Religion

Kjetil Haga har trekt søknaden til toppstilling i kyrkja

LEIARJAKT: Kyrkjeverja i Oslo, Kjetil Haga, var éin av søkarane til toppleiarstilling i Den norske kyrkja. No har han trekt søknaden.

15. april gjekk fristen for å søke på jobben som ny kyrkjerådsdirektør ut.

For halvannan veke sidan meldte Vårt Land at fire kvinner og seks menn hadde søkt på stillinga. I tillegg hadde det kome éin søknad som alt var trekt tilbake. Og no gjeld dette også Kjetil Haga sin søknad.

Han har vore kyrkjeverje i Oslo sidan 1. februar 2022.

– Kvifor trekte du søknaden din?

– Det er rett og slett fordi eg ikkje har vore så lenge i jobben i Oslo, og me er for tida inni mange store og viktige prosessar. Eg fann ut at det ikkje er rett tidspunkt no, og at eg gjerne vil halde fram i denne jobben ei stund til.

Desse prosessane handlar mellom anna om arbeid knytt til kommunal finansiering, samspel mellom bispedømeråd, fellesråd og kyrkjelydar og fleire utviklingsprosjekt i byen, forklarar Haga.

Etter at det blei kjent at eg hadde søkt, har mange i Oslo sterkt oppfordra meg til å bli verande ei stund til

—  Kjetil Haga, kyrkjeverje i Oslo

Direktøren for Kyrkjerådet er den øvste, administrative leiaren for Den norske kyrkja, og har personalansvar for dei om lag hundre personane i sekretariatet til Kyrkjerådet.

Noverande direktør er Ingrid Vad Nielsen, som har hatt stillinga sidan 2018.

Har fått oppfordringar

– Kva gjorde at du fyrst landa på å søkje, for så å ombestemme deg?

– Det er ei heilskapleg vurdering. Men etter at det blei kjent at eg hadde søkt, har mange i Oslo sterkt oppfordra meg til å bli verande ei stund til, fortel Haga.

Likevel trur han jobben som kyrkjerådsdirektør kunne vore både meiningsfull og utfordrande.

---

Desse søkte om å bli kyrkjerådsdirektør

  • Kjetil Haga (56) kyrkjeverje (har trekt søknaden)
  • Eigil Morvik (58), stiftsdirektør
  • Ingelin Noresjø (48), dagleg leiar
  • Stephen Sirris (46) Prodekan/professor II
  • Terje Baugerød (59) Kantor/organist
  • I tillegg har fem andre søkt på stillinga, men deira namn er ikkje gjort offentlege
  • Éin person trekte søknaden sin før søkjarlista blei gjort offentleg

---

Ny kyrkjerådsdirektør skal etter planen bli tilsett på møtet til Kyrkjerådet 23.-25. mai.

Kyrkja har leigd inn rekrutteringsbyrået Hodejegerne til å bidra i prosessen.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion