Nyheter

Raudhåra bispeson nekta å banne

Halvor Nordhaug fekk gjennomgå i skulegarden.

Å vere son til presten er ikkje alltid like lett, fortalte preste- og bispeson Halvor Nordhaug då han svarte på spørsmål frå tiendeklassingar på Radøy ungdomskule denne veka.

– Eg vart ein del mobba for det, spesielt då eg var åtte til tolv år. Eg var ganske tjukk, hadde rødt hår og frekner og ein pappa som var prest. Det til saman gjorde nok at eg låg godt an for å bli eit mobbeoffer, sa den noverande Bjørgvin-biskopen ifølgje Strilen.

– Ein gong var det nokon som løfta meg opp etter ein vegg og skulle trua meg til å banna, men det klarte dei ikkje. Eg banna ikkje, i alle fall ikkje då, hevda biskopen.

– Bra løn. Nordhaug svarte også på spørsmål om lønna si, som er på 870.000 kronar. Det er mykje, meinte tiandeklassingane.

– Ja, det er ganske bra. Når ein tener så bra som det eg gjer, så synest eg at ein har eit ekstra ansvar for å bruka pengane fornuftig og gje litt til gode føremål, sa biskopen.

Om sex før ekteskapet sa han:

– Eg meiner at sex er noko ein deler med nokon ein er veldig glad i, og at verkeleg kjærleik er trufast. Difor meiner eg også at det er innanfor rammene av ekte­skapet at sex har sin fulle plass.

Homofili. Om homofili:

– Bibelen er klar på at sex er noko ein har mellom menn og kvinner, men me har nokre homofile prestar i Noreg. Nokre lever i saman med andre, dei fleste gjer det ikkje, sa biskopen ifølgje Strilen.

– Ein kan meina mykje om homofili. Det er eit omfattande spørsmål, så de skal få kortversjonen. Det opprører meg når eg ser på fjernsyn og høyrer historier om folk som vert forfylgt og fengsla fordi dei er homofile. Eg er glad for at me bur i eit land der homofile har dei same menneskerettane som alle andre, men det betyr ikkje at eg meiner at det er rett at homofile inngår ekteskap.

Mer fra: Nyheter