Harald Stanghelle vart det verste foreldra tenkte han kunne bli

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Denne saken ble først publisert i november 2023.

– Far min forstod at slaget om sjela mi var tapt. Han var plaga av den tanken til han døydde, seier den folkekjære og erfarne pressemannen Harald Stanghelle om faren Nils.

I følge sonen var Nils Stanghelle ein mild og fin mann, som var livredd for at borna skulle bli smitta av tvil.

Harald hugsar til dømes då lærarinna i 2. klasse gav han ei spesiell gåve – ei bok av Anne Cath. Vestly. Forfattaren hadde hamna i ein stor debatt med kristenfolket, etter at ho på NRKs Barnetimen hadde snakka om kor borna kom frå. Kristenfolket meinte slik prat skulle vere så diffus som mogleg og at ein ikkje skulle sette ord på seksuallivet. Foreldra på Stanghelle likte derfor ikkje Vestly, og gøymde bort boka. Det fekk ikkje hjelpe at den vesle guten hadde fått boka i gåve fordi han nyleg hadde vore gjennom ei stor krise.

– Heile tida låg det eit stort alvor over oss. Det var ein konstant redsel for å miste trua, seier Stanghelle.

Lærerinna hadde gitt han Vestlys bok på grunn av noko som hadde skjedd tidlegare den sommaren.

Den fatale fjellturen

Harald Stanghelle var sju år og det var ein av desse fine sommarkveldane langs Sørfjorden i Vaksdal.

Den vesle guten elska å vere med på gardsarbeidet med dei vaksne. No hadde han fått bli med onkelen opp i fjellsida på jakt etter nokre sauar. Dei skulle sjå etter buskapen. Onkel Johannes løfta nevøen over ei kløft langt der oppe i fjellsida. Då Johannes Stanghelle skulle svinge seg over glipa i fjellet, fall han. Det var langt ned og Harald såg onkelen forsvinne nedover ura. Etterpå vart gutungen ståande på toppen av det bratte berget og lure på kva han skulle gjere. Til slutt valde han å klatre ned til onkelen.

– Det var ikkje mykje blod og slikt. Eg sat der og tenkte at no har det skjedd noko som aldri før har skjedd i livet, noko heilt skjellsettande.

Ein ting var å berre ikkje tru. Å attpåtil bli katolikk var så ille at det gjorde stor skam på familien.

—  Harald Stanghelle

Då sjuåringen omsider rusla heimover, forstod han at det som hadde skjedd var dramatisk: Onkel Johannes døydde den fine sommarkvelden.

Heime spurde foreldra om det hadde vore ein fin tur. Det stadfesta Harald som deretter gjekk og la seg. Ein time eller to seinare vart gutungen vekt. Systera til onkelen hadde slått alarm fordi han ikkje hadde kome heim. Harald svara at onkelen hadde blitt verande for å sjå etter nokre andre sauer, medan han sjølv hadde gått heim.

– Eg ville ikkje kome med den bodskapen.

Den natta gjekk folket på Stanghelle manngard og fann onkel Johannes liggande i steinrøysa. Dagen etter dukka lensmannen opp på garden, og Harald Stanghelle tenkte det var best å seie det som det var: at han hadde vore vitne til onkelens fall i døden.

Harald Stanghelle

Eit svimlande perspektiv å vekse opp i

Eit par år seinare fekk alle elevane på skulen i oppgåve å skrive stil om ein tur dei hugsa godt.

Dei andre skreiv om at dei hadde vore på tivoli i Bergen og på hytteturar, medan Harald Stanghelle skreiv om den fatale fjellturen i junikvelden. Lærerinna som kom utanbygds frå, kjende ikkje til det som hadde skjedd og slo alarm. Slik fantasi var bekymringsfull, meinte ho. Heilt til nokon fortalde henne at det som stod i stilen hadde skjedd i verkelegheita.

– Då ho fekk vite at historia var sann, overdynga ho meg med glansbilete i stilboka. Ho syns då det var ei framifrå stiloppgåve.

Det var det aller verste du kunne vere. Det aller skumlaste. Det var som det grøssa i folk heime på bedehuset viss dei snakka om tenkjarar eller fritenkjarar.

—  Harald Stanghelle

Så fekk han boka av Anne Cath. Vestly. Boka forsvann – slik også fleire bøker skulle forsvinne frå bokhyllene seinare i oppveksten. Då han gjekk på ungdomsskulen forsvann Pax Forlags Lille røde for skoleelever først ein gong. Så kjøpte Harald Stanghelle ei ny, men også den forsvann. Det var farens måte å subtilt reinske ut farleg litteratur på.

– Foreldra mine stolte rett og slett ikkje på intensjonen til Vestly, at ho ville mi tru – mi barnetru – vel, fortel Harald.

Harald Stanghelle vaks opp i ein familie av djupt engasjerte indremisjonsfolk. Han skildrar familietreet som gudfryktige humoristar. Djupt truande vestlendingar med glimt i auget. Kristentrua var ikkje tungsindig, men alvorleg. Dei kunne tulle, spøke og le, men om Gud fanst det inga tvil. Familien såg dei korte liva sine som små ledd i ei lang rekke, som starta heilt attende til skapinga og som skulle ta slutt på dommens dag.

– Det er jo eit svimlande perspektiv å vekse opp i.

Gjekk på alle møter, utanom med pinsevener

På Stanghelle var kristentrua aldri noko leik eller tankeeksperiment, fordi heller ikkje livet var noko leik eller dans på roser. Foreldra og besteforeldra hadde med seg erfaringane frå ei tid der ein ikkje visste om alle borna ville overleve morgondagen.

– Det djupe alvoret var småkårsfolket si trøyst. Slik har det vore til alle tider, at vi ikkje er lova noko anna enn at denne jammerdalen skal vere eit slit.

Riksvegen kom ikkje til bygda Stanghelle før Harald Stanghelle var sju år. Faren som også dreiv landhandel, frakta alt med hest og kjerre. Strenge reglar ramma inn kvardagen. Borna hadde til dømes aldri lov å gå ut og leike på Langfredag, øredobbar var forbode og ikkje eit måltid vart starta utan falda hender og bøn til Herren. Ved sidan av alt alvoret, var det òg mykje humor og varme.

– Til gjengjeld var belønninga av frelsa i det neste livet så eventyrleg stor. Det betyr ikkje så mykje korleis du har det no, seier Stanghelle om alvoret som prega oppveksten.

Harald Stanghelle vaks opp i bedehusland der det ikkje spelte noko rolle kven som heldt møte. Det kunne vere Santalmisjonen eller Blåkors, Israelsmisjonen eller Det norske misjonsselskap. «Alle» gjekk på alle møter. Så lenge det ikkje var karismatikarar eller pinsevener som kom.

– Då vart det rett og slett for mykje kjensler.

Harald Stanghelle

Klokkartru på himmel eller helvete

Jo, visst kunne Harald Stanghelle og familien tvile inni seg på om dei var gode nok i Guds auge, eller på om dei hadde tatt imot Jesus fullt og heilt. I motsetning til i dag var det likevel noko dei heldt kjeft om. Det var lite diskusjon om kva teologi eller kva form for tru som var den rette.

– Det var himmel eller helvete. Det var klokkartru på det. Du måtte velje. Det fanst inga mellomløysing.

Til dei som valde å studere teologi var det utbreidd skepsis. Mange av dei som reiste til hovudstaden for å bli prestar, mista den «rette» trua.

Noko av det som gjorde sterkast inntrykk på Harald Stanghelle etter kvart som han vart eldre, var redselen for det som familien kalla «fritenkjarar». Det var folk i offentlegheita som tenkte frie tankar om tru, tvil, Gud og heim.

– Det var det aller verste du kunne vere. Det aller skumlaste. Det var som det grøssa i folk heime på bedehuset viss dei snakka om tenkjarar eller fritenkjarar.

Alt stod jo svart på kvitt i bøkenes bok.

– Sjølv syntes eg fritenkjar var eit fantastisk flott ord.

---

Fakta: Harald Stanghelle

  • Tittel: Journalist og forfattar
  • Alder: 67 år
  • Bakgrunn: Mangeårig redaktør og kommentator i aviser som Aftenposten og Dagbladet
  • Sivil status: Gift, ei dotter og tre bonusborn

---

Prøvde å bli katolikk

Så skulle Harald Stanghelle sjølv bli ein av desse skumle, farlege fritenkjarane. Han prøvde mykje forskjellig: Først som journalist i Dagen allereie som 15-åring. Som elevrådsleiar gjorde han opprør på ungdomsskulen og flytta til Oslo då han var 17 åring. Han utvikla etter kvart ein penn som kunne skrive ting som vart lese av dei fleste – frå blekker som Dagbladet og Aftenposten. For tre år sidan gav han ut ein bestseljar om kong Harald med tittelen Kongen forteller.

Brotet med trua skjedde før det var noko karriere å snakke om. Ungdomsåra vart turbulente og opprørske.

– Eg fann ut at viss det var noko tru hos meg, så var det ikkje den eg var vakse opp med.

Harald Stanghelle sleit i mange år med alvoret frå oppveksten, og lot seg mellom anna fascinere av Den katolske kyrkja på jakt etter svar. Det vart månelyst på Stanghelle då han kom heim og sa det.

– Ein ting var å berre ikkje tru. Å attpåtil bli katolikk var så ille at det gjorde stor skam på familien.

Harald Stanghelle

Misunner dei som trur

Seinare tenker han at trua kanskje kunne overlevd under andre tilhøve, dersom han hadde hatt eit rausare miljø rundt seg som sa at det viktigaste ikkje var korleis ein trudde, men at ein trudde.

Lenge sleit han intenst med helvetesangst og redsel for å gå fortapt. Det tok mange år å forsone seg med å ikkje vere ein truande.

– Eg slutta å leite etter noko. Eg fann det, men ikkje i ei tru.

I dag misunner han mange av dei som har ei tru.

– Det er ikkje lett å tru. Men i forhold til å tvile, er det ein misunnelsesverdig tilstand, seier han.

---

4 raske

  • Gud er: Det veit eg ikkje.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Menneska som står meg nærast
  • På gravsteinen min skal det stå: Det overlét eg trygt til andre
  • Boka alle må lese: Bibelen. Den hadde fast plass i bagasjen min på turar gjennom mange år. Kjenner ingen bok som inneheld så mykje, men veg så lite som den.

---

Djup medmenneskelegheit og omsorg

Stanghelle har latt seg overraske over at religionen har fått ei slags tilbakekomst som politisk kraft, både her i landet og i andre delar av verda. Gjennom dei liberale tiåra frå 70-talet såg det lenge ut til å bli motsett. Samstundes trur han det er få i dag som får gledene ved å vekse opp som han gjorde, tett på bedehusrørsla.

– Det låg ei djup medmenneskelegheit der. Vi skulle vise stor omsorg for andre menneske.

Det har han framleis med seg i dag. Sjølv om religionen er på veg tilbake som politisk kraft, meiner han vi har tapt mykje på vegen. Til dei som seier alvoret har forsvunne, har han ei anna oppfatning.

Eg trur på alle mellomromma. Mellomrom mellom menneske, mellom kjensler, mellom handlingar. Alt det som ikkje er hogd i stein, men som er mellom det meste.

—  Harald Stanghelle

– Det er meir alvor i dagens samfunn enn det var i min oppvekst.

Han nemner krig og konflikt, skaparverkets framtid, dei store motsetningane, den skremmande polariseringa og alt det andre som neste generasjon må hanskast med. Sjølv har Harald Stanghelle vore oppteken av dei store spørsmåla, men fryktar for neste generasjon.

– Dei har fått ei arv av alvor, medan eg vaks opp med ustoppeleg moglegheitsoptimisme.

Harald Stanghelle trur på mellomromma

No tvilar den erfarne redaktøren, kommentatoren og forfattaren på det aller meste.

– Kva trur du på i dag, Harald Stanghelle?

Han ler litt av spørsmålet og nølar, før han svarar:

– Det er ganske mykje, det. Eg trur på alle mellomromma. Mellomrom mellom menneske, mellom kjensler, mellom handlingar. Alt det som ikkje er hogd i stein, men som er mellom det meste.

Stanghelle synst det er den mest spennande staden å vere.