Religion

No er det fleire kristenruss enn på 14 år

HØGE MEDLEMSTAL: Krusseleiar trur det kan henge saman med eit større behov for tilhøyrsel, men meiner også det handlar om å vere ein motreaksjon.

– Eg trur at det no er eit større behov for ein motreaksjon i russekulturen, seier Line Marie Hverven Engemoen.

Ho er tilsett som leiar for Krussen, og var sjølv russ i 2013. Ein må enda tre år tilbake, til 2010, for å finne høgare medlemstal enn no.

Foreløpig har 765 meldt seg inn i år. Mellom 2011 og 2022 låg snittet på 566 medlemmar. Dagen omtalte nyheita først.

– Eg trur dei merker at det er mykje i den generelle russekulturen som dei ikkje kan stå for, og at dei treng noko anna som kan representere dei, og som har dei verdiane dei sjølv står for, seier krusseleiaren til Vårt Land.

Større «statement» å vere kristenruss

Hverven Engemoen trekk fram at russetida er prega av grupper, og at ei tilhøyrsel til Krussen derfor kan ha blitt viktigare. Også det å ha eit alternativ til den ordinære russefeiringa, som ser ut til å ha blitt meir og meir ekstrem.

Kristenruss

Leiaren seier ho får tilbakemeldingar frå russ om at valet om å vere kristenruss blir forstått stadig mindre.

– Det kan handle om debattane som føregår i samfunnet i dag. At ein blir opplevd meir ekstrem viss ein har eit kristent verdisett, enn det blei tidlegare, seier ho, og legg til:

– Det kan hende at det å velje å vere kristenruss, å feste dei «patcha» på buksene sine, er eit enda større statement enn det har vore tidlegare, men at det kanskje er ein litt modigare generasjon enn det min var for elleve sidan. Dei tør å liksom å brande seg som kristenruss i år, sjølv om det kanskje er eit enda større, litt meir ekstremt statement.

– Kan hende det har blitt større fokus på feiring

Men også uttrykket til kristenrussen har endra seg i takt med ei endring av kulturen. Innhaldet skal vere prega av evangeliet, men forma må også vere relevant for unge, for at dei skal kunne stille seg bak, meiner leiaren.

– Det kan nok hende at det har blitt større fokus på feiring i kristenrussen dei siste ti åra. Jesus skal alltid vere sentral, men det skal ikkje vere ei mindreverdig russefeiring. Det skal vere ei like god feiring, sjølv om det ikkje er rusmiddel og alkohol.

For eksempel trekk ho fram at dei ønskjer å lage gode konsertar, at dei lagar ei krusselåt, og ønskjer mykje liv og moro på det årlege russetreffet Krussen arrangerer.

Det kan nok hende at det har blitt større fokus på feiring i Kristenrussen dei siste ti åra. Jesus skal alltid vere sentral, men det skal ikkje vere ei mindreverdig russefeiring.

—  Line Marie Hverven Engemoen

– Har det vore nødvendig å også ha meir festing og konsertar og slikt for at folk skal ønskje å bli kristenruss?

– Eg trur det. Det kan hende at nokon vil vere ueinige i det. Men eg veit jo, blant venner og då eg sjølv var kruss for elleve år sidan, sjølv om det var feiringar og konsertar då også, at dei som var kruss blei sett på som litt kjedelege.

Line Marie Hverven Engemoen. Leder i Krussen.

Langt fleire påmelde til russetreffet i år enn i fjor

Siste helga i april skal fleire hundre russ møtast på Krussens årlege russetreff. Så langt er det 556 påmelde, mot 354 selde billettar ved slutten av arrangementet i fjor.

Dei satsar på i alle fall 600 totalt dette året.

– Det kan nok hende at vi har lagt ned litt meir tid i promotering i år enn i fjor, og så kan det nok ha noko å gjere med at vi har flytta lokasjonen frå Hedmarktoppen til Kristiansand, seier krusseleiaren.


---

«Krussen»

  • Kruss er ei forkorting av kristenruss.
  • Ifølgje nettsida deira skal Krussen «Bygge fellesskap, dele opplevelser, og spre Guds godhet og kjærlighet».
  • Krussen er eit partnarsamarbeid med Bibelselskapet, Stefanusalliansen, Ungdom i Oppdrag og Laget.


Kjelde: krussen.no

---


Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion