Anmeldelser

Til himmels med gangar og pols

I haust vart det feira folkemusikkgudsteneste i Ål kyrkje. Opptaket som vart gjort, er no gitt ut på plate til inspirasjon og glede.

Det er truleg ikkje mange kyrkjelydar som har så rike folkemusikkressursar som Ål, men den musikken som dette miljøet har skapt, kan nyttast òg i mindre format.

Folkesjela. Det er mykje tale om nye former for musikk i gudstenesta i Den norske kyrkja for tida, og det vi finn på plata Til himmels med gangar og pols er kan hende det næraste ein kjem røtene i den norske folkesjela. Folkemusikken som fløymer her, er glad og open. Melodiane lokkar oss til å syngja med, ikkje minst messeleddet Gloria er som feiande pols skikkeleg medrivande.

Lur og orgel. Instrumenta som er tekne i bruk på denne plata, er eit artig orkester: bukkehorn, lur, trekkspel, fele og kyrkjeorgel. Det rare er at dei fungerer fint saman. Dette kjem godt fram både på messeledda og i dei mange innslaga med salmesong og solosong.

Denne gudstenesteforma stiller visse krav til musikalsk kompetanse der ho skal nyttast, men messeledda er gitt ut som ein av fleire prøveliturgiar, så det ikkje uråd å få det til for dei som vil satse. Og når det gjeld denne plata, er ho så rikt utstyrt med lødige salmar, sungne av dyktige utøvarar, at ein fint kan nyte henne berre som musikkoppleving.

Popmesse. Noko nær i motsett ende av den musikalske sjanger-rekkja finn vi IMI kirken sitt tonespråk for gudsteneste. Her er det popmusikk som rår, for det meste i mjuk variant, men med stødige trommer som held oppe ein god «groove» på myndig vis.

Inderleg. I denne gudstenesta er ikkje dei kjende messeledda som kyrie, gloria og sanctus med. Messa flyt fram boren av entusiastisk og inderleg lovsong. Fleire av songane er framførde av solistar og løna med applaus, men her er og rikeleg høve til at kyrkjelyden får vera med og syngje, for dei fleste songane er enkle både i melodi og tekst. Det går på engelsk og norsk, og sume er bygde opp på ein repeterande måte som kan verke reint suggererande. Det er lett å forstå at mange kan kjenna seg lyfte av å vera med på dette, men det er eit spørsmål om kor haldbart det er i lengda.

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser