlevert, seier han.

LES MIN TRO MED KRISTIN ROSET: – Jeg synes det er rart at jeg skulle få den sykdommen

Svaret vart ateismen. Han kunne ikkje vite at Gud ikkje fanst, men han hadde ingen grunn til å tru det. Det var plutseleg ikkje naturleg å bruke Gud for å forklare eller forstå ting betre.

– Korleis reagerte dei rundt deg?

– Dei tykte mest det var trist. Men dei prøvde ikkje å krangle om det. Det er ikkje sånn du fører menneske til Gud, ved å diskutere med dei. Det ville iallfall ikkje fungert på meg.

Stærk hadde sterke meiningar tidleg. Og familien forsto han hadde tenkt godt gjennom valet.

– Og så trur eg veldig mange, ikkje minst vaksne kristne, skjønar at du kan ikkje tenke deg rasjonelt heile vegen fram til Gud, trur han.

– Ein eller annan stad er det eit val du tek om å tru og overgi deg til ideen, utan at du kan kjenne deg heilt trygg på koplinga frå den eine staden til den neste.

Lett å overtyde

Stemma hans er låg. Han svarar knapt og konsist. Rasjonelt. Han har lett for å ha meiningar om ting, og han er nøydd til å skrive. Viss ikkje hopar tankane seg opp i hovudet hans. Det må ut.

Frå diskusjonsforuma i internettets spede byrjing, gjekk vegen vidare til eigen blogg. Så byrja Stærk å skrive fast for Aftenposten.

– Eg vart motivert av krigen mot terror og all den politiske debatten som føregjekk etter 11. september-angrepa.

– Kva gir det deg å skrive?

– Det er ein måte å tenke på. Det kan vere gøy og meiningsfullt, men også frustrerande. Som regel betyr ikkje ord så veldig mykje. Men av og til kan dei føre til endring.

LES MIN TRO MED AKSEL BRAANEN STERRI: Vil mestre alt. Også døden

Han har vore innom mange tema – terror, EU, innvandring, programmering. Lista er lang. Gjennom skrivinga håper Stærk å bidra til at verda blir ein litt betre stad. Få folk til å tenke litt klarare, forstå litt betre.

Eg forsto ganske tidleg at eg kan skrive overtydande om ting eg eigentleg ikkje kan noko om

Men det er altfor lett å vere overtydande, tykkjer han.

– Det er litt skummelt. Eg forsto ganske tidleg at eg kan skrive overtydande om ting eg eigentleg ikkje kan noko om. Det gjer meg litt redd.

Det er få lesarar og redaktørar som sjekkar fakta i det som blir publisert, trur han.

– Eg prøver å vere medviten ansvaret. Eg kjenner meg best til rette når eg kan skrive noko som kan utfordre lesaren. Få dei til å tenke noko anna enn det dei tenkte før dei byrja lese.

– Er du sjølv kritisk til det du les?

– Sei det. Eg prøver å vere det, men det er ikkje lett å vite om eg lukkast.

Å lære av synd

Den største utfordringa er å overbevise lesarane om at dei burde vere interessert i noko dei ikkje bryr seg om, ifølgje Stærk. Denne veka lanserte han si tredje bok: Å sette verden i brann. En ateist skriver om Jesus.

– Tittelen referer til eldpåsetnadane som skal endre verda. Det kjem stadig nye retningar av kristendomen, og det startar som regel med ein visjonær tenkar, ein profet, som har nokre fyrstikker som han tenn på og slepp på bakken. Som oftast blir det ikkje til noko, seier Stærk.

– Men av og til tek det fyr, elden spreier seg og endrar verda totalt.

Han trur Jesus er evig interessant fordi han var ein vanskeleg person å temje.

– Heile kristendommen handlar om å temme Jesus. Å gjere det umoglege om til noko som folk kan leve etter i kvardagen.

LES MIN TRO MED KVINNELIG IMAM: Kjemper for moderne islam

I boka skriv Stærk om Jesus som ei kvinne ved namn Mona. Inspirert av andaktssjangeren byrjar kvart kapittel med bibelvers og held fram med ein diskusjon av forfattaren.

– Kvifor er du så oppteken av kristendomen?

– Eg trur mange ikkje-truande kan lære av den.

Du er ein syndar, men vi er alle syndarar. Vi er alle ein del av problemet

Stærk trekk fram synd som ein av dei beste ideane religionen har bidrege med.

– Ikkje dei bestemte syndene, men ideen om synd som ein måte å forstå liva våra og verda på. At liva våra heng saman med handlingane dine og mine, seier han.

– Du er ein syndar, men vi er alle syndarar. Det gjer at ingen kan heve seg over alle andre og seie: Eg er perfekt og du er problemet. Vi er alle ein del av problemet. Vi har alle ein avstand mellom korleis vi er og korleis vi burde vere.

37-åringen meiner alle treng ein del av den radikale medkjensla som vi finn hjå Jesus.

– Ikkje nødvendigvis som ein måte å leve på, men som ei påminning om at vi ikkje må bli for sjølvgode og for fornøgde med ting som dei er.

– Lærer vi ikkje nok om kristendomen som det er i Noreg i dag?

– Eg trur ikkje vi forstår han så godt. Vi tek han litt for gitt, fordi det er ein del av bakgrunnen vår. Han er litt for nær til at vi bryr oss om å forstå den. Av og til treng ein å lese klassikarane på nytt.

Spesielt ikkje-truande kan få mykje ut av å lese i Det nye testamentet, trur Stærk.

– Då er du ikkje bunden til å finne ein klar livsfilosofi der. Du har ikkje den teologien med deg som fortel deg kva det er du les. Eg kan lese Bibelen utan å forvente eit klart svar.

Brubyggjar

Stærk diskuterer teologi med familien sin. Han tykkjer det er interessant, sjølv om dei ikkje er einige.

– Eg har lært litt om det å ha ei motvekt mot å tru at alt som er kristent er fælt. For eg har kontakt med desse menneska, som er lukkelege og fornuftige. Det gir meg nokre nyansar, seier 37-åringen.

– Ser du på deg sjølv som ein brubyggjar?

– Ja ...

Han dreg på det.

– I boka har eg prøvd å skrive for både kristne og ikkje-kristne. Eg trur kristne kan få mykje ut av eit møte med sekulære idear om deira eiga tru. Og ikkje-kristne kan finne gode idear ved kristendomen. Så eg blir litt brubyggjar mellom to ulike leirar som ikkje snakkar nok med kvarandre.

LES MIN TRO MED GUNNLEIK SEIERSTAD: – Å komme til tro er som å forelske seg

Når han ser tilbake til barndomen, er det musikken han set mest pris på. Han er framleis glad i gospel.

– Det er ein unik kristen sjanger. Det å kunne fokusere så mykje glede inn i musikken. Vi som ikkje trur har ikkje greidd å skape noko liknande, meiner han.

– Er det noko att av kristendomen i deg?

– Det går ikkje an å trekke eit klart skilje mellom religion og ikkje-religion, fordi religion er så menneskeleg at det er ein del av alt vi gjer. Men ingenting av den religiøse trua mi er att. Og det er jo det som tel.

- Kva har du lært av kristendomen sjølv?

– Etter arbeidet med denne boka har eg fått fleire bilete av korleis ein kan gjere verda til ein betre stad. Alle dei som har skrive seg inn i kristendomens historie, er alle menneske som har ynskja å endre verda på ein eller annan måte. Det ynskjer også mange ikkje-truande. Der har vi noko felles.

Sekulær siger

I bokas introduksjon skriv han at «alle som står opp hver morgen med et ønske om å bidra til en bedre verden, går i fotsporene til religiøse».

– Trur du ikkje mange av dine felles ateistar kan ta noko slikt ille opp?

– Ja. Men det er så mange likskapstrekk. Religion er ikkje noko separat som du kan skilje ut. Det er så bakt inn i alt vi er og gjer at du finn det overalt i historia der folk har prøvd å endre verda, seier han.

– Ateistar som går til krig mot religionen, er det klassiske hovmodet. Dei trur dei kan kjempe mot noko som er så grunnleggande menneskeleg og seie: No skal vi slutte å tru. Det er ein totalt feil tanke.

Det finst dessverre ateistar som er så imot religion at dei er heilt blinde av det

Han trur det er fleire ikkje-truande no enn før som er interesserte og fascinert av religion, og som greier å sjå både gode og dårlege sider ved det religiøse.

– Eg trur vi har kome til eit punkt der vi kan sjå dette litt på avstand. På 1900-talet var det veldig harde frontar og kulturkampar mellom radikale og konservative, ateistar og kristne. Den kampen er over. Dei sekulære vann, meiner Stærk.

– Men så finst det dessverre ateistar som ser veldig fanatisk på dette og som er så imot religion at dei er heilt blinde av det. Dei representerer den verste sida av ateismen.

Stærk meiner godane ved ateismen er at han kan velje å bygge livet sitt på det han vil. Men det kan også vere negativt.

– Det legg meir ansvar på meg. Det er ein ekstra fridom, men den fridomen kan du misbruke.