Nyheter

Ortodoks kyrkjetopp: Homofili-saka skaper kyrkjekrise

Patriark Kirill med klar tale til Olav Fykse Tveit.

Måndag møtte generalsekretær Olav Fykse Tveit i Kirkenes Verdensråd (KV) patriark Kirill, den øvste leiaren for den russisk ortodokse kyrkja, i Moskva.

I følgje Fykse Tveit var Kirill svært direkte i åtvaringa til det tverrkyrkjelege, økumeniske, fellesskapet:

– Han tok opp på ein open og direkte måte det han karakteriserte som ei krise i den økumeniske rørsla, sa Tveit.

– Kirill følgde opp signal han har komme med ei tid, la KV-generalen til, ifølgje den kyrkjelege nyhendetenesta Ecumenical News International.

Ifølgje Olav Fykse Tveit var Kirill uroleg for at fleire protestantiske kyrkjer endrar si holdning til og gir meir rom for homoseksualitet og at avstanden mellom kyrkjesamfunna aukar.

– Han utfordra meg og Kirkenes Verdensråd på korleis vi tek opp denne røyndommen, sa Fykse Tveit.

Møtet måndag vart halde etter ei gudsteneste i Uspenskijkatedralen eller Maria himmelfart-katedralen i Kreml i Moskva. Kirill snakka der om misjon blant unge og å etablere ei undervisningsteneste i alle kyrkjelydar.

Fykse Tveit understrekar for sin del kor viktig den russisk ortodokse kyrkja er i den økumeniske rørsla og «som eit vitne om kristen tru i verda».

– I tidlegare tider kan den russisk ortodokse kyrkja hatt behov for Kirkenes Verdensråd, seier Tveit med referanse til kommunisttida i Sovjetunionen der KV gav den russisk ortodokse kyrkja ein kanal til verda utanfor.

– Men i dag er det KV som treng den russisk ortodokse kyrkja, seier Fykse Tveit.

Den russisk ortodokse kyrkja blei med i KV i 1961 og er den største medlemskyrkja. Den har fem av 150 medlemmar i sentralkomiteen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter