Nyheter

Rekordstort medlemsras i Svenska kyrkan

Reiligionssosiolog gir finanskrisa skulda.

72.000 svenskar melde seg ut av Svenska kyrkan mellom november 2008 og oktober 2009, viser statistikk frå det svenske telegrambyrået TT. Det er 20.000 fleire enn året før.

LES MER: Kyrkans aksjer faller

Spesifisert kyrkjeskatt. Utmeldinga var på topp etter at kyrkja i 2004 fekk eit nytt forhold til staten. I fem år har svenske skattebetalarar sett på skatteseddelen kor mykje dei betalar i kyrkjeskatt. Nå trur religionssosiolog Jonas Bromander at tynnare lommebøker er ei av årsakene til at fleire melder seg ut.

Han viser til at ein by som Göteborg prosentvis har fleire utmeldingar enn Stockholm.

Det kan vere fordi Stockholmsområdet ikkje er like hardt råka av lågkonjunkturen som Göteborg, seier Bromander til Svenske Dagen.

LES MER: Konservative vant svensk kirkevalg

Finanskrise. Kyrkja sjølv trur og at finanskrisa er ei av grunnane til at dei mistar medlemmer.

Vi tolkar dette som at det er den allmenne situasjonen i samfunnet som påverkar. Det kan vere økonomiske årsaker som får folk til å forlate kyrkja, seier Henrik Pederby, informasjonssjef i Svenska Kyrkan, til TT.

LES MER: Svenska kyrkan skal vie homofile

Ingen homoeffekt. Avgjerda om at kyrkja kan vige homofile par ser ikkje ut til å påverka utmeldinga, sidan utgangen av kyrkja er jamnt fordelt over heile året.

Vigselsavgjerda har ikkje hatt nokon effekt, seier Pederby, ifølgje avisa Dagens Nyheter.

Mer fra: Nyheter