Religion

Kan bli toppsjef i Den norske kyrkja: – Statskyrkjementaliteten heng framleis att

DEN NORSKE KYRKJA: Harald Hegstad stiller til val som kyrkjerådsleiar. Dette seier han om konservative si plass i kyrkja og om sin eigen sjans til å vinne.

– Det handlar om at det alltid kjem nokon og ordnar opp. Ein har ein sikkerheit. Staten går ikkje konkurs.

Harald Hegstad forklarar kva han legg i omgrepet «statskyrkjementalitet».

Lågmælt legg han ut om observasjonar han har gjort seg om desse etterlevningane etter ei anna tid.

– Me har avvikla statskyrkja reint organisatorisk, men eg trur ein del av statskyrkjementaliteten framleis heng att, seier Hegstad.

---

Kven skal leie Kyrkjerådet?

  • 12. april blir det valt ny leiar av Kyrkjerådet i Den norske kyrkja (DNK), på Kyrkjemøtet i Trondheim.
  • To teologar står til val til vervet: Gard Sandaker-Nielsen og Harald Hegstad.
  • Dei representerer høvesvis Open folkekyrkje og Nominasjonskomiteens liste.
  • I to intervju får du bli betre kjend med dei to.

---

– Har mest lyst å sleppe

Teologiprofessoren og kyrkjepolitikaren stiller til val som den øvste folkevalde leiaren i Noregs desidert, største medlemsorganisasjon: Den norske kyrkja (DNK).

– Eg har vore i dette «gamet» i ein del år no, og det å få sjansen til å gå inn ei slik rolle verkar både spanande og utfordrande, seier Hegstad om kvifor han kan tenkjer seg leiarvervet.

Dessutan trur han at han har gode føresetnadar for å kunne vera ein god og samlande leiar.

Men på spørsmål om kva han gruar seg til skulle han bli valt, er det spesielt éin ting som stikk seg fram. I forbindelse med statsbudsjettet som blei lagt fram i fjor haust, ytra fleire opposisjonsparti ynskje om å kutte i tilskota til Den norske kyrkja.

Det må vera eit mål og ikkje bruke ei krone meir på administrasjon enn det som er strengt tatt nødvendig

—  Harald Hegstad

Også internt i kyrkja har diskusjonen om korleis ein skal sikre framtidas finansiering rulla og gått.

– Utfordringa rundt kyrkjeøkonomi er noko eg kan kjenne på at eg har mest lyst å sleppe. Men når det er sagt trur eg det er mogleg å finne løysingar.

Han nemner gjevarteneste og prosjektstøtte frå kommunen som døme.

– Me må tenkje kreativt, men det offentlege er forplikta til ei grunnleggjande finansiering av Den norske kyrkja, så det er ikkje noko politikarane kan rømme unna, understrekar han.

– Ikkje sjølvsagt at kyrkja er der i morgon

Og det er her han er redd for at ein lang statskyrkjearv kan gjera at ein ikkje tek nok innover seg det store ansvaret som no kviler på kyrkja sjølv.

– Det er ikkje sjølvsagt at kyrkja er der i morgon. Det er me som er i kyrkja i dag som har ansvar for at den også er der i morgon.

Harald Hegstad er nominert til å bli leder av Kirkerådet. Den norske kirke.

Han meiner det må jobbast med ei kulturutvikling i kyrkja. Og at ein må finne balansen mellom å sjølvsagt ta og krevje plass i det offentlege rom, men samstundes hugse at ein ikkje lenger har eit monopol på religion og tru.

– Det at staten måtte sørgje for å halde kyrkja saman gjorde også at me kunne tillate oss luksusen med å krangle med kvarandre, meiner Hegstad.

I dag skulle han ynskje at ein innanfor kyrkja var flinkare til å dra mot same mål.

– Det er ikkje andre i kyrkja som er motstandarane våre. Det er dei som vil noko heilt anna enn oss med samfunnet. Me må vera på same lag.

I løpet av åra han har vore i kyrkjepolitikken har han opplevd ein manglande tillit på tvers av ulike nivå, råd og grupperingar.

– Det kan gjera at ein er redd for at balansar skal skifte, og at ein dermed vegrar seg for endring. Ein treng tillit for å skape og gjennomføre naudsynte endringar.

Ingen skal kastast ut når ein endrar politikken på eit eller anna område. No er det særskilt mange konservative grupper som føler seg utsett

—  Harald Hegstad

Farleg å setje grupper opp mot kvarandre

Han vil gjerne skryte av noverande kyrkjerådsleiar, Kristin Gunleiksrud Raaum, si evne til å byggje tillit på tvers i kyrkja.

Det er noko han gjerne vil halde fram med, får han sjansen. For noko av det beste med Den norske kyrkja meiner han er kor stor breidde av menneske og tru den rommar.

Alt frå dei med eit verkeleg brennande engasjement til dei med eit meir distansert, kanskje folkekyrkjeleg, forhold til kyrkja.

– Å setje desse opp mot kvarandre er farleg. Kyrkja skal vera begge delar. At me skal romme alt dette er noko av det beste frå statskyrkjearven, meiner Hegstad.

Breidda bør også gjelde andre område, meiner professoren. Som teologi.

– Ingen skal kastast ut når ein endrar politikken på eit eller anna område. No er det særskilt mange konservative grupper som føler seg utsett, og lurar på om det er pass til dei i kyrkja. Til dei vil eg seie at så lenge dei sjølve ikkje definerer seg ut, så er det plass til dei.

– Kva legg du i å definere seg sjølv ut?

– Å melde seg ut eller seie at dei ikkje lenger vil vera med.

– Og korleis ser du for deg å greie å vera ein samlande leiar for heile denne breidda?

– Ved å snakke godt saman og ha ein grunnleggjande respekt for dei som meiner noko anna enn meg sjølv, seier Hegstad.

Det at staten måtte sørgje for å halde kyrkja saman gjorde også at me kunne tillate oss luksusen med å krangle med kvarandre

—  Harald Hegstad

Får han støtte frå dei konservative listene?

Teologen seier han føler han har god kontakt med ulike delar av kyrkja.

– Så må andre svara på om dei har tillit til meg.

– Men det vil vise seg, legg han til.

– Trur du dei som er valt inn på Kyrkjemøtet frå Bønnelista og Frimodig kyrkje kan stille seg bak deg som kandidat?

– Eg vil ikkje utelukke det, men det får dei i grunnen svare på sjølve.

Om sjansen for å vinne

For medan Open folkekyrkje fekk inn 34 kandidatar i Kyrkjemøtet, har Nominasjonskomiteens liste 26.

Mest spenning er det kanskje knytt til kven dei som ikkje tilhøyrer ei slik liste vil stemme på. Blant desse er mellom anna dei 22 representantane for dei tilsette i DNK og alle biskopane.

– Trur du du har gode sjansar for å vinne valet?

– Eg trur eg har ein reell sjanse for å bli valt, ja. Men ingenting er avgjort før det er avgjort.

– Det handlar om å forkynne evangeliet til det norske folk

Og endar han opp som kyrkjerådsleiar er han tydeleg på éin ting.

– Det er lett å bli oppteken av det strukturelle og administrative. Men alt må vera retta mot oppdraget. Det handlar om å forkynne evangeliet til det norske folk.

Harald Hegstad er nominert til å bli leder av Kirkerådet. Den norske kirke.

Ein naturleg konsekvens av dette meiner han er at fokuset skal liggje på det som skjer lokalt i kyrkjelydane.

– Det er viktig at me som sit på Kyrkjemøtet og i bispedømeråda hugsar at det me driv med der fyrst og fremst er ein støttefunksjon. Det må vera eit mål og ikkje bruke ei krone meir på administrasjon enn det som er strengt tatt nødvendig, slik at dei heller kan bli bruka av mellom anna prestar, diakonar, trusopplærarar, og kyrkjemusikarar ute i kyrkjelydane. Det er der me møter menneske.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion