Bilde 1 av 5

Ber bak låste dører

Fengselsprestane Terje Auli og Harald Kjær legg ut ­bønetepper og inviterer­ muslimar til samtale. Klarar­ fengsel å gjera fangar ­mindre radikale?

Reportasje

Terje Auli og Harald Kjær tek tak i kvar sin ende av bøneteppet og legg det forsiktig ned på bakken. Vårsola skin inn mellom persiennene som dekkjer dei smale, gamle vindauga i Oslo fengsel. I eine hjørnet av rommet står eit biljardbord.

– Det er plass til 25 personar. Til no har det vore alt frå åtte til 20 som har delteke, fortel fengselsprest Kjær, idet han og kollegaen legg på plass eit teppe til.

Det er klart for fredagsbøn i fengselet. Endeleg har dei fått på plass ein fast avtale med ein imam som kjem innom kvar veke. Det set dei muslimske fangane pris på, ifølgje prestane.

Kjær og Auli er blant dei som snakkar aller mest med dei innsette til dagleg.

LES OGSÅ: Fremmedkrigere motiveres ikke lenger av religion


– Det er å tru på nissen at fengselet skal greie alt samfunnet ikkje får til

Øyvind Alnæs, fengselsdirektør


Nye tiltak

I februar i fjor, om lag ein månad etter angrepa mot Charlie Hebdo-redaksjonen i Paris, melde regjeringa at strakstiltak mot radikalisering skulle bli innført i norske fengsel. Tiltaka innebar mellom anna eit livssynsteam, meir utdanning av betjentar og ei mentorordning for unge innsette (les faktaboks og undersak).

– Terroråtaka i Paris og København, spelte ei stor rolle for å trappe opp aktiviteten her heime, seier førsteamanuensis ved Kriminalomsorgas høg­skule og utdanningssenter (KRUS), Franck Orban.

(Artikkelen fortsetter under)

TILTAK: Eit prioritert tiltak for å hindre radikalisering mellom muslimar i fengsel er å tilsetje mentorar.
Oslo fengsel er Noregs største, med plass til 415 innsette. Alle foto: Erlend Berge

Det er blitt gitt midlar til eitt ekstra årsverk ved KRUS for å styrke utdanninga. Mentorordninga er etablert, men har ikkje tatt oppdrag enno. Livssynsteama er foreløpig på vent.

Ifølgje Orban er det vanskeleg å vite kva tiltak som vil fungere, fordi det finst lite forsking internasjonalt på dette området.

LES OGSÅ: Islam er ingen entydig religion

Religiøs = radikalisert?

– Kva tiltak mot radikalisering er sett i gang her?

Direktør i Oslo fengsel, Øyvind Alnæs, dreg på det.

– Vi har tenkt mykje, og ikkje gjort så mykje. Vi skulle lage livssynsgrupper og så vidare, men har ikkje kome i gang enno, seier Alnæs.

Samtidig fortel han at dei melder frå til tryggleiks­inspektøren dersom dei er bekymra for ein innsett.

– Han har ansvar for alt som har med tryggleik å gjere, og han har kontakt med PST, dersom det trengs.


– På sikt vil vi få fleire imamar i fengsla

David Hansen


David Hansen, som underviser ved KRUS, er oppteken av at fengselstilsette ikkje må forveksle religiøsitet med radikalisering.

– Mitt spesialfelt er islamsk radikalisering. Ein innsett kan vere oppteken av bønnetider og matval utan at det har noko med radikalisering å gjere, seier han.

(Artikkelen fortsetter under)

SIT INNE: «Akil» og «Malik» reknar seg ikkje som spesielt religiøse, men dei trur mange blir lett hjernevaska i fengselet.
«Akil» og «Malik» reknar seg ikkje som spesielt religiøse, men dei trur mange blir lett hjernevaska i fengselet.

Spesielt bak murane trur han det er snakk om menneske som prøver å finne seg sjølve.

– Vi må vere flinke til å ikkje berre sjå og anerkjenne korleis trua vert praktisert, men også hjelpe til. Til det har vi kompetente tilsette, som prestar. På sikt vil vi få fleire imamar i fengsla også, seier Hansen.

Fengselsprest Terje Auli fortel at dei er merksame på utfordringa som Hansen tek opp.

– Det blir snakka om, men eg opplever ikkje at tilsette forvekslar religiøsitet med radikalisering. Mange tilsette kjem til dømes til oss og ber om bøne­tepper, fordi innsette har spurt etter det.

LES OGSÅ: Saudi-moské beskyldes for radikalisering

Frå fengsel til ekstremisme.

Etter Charlie Hebdo-­angrepa i Frankrike i januar 2015, sa EUs antiterrorsjef Gilles de Kerchove at «europeiske fengsel har blitt ei massiv rugekasse for radikalisering».

Fleire av dei som har delteke i terrorangrep mot europeiske byar eller reist til Midtausten for å kjempe­ for Den islamske staten (IS) dei siste åra, har sete i fengsel:

Mohamed Merah, som i mars 2012 drap sju menneske i Toulouse-området i Frankrike, hadde tidlegare sona fleire dommar i fengsel.

Mehdi Nemmouche, som drap fire menneske under terrorangrepet mot det jødiske museet i Brüssel i 2014, sto bak ei rekke tjuveri og væpna ran, noko som hadde gitt han ein dom på fem års fengsel.

Den trulege gjerningsmannen bak København-terroren, Omas Abdel Hamid El-Hussein (22), slapp ut av fengsel to veker før angrepet. Han hadde sona ein dom for grov vald.

Chérif Kouachi, ein av brørne som sto bak angrepet på satirebladet Charlie Hebdo i januar 2015, og Amedy Coulibaly, som drap fire franske jødar på ein supermarknad, hadde blitt radikalisert i fengsel.

I mars i år meldte NRK at kvar femte danske framandkrigar har vore i fengsel. Minst 110 personar har reist frå Danmark til Syria eller Irak for å krige.

Blant norske framandkrigarar i Syria er det ikkje mange tungt kriminelle. Men fleire har mindre narkotikadommar bak seg. Likevel understrekar KRUS-forskar David Hansen at situasjonen i Noreg er ein annan enn i andre europeiske land.

– Norsk kriminalomsorg er veldig god. Betjentar har mykje lenger utdanning enn i mange land vi kan samanlikne oss med, og vi fokuserer meir på å jobbe med dei innsette, seier han.

LES OGSÅ: Hva er så forlokkende ved å ofre seg selv?

Tett kontakt

Det er høgt under taket i Botsfengselet i Oslo sentrum. Om du går inn den ­berømte Olsenbanden-inngangen, kjem du inn i det som før var kyrkjerommet. Orgelpipene heng framleis på veggen, det same gjer mosaikkane. Fengselsprest Terje Auli viser oss ein modell av slik fengselet var før. Kyrkjebenkane er delt inn i små bur – eitt til kvar innsett.

– Her skulle ein verkeleg gjere bot og betring, seier Auli og smiler.

I dag er dei meir opptekne av dynamisk tryggleik. Direktør Øyvind Alnæs forklarar:

– Det vil seie at det er tett kontakt mellom tilsette og innsette. Det sikrar tryggleik. Dei tilsette ser når noko, eller nokon, endrar seg.

(Artikkelen fortsetter under)

MEININGA MED LIVET: – Det viktig å gå i dialog med dei som står i fare for å bli radikalisert. Vi må finne ut kva dei meiner er meininga med livet, seier direktør i Oslo fengsel, Øyvind Alnæs
– Det viktig å gå i dialog med dei som står i fare for å bli radikalisert. Vi må finne ut kva dei meiner er meininga med livet, seier direktør i Oslo fengsel, Øyvind Alnæs

Alnæs tykkjer ikkje det er rart at nokon blir radikalisert i franske fengsel, fordi dei ofte har få tilsette på fleire hundre innsette. I Oslo fengsel er det 362 tilsette og plass til 415 innsette.

– Eg trur vi skal greie å fange opp dei som er i ferd med å bli radikalisert. Vi har både fengselsbetjentar, prestar og sosialkonsulentar, i tillegg til kontakt med PST, seier fengselsdirektøren.

– Vil du seie at radikalisering er eit stort problem her?

– Nei, seier Alnæs og ser bort på fengselsprest Auli.

Det er iallfall færre enn ti som er farlege ­ekstremistar, kjem dei fram til.

– Men dei kan gjere stor skade, legg Auli til.

LES OGSÅ: Føler med terroristforeldre

– Fattig etat

– Har tilsette nok tid til å snakke med innsette?

Alnæs smiler svakt.

– Nei. Eg skulle ynskje vi kunne aktivisere dei innsette meir, svarar han.

– Vi har færre tilsette for kvar innsett i dag enn før. Kutting av stillingar er den einaste måten ein kan spare pengar på, og regjeringa har kutta vårt budsjett med 0,7 prosent.

Kriminalomsorga er ein fattig etat, meiner fengselsdirektøren.

LES OGSÅ: Bekymret for radikalisering på asylmottak

Prest med teieplikt

Fengselsprestane brukar mesteparten av tida si til å snakke med dei innsette. Kjær har vore tilsett ved fengselet i fire år, og har tidlegare jobba ved andre fengsel. Han fortel om ein vanleg dag på jobb.

– Vi har morgonmøte, der eg får vite litt om kva som har skjedd i fengselet det siste døgnet. Der får eg kanskje vite om det er ein innsett eg bør snakke med, seier han.

Innsette tek også sjølve kontakt med Kjær. Han trur det ofte er godt å ha nokon å snakke med som innsett. Særleg fordi prestane har teieplikt.

– Og så har utanlandske fangar som regel eit meir avklart forhold til religion enn vi er vant til i Noreg, fortel han.

LES OGSÅ: Islamistpredikant invitert til skole i Norge


– Mange blir lett hjernevaska

«Malik», innsatt


Har ikkje opplevd rekruttering

«Akil» og «Malik», som kjem frå Midtausten og Nord-Afrika, sonar kvar sin dom i Oslo fengsel. Begge to arbeider som kyrkjetenarar for prestane.

– Vi hjelper til med å sette fram bord og sånt. Vi er begge muslimar, men det er bra å lære litt om andre religionar også. Vi har då mykje til felles, seier Akil.

Verken han eller Malik har opplevd at nokon i fengselet har prøvd å rekruttere dei til radikale grupper.

– Det var ein kurdar som sat på mi avdeling tidlegare, som støtta IS. Vi krangla om det, og det enda med at vi slutta å snakke saman. Eg veit ikkje ... Vi kom sjeldan nokon veg, fortel Malik.

– Er dette eit tema som det blir snakka mykje om mellom dei innsette?

– Nei. Vi har andre ting å tenke på, seier Akil.

LES OGSÅ: – Norge forstår ikke radikalisering

Får tilgjeving

Han trur mange som blir ­radikalisert ikkje forstår kva dei går inn i. Malik­ er einig.

– Mange blir lett hjernevaska. Dersom ein har vore innblanda i kriminalitet og kjem hit, og nokon byrjar å snakke til deg om at Gud vil tilgi deg om du gjer sånn og sånn ... Dei reinvaskar liksom seg sjølve på den måten og får tilgjeving, seier han.

(Artikkelen fortsetter under)

VAR KYRKJE FØR: I 1884 vart det bygd ein ekstra fløy med fengselskyrkje i Oslo fengsel. I dag heng mosaikkane framleis på veggen.
I 1884 vart det bygd ein ekstra fløy med fengselskyrkje i Oslo fengsel. I dag heng mosaikkane framleis på veggen.

Sjølv kjenner Malik nokon frå Oslo som var på veg til Syria for å krige. Idiotisk, kallar han det.

– Det er positivt å vere religiøs, men for å få tilgjeving kan dei heller be til Gud. Faste ein gong i året. Dra til Mekka. Hjelpe fattige, bli eit betre menneske. Gud tilgir. Men han tilgir ikkje at dei tek livet av sine eigne.

Malik har sjølv delteke på fredagsbøn i fengselet éin gong, sjølv om han ikkje reknar seg som spesielt religiøs.

– Imamen snakkar om det same som prestane. Dei fortel historier, og så ber vi, fortel han.

Skeptisk til segregering

Fleire land har ulike tiltak for å motverke radikalisering. Dei prøver seg fram, fomlar litt i mørket, ifølgje forskar Franck Orban.

I Frankrike, landet som har hatt størst problem med dette, har fengselet i byen Osny vore prøvekanin for ein kontroversiell plan sidan februar. 20 valdelege eller potensielt valdelege ekstremistar vil bli plassert i ei eiga avdeling.

Det kan både ha gode og dårlege konsekvensar, meiner Orban.

– Det avgrensar spreiingsfare av radikal tankegang. Samtidig kan det føre til isolasjonsskadar. I tillegg kan segregering ha ein sjølvforsterkande effekt, fortel Orban.

Han meiner ein risikerer å setje veldig forskjellege menneske saman – både dei som fungerer som åndelege leiarar og dei som kanskje berre har hengt seg på ekstreme miljø fordi det er spanande.

LES OGSÅ: Ble lettet da hun skjønte hvorfor unge blir ekstremister

Dilemma

Fengselsdirektør ­Alnæs i Oslo er også skeptisk.

– Dette får meg til å tenke på motorsykkelgjengane i Danmark på 1980-talet, som vart plassert i eigne avdelingar i fengselet. Det enda med at talsmannen for gjengen måtte godkjenne at fengselsbetjentane fekk kome inn på avdelinga, fortel han.

Samtidig seier han at isolering av og til er nødvendig, også i Oslo.

– Dei som er radikale, og som er sikta for det, er dei vanskeleg­aste tilfella. Isolering kan gjere dei sterkare i trua, men vi må av og til gjere det for å verne andre. Det er eit kjempedilemma, vedgår direktøren.


– Fengsel er berre ein spegel av samfunnet. Om det er dårlege sosiale vilkår, arbeidsløyse og segregering i samfunnet, slår det også ut i fengselet

Frank Orban, forskar


Etterlyser livssynsteam

På 1990-talet var det fleire satanistar og nynazistar i norske fengsel. I dag er merksemda retta meir mot ekstreme retningar innan islam. Men det er same greia, ifølgje Alnæs.

– Det er ungdom som søker tilhøyrsle i grupper. Då er det viktig å gå i dialog med dei. Vi må finne ut kva dei meiner er meininga­ med livet. Hjelpe dei å skape­ ­andre nettverk, meiner han.

I Oslo fengsel har dei til dømes samtalar med unge innsette som har ein annan kulturell bakgrunn enn nordmenn flest. Til­taket er i regi av den lokale skulen.

– Vi vil finne ut kva som ­rører seg i deira miljø, og snakke om verdiar og haldningar, fortel fengselsprest Kjær.

Akkurat her skulle han ynskje dei annonserte livssynsteama – med representantar frå fleire trussamfunn – var på plass.

– Vi kunne vore eit godt døme for dei innsette. Det er ikkje sikkert vi hadde vore einige om alt, men vi kunne greidd å ha ein dialog likevel.

LES OGSÅ: Ber foreldre stoppe radikalisering

– Som å tru på nissen

Men kan fengselet løyse problema der samfunnet kjem til kort? Nei, meiner Franck Orban.

– Fengsel er berre ein spegel av samfunnet. Om det er dårlege sosiale vilkår, arbeidsløyse og segregering i samfunnet, slår det også ut i fengselet, seier forskaren.

Fengselsdirektør Alnæs er einig.

– Du kan tenke deg om det kjem ein mann på 30 år inn her. Skal vi reversere det han har lært på 30 år i løpet av tre-fire år? Det tek gjerne dobbel så lang tid å avlære ting som å lære dei. Det er å tru på nissen at fengselet skal greie alt samfunnet ikkje får til, seier han.

LES OGSÅ: Rektor: – Vi mislyktes med IS-ungdommene

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje