Religion

Den amerikanske trenden er ikkje komen hit, meiner forsker

USA: Ei spørreundersøking viser at «generasjon Z» er den første i USA der fleire kvinner enn menn forlét kristen tru.

Ei ny amerikansk spørjeundersøking viser at «generasjon Z» er den første generasjonen der fleire kvinner enn menn rapporterer at dei har forlate den kristne trua.

«Generasjon Z» refererer til unge fødd i 1997 eller seinare. Undersøkinga viser at 54 prosent av dei som har forlate trua er kvinner, mot menn som utgjer 46 prosent. I dei tre andre kategoriane av generasjonar, alle i eldre aldersgrupper, er det mennene som står for størsteparten.

Men kan skiftet også ha skjedd i Noreg?

– Eg såg berre litt kjapt på tala no, og det korte svaret er nei.

Det seier Ingrid Storm, sosiolog og professor på MF vitenskapelig høyskole.

Samansette årsaker

Det er organisasjonen Survey Center on American Life som står bak studien. Organisasjonen trekk fram ein oppgang i feminisme blant kvinner, og at unge kvinner i dag er meir skeptiske til institusjonar som held tradisjonelle sosiale ordningar, som kjønnsroller, ved like. Det er fleire som meiner at kyrkjer ikkje behandlar kvinner og menn likt.

Ingrid Storm

Noko av grunnen kan også vere ein auke i LHBTQ-identitet blant unge kvinner, meiner forskingsorganisasjonen. Ei tidlegare spørjeundersøking seier at 6 av 10 som forlét barndomstrua, sa at «negativ behandling av homofile og lesbiske personar» var ein viktig årsak.

Sosiolog Storm trekk også fram at koplinga mellom politikk og religion i USA er tett.

– Antakeleg ligg det nokre politiske årsaker bak dette. Tilknytinga til kristennasjonalisme, abortmotstand og slike ting kan liggje bak at ein del amerikanske kvinner vel å ta avstand frå ei tilhøyrsel eller nemning som kristen i større grad enn menn, seier ho, og legg til:

– Folk som har andre meiningar, er kanskje meir forsiktige med å kalle seg kristen fordi det kan bli oppfatta som eit politisk standpunkt.

Noreg følgjer ikkje trenden - enno

I Norge er det ikkje store forskjellar i kor stor grad kvinner og menn har forlate religionen, ei heller mellom generasjonane, ifølgje sosiologen.

– Så eg ser ikkje nokon indikasjonar på at dette skjer i Noreg, eller blant yngre generasjonar.

Det er framleis fleire kvinner enn menn som tilhøyrer kristne kyrkjesamfunn i Norge, seier Storm. Ho meiner det er interessant at det ikkje har skjedd ei større endring i Noreg knytt til kjønnsforskjellane, då menn og kvinner har nærma seg kvarandre på andre område i samfunnet, for eksempel arbeidsliv.

– Det kan tenkjast at det er noko som kjem i generasjonane etterpå. For generelt sett tar religiøs endring ganske lang tid. Det skjer i hovudsak gjennom generasjonsskifte.

– At det også skal vere ei endring av kjønnssamansettinga er kjempespennande

Storm meiner tilknytinga mellom politikk og religion er noko av grunnen til at den amerikanske situasjonen er ulik frå den norske. Men ho trekk også fram at det er ei større grad av religiøsitet i USA, både fordi dei er seinare ute når det gjeld sekularisering, men også fordi dei praktiserer det på ein annan måte.

I gjennomsnitt er amerikanarane som svarer «ingen» på spørsmål om dei høyrer til ein religion, omtrent like religiøse som dei som kallar seg kristne i Noreg.

—  Ingrid Storm, sosiolog og professor på MF Vitenskapelig Høyskole

– Eg synest også det er verdt å merke seg at i USA er det langt fleire enn i Noreg eller Europa som trur på Gud, les Bibelen og ber utan å kalle seg kristen. Så i gjennomsnitt er amerikanarane som svarer «ingen» på spørsmål om dei høyrer til ein religion, omtrent like religiøse som dei som kallar seg kristne i Noreg.

Ho meiner at det derfor er uklart kor mykje tala seier om religiøsitet generelt.

Men endringa kan også ha med at USA, ifølgje sosiologen, er inne i ein kraftig sekulariseringsperiode generelt.

– At det også skal vere ei endring av kjønnssamansettinga er kjempespennande, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion