Bøker

Fryktar færre bøker på nynorsk

Noregs Mållag er redd færre tør å satse på nynorsk litteratur når Kulturrådet no kuttar 1,1 millionar i nynorskstøtta.

I statsbudsjettet for 2014 kutta regjeringa 10 millionar i støtte til litterære føremål. I går vedtok Kulturrådet at støtta til nynorsk litteratur dermed blir kutta med 1,1 millionar.

Marit Tennø Aakre, leiar i Noregs Mållag, fryktar at det vil bli færre bøker på nynorsk no som støtta blir redusert.

– Mange av dei bøkene som søkjer på ordninga, hadde ikkje kome ut hadde det ikkje vore for at forlaga fekk støtte frå Kulturrådet, seier Aakre.

Risiko. Ho har snakka med forlagsfolk som fortel at støtta gjer at dei tør å ta den risikoen det er å gje ut bøker på nynorsk.

– No fryktar eg at det blir færre som tør å ta den risikoen, seier Aakre.

Mållagsleiaren er redd for at mange viktige prosjekt no blir liggjande i skrivebordskuffen.

– Kvifor er nynorskstøtta viktig?

– Fordi nynorsk skriftproduksjon er viktig for oss som brukar språket. Vi treng å sjå og lese nynorsk, og då er støtta eit viktig tiltak for at det skal bli produsert nynorsk tekst, seier Aakre.

– Vi veit at i område der folk ser lite nynorsk, byter mange til bokmål, mens i områder der nynorsk er mykje brukt, held folk på språket sitt.

– Så dersom det blir utgitt færre nynorskbøker, vil det også kunne få konsekvensar for sjølve nynorsken?

– Ja, det er openbert.

Sikre breidde. Ifølgje Kulturrådet skal ordninga «sikre at det finst ei stor breidde i ulike tiltak for å utgje og formidle nynorsk litteratur.»

Norsk kulturråd skriv på nettsidene sine at dei vil bruke midlane til å støtte fleire nynorske bokutgjevingar for barn og unge, fleire teikneserieutgjevingar på nynorsk, god nynorsk sakprosa i bøker, tidsskrift og vekeaviser og utviklingsprosjekt der forfattarar som skriv nynorsk og bøkene deira blir presenterte på mange og ulike måtar.

I 2013 fekk over 30 bøker tilskot frå ordninga.

Eksistensproblem. Skald forlag er eit av dei største nynorskforlaga i Noreg. Forlagssjef Simone Stibbe fortel at dei gjev ut om lag 15 publikasjonar i året, og 90 prosent av dei er på nynorsk. Støtta frå Kulturrådet er den einaste forlaget kan basera seg på sidan dei ikkje har statsstøtte i botnen.

– Det er vanskeleg å føresjå kva slags konsekvensar det vil få for oss, men ein tredel av ordninga er eit veldig stort kutt, seier Stibbe.

– I verste fall kan dette gje oss eksistensproblem. Marknadssituasjonen for nynorske bøker har blitt veldig vanskeleg, ikkje minst på grunn av sentraliseringa i bokhandelsleddet. Vi får ikkje selt nynorsk sakprosa på førehand til kjeda, dermed er ingen bok selt før ho har kome.

Stibbe understrekar at spesialiserte sakprosaforfattarar som ikkje skriv bokmål, dermed står i fare for ikkje å bli utgitt.

– Ein annan konsekvens er at forfattarar som skriv begge målføre, kanskje vil velje bokmål om støtta til nynorsken blir for liten. Vi ynskjer ikkje å presse forfattarar til å skrive bokmål når dei vil skrive nynorsk.

Ho meiner at Skald mistar ei sentral rolle i bokbransjen dersom dei blir tvinga over på bokmål.

– Det er bruk for oss som forlag fordi vi gjev ut bøker som ikkje andre gjev ut.

Eit stort kutt. Samlaget har ein eigen post på statsbudsjettet, medan dei andre forlaga kan søke støtte frå Kulturrådet til nynorskutgjevingar.

– Det er viktig at fleire forlag enn berre Samlaget gjev ut nynorsklitteratur og at det finst ordningar som motiverer forlaga til å gjere det, seier Sigmund Løvåsen, som er leiar i Den norske Forfatterforening.

Han understrekar at ansvaret for kutta ligg hos regjeringa.

– Kulturrådet måtte finne den beste løysninga blant fleire dårlege, og eg trur ikkje dei har hatt som mål å svekkje nynorsklitteraturen. Kulturdepartementet prøver å seie frå seg ansvaret, men eit kutt på ti millionar i støtta til litteratur er eit stort kutt som vil få følgjer, meiner Løvåsen.

Han trur at kutta kan resultere i at forlaga i større grad vurderer den økonomiske risikoen når dei skal gje ut bøker på nynorsk.

– Ein del nynorske bøker sel mindre enn tilsvarande bøker på bokmål, difor er det viktig å ha ei slik støtte. Litteraturen skal spegle samfunnet han blir skriven i, både i språk og tema. Dette er eit steg i feil retning no som norsk språk er under press i og med konkurransen frå engelskspråkleg litteratur.

Ein katedral. Forfattar Mette Karlsvik sit i styret i Forfatterforeninga og skriv sjølv på nynorsk.

– For meg er nynorsken ein katedral og ute på børsen står han svakt. Det viser seg at nynorsken ikkje fungerer så godt der marknaden rår, og det meiner eg er ein kompliment, seier Karlsvik.

For henne har det å skrive på nynorsk vore eit kunstnarisk val.

– Vi er mange som har valt nynorsk aktivt. Eg er sjølv konvertitt, og det har vore arbeid for meg. Hadde eg vore ute etter å selje bøker, hadde eg heller skrive bokmål for å tekke marknaden, seier Karlsvik.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker