Bilde 1 av 9

Bygde småbruket om til tempel

Etter 40 år med loppemarknadar, boksal og pilegrimsturar, står buddhisttempelet på Bjørndal i Oslo endeleg ferdig. Midt i eit byggefelt.

Reportasje

Seks personar sit på rad, med beina i kross. Kvar har ei raud pute under seg. Framfor dei står små trebord. Dei ser fram mot den to meter høge, gullfarga buddhafiguren, som er plassert midt på veggen framfor dei. Klokka er sju om kvelden. Det er heilt stille.

Ein lama – den åndelege leiaren – kjem inn i rommet, og set seg i midten. Alle byrjar sakte å messe i kor. Orda er framande, og gjenklangen i rommet gjer at alt flyt saman. Lamaen ser mot buddhaen, dei andre har auga lukka. Stemma hans durar taktfast, djupare enn dei andre. Så blir det heilt stille.

I tretti minutt.

LES MEIR: Trur tempel vil lokke nye tilflyttarar

40 års jubileum

Det var i 1975 at ei gruppe buddhistar etablerte seg på Bjørndal utanfor Oslo. Her kjøpte dei eit nedlagt småbruk midt i skogen.

- Vi var 16 personar, og vi fann ei tomt der det sto 13 bilvrak. Den fekk vi leige av kommunen for 200 kroner månaden, minnast Flemming Skahjem-Eriksen.

13. juni i år var det akkurat 40 år sidan buddhistsamfunnet Karma Tashi Ling (KTLBS) vart stifta. Skahjem-Eriksen har vore med sidan byrjinga. I dag jobbar han i Buddhistforbundet i Noreg.

– Vi var ein gjeng med hippiar som ville dyrke buddhismen og finne oss sjølve. Det var mange rare idear, fortel han.

Han skildrar tida fram mot det nye tempelet som «spesiell». Prisen kom til slutt på 13 millionar kroner. Dei har finansiert bygginga med lån, loppemarknadar, boksal og kurs. I fjor fekk dei også inn over 1 million kroner i donasjonar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Open dag

I dag er småbruket erstatta av eit splitter nytt tempel – det første, spesialbygde, tibetansk-buddhistiske tempelet i Norden, ifølgje dei sjølve – og KTLBS-samfunnet har over 800 registrerte medlemmar.

Skogen har minka sidan 70-talet. Det 630 kvadratmeter store tempelet er omringa av bustadhus på alle kantar. Men mange tre står att. Fulle av sommarblad bøyer dei seg i vinden saman med dei fargerike flagga som heng rundt tempelet.

Det er laurdag og open dag. Tempelet vart opna 2. juni i år, og fleire naboar kom innom då. I dag får dei endå ein sjanse. Alle som bur i området har fått informasjon i postkassa, og på trappa sit prosjektleiar for det nye tempelet, Ole Petter Sverre, og ventar.

Bøneflagg

– Kva er det, spør Johanne Grindahl, og peikar opp mot taket.

Ho står i meditasjonsrommet – «gompaen» – i det nye tempelet, og ser opp mot flagga som heng langs taket på eine sida. Grøne, blå, gule, raude, med nokre skrifter på. 14-åringen er ein av tempelets næraste naboar.

– Det er bøneflagg, fortel Skahjem-Eriksen.

På bøneflagga står det velsigningar, som vinden skal spreie. Buddhistar trur at dette har ein beskyttande funksjon.

Følg serien i sosial medier: #detreligiøsenorge

Nysgjerrige naboar

Johanne og foreldra går rundt i «gompaen». Ser på buddhaen med dei sju lysskålene framfor seg, bileta på veggane, putene som brukast under meditasjonen. Dei er komne på open dag fordi dei er nysgjerrige.

– Vi ser tempelet frå huset vårt, men vi merkar ikkje mykje til dei som er her, fortel mor Gunn Tove Grindahl.

Andre naboar kikar inn porten mot tempelet, men vågar ikkje kome inn. Men familien Grindahl får omvisning og har mange spørsmål. Dei tykkjer tempelet er blitt veldig fint.

Men Johanne er usikker på om ho kunne blitt med på meditasjon. Det er gruppemeditasjon i tempelet kvar dag, klokka sju om morgonen og klokka sju om kvelden.

– Det kjem an på kor lenge ein må sitte stille, seier 14-åringen og smiler.

Ein balansegang

Ein av dei som ofte deltek på gruppemeditasjonane, er styreleiar i Karma Tashi Ling buddhistsamfunn, Ole Henning Sommerfelt.

– Min inngang til buddhismen var ei reise til Nepal, der eg kom i kontakt med tibetansk buddhisme. Eg vart inspirert av deira veremåte, den venlegheita dei utstrålte, fortel han.

Gradvis tok Sommerfelt meir og meir del i buddhistsamfunnet på Bjørndal. No har han vore del av styret i sju år.

Ifølgje Sommerfelt kan det vere ei utfordring å vere buddhist i dagens, norske samfunn, der alle knyter seg tett til materialistiske ting.

– Det er lett å bli distrahert. Det kan vere utfordrande å setje av tid til meditasjon. Ein treng meir disiplin for å få det til i dagens samfunn, meiner han.

– Samtidig brukar vi moderne hjelpemiddel i verksemda her.

– Så det er ein slags balansegang?

– Ja, det kan du seie.

Hovudlama på toppen

Gruppemeditasjonen i tempelet blir leia av hovudlamaen i tempelet. Lama Changchub bur i den øvste etasjen, der han har god utsikt over Bjørndal. Han har budd her sidan 1992.

Då vi kjem på besøk, høyrer vi ei britisk stemme som strøymer ut av ein telefon som ligg på sofaen.

– Eg høyrer berre litt på BBC, seier lamaen, og skrur av telefonen.

Lama Changchub er fødd i Nepal, med tibetanske foreldre. Han hugsar den første tida i Noreg som utfordrande.

– Eg kom seint på hausten. Det var kaldt. Så kom vinteren. Eg har ikkje noko problem med vinter, eigentleg, men her i Noreg er den veldig lang, seier han og smiler forsiktig.

– Vurderte du nokon gong å reise?

– Ja, tanken streifa meg. Som lama er eg ikkje forplikta til å bli, men eg vart invitert hit av den gamle lamaen og buddhistsamfunnet her. Då den gamle lamaen døydde i 1994, kunne eg ikkje reise, seier han.

Mykje arbeid har endra seg på Bjørndal sidan den gong.

– Det vart vanskelegare og vanskelegare å reise, etter kvart som ting kom i orden. Eg er veldig glad for det nye tempelet, seier lamaen og smiler.

Bur i tempelet

Lamaen står opp halv sju kvar dag, av og til før. Det gjer også bebuarane. Tre personar har nemleg tempelet som sin bustad. Marte Møller og dei andre flytta inn i januar i år. Då var det framleis halvvegs byggeplass, halvvegs tempel.

– Det var ikkje golv i «gompaen», til dømes, fortel ho.

Vi sit i underetasjen. Ut vindauget ser vi eitt av nabohusa. Inne er det eit bord med kjeks, kaffi og te, romma til bebuarane, og ein liten kjøkkenkrok. Vatnet i vasken dryp taktfast, saktare og saktare, nesten meditativt. Det er høgt under taket og det gjallar litt i veggane når vi pratar.

– Korleis er det å bu her no?

– Det er veldig fint. Veldig annleis. Eg budde tidlegare i ein hybel i Trondheim, så eg vart glad då eg høyrde at eg fekk bu her, seier Marte, som aldri har budd i eit tempel før.

Bebuarane har praktiske oppgåver, alt frå å måke snø til å vaske og rydde. Karmayoga, kallar Marte det. Ho ynskjer å bu her fordi ho vil fordjupe seg i buddhismen.

– Vi får praktisert mykje, og det er fint å ha folk rundt meg som har det same livssynet. Eg følte meg ganske åleine i Trondheim, og det er mykje vanskelegare å praktisere buddhismen åleine. Og så er det fantastisk å bu i same hus som ein lama, seier ho og smiler.

Full oppvakningAv og til kjem det folk innom som ikkje er medlem i buddhistsamfunnet. Folk som berre er nysgjerrige.

– Vi har ymse kurs, så kanskje dei prøvar det ei stund, fortel Flemming Skahjem-Eriksen.

Men kurset kan by på utfordringar for somme.

– Buddhismen tek sikte på å ta deg til full oppvakning. Det er ein oppoverbakke, der ein må gå mot egoet sine tendensar. Somme oppdagar etter kvart at buddhismen er meir enn ei kul trusretning som handlar om sunn mat og meditasjon, seier han.

Ole Henning Sommerfelt trur det er eit stort spenn i kva ikkje-buddhistar i Noreg assosierer med religionen.

– Det går frå dei som ikkje kjenner buddhismen i det heile, til dei som er inspirert av Dalai Lama, seier han.

– Mange ser på buddhismen som ein fredeleg religion. Men om ein ser på noko av det som skjer i Myanmar no, så ser ein at det ikkje alltid er nok å kle seg i ei buddhistisk drakt.

Rohingyane – ei muslimsk folkegruppe i Myanmar – er ei av verdas mest forfølgde grupper. Fleire har blitt drivne på flukt eller drepne dei siste åra av ekstreme buddhistar.

Slutt på dagenLama Changchub gjespar. Marte voggar så vidt fram og tilbake. Det er framleis heilt stille. Det einaste som røyver seg er trea utanfor. Frå taket heng runde lampar, lyst opp av sola som strøymer inn glasa.

Når det har gått omtrent tretti minutt, løftar lamaen ei bjølle og lyden gir gjenklang i rommet. Det er som om alle vaknar. Dei reiser seg, og strekker smilande på kroppen. Kveldsmeditasjonen er over i Bjørndal.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje