Nyheter

Jødisk museum fikk nei til 4,5 millioner til tryggingstiltak: – Me er svært overraska

TRUSSEL: Politiet brukar store ressursar på å vakte jødiske institusjonar, PST åtvarar mot terroraksjonar. Difor er Jødisk museum svært overraska over avslag.

– Me er svært overraska over den manglande politiske viljen til å etterkomme vår søknad om pengar til tryggingstiltak, seier Rolf Golombek til Vårt Land. Han er styreleiar i Jødisk museum i Oslo.

I desember sende museet ein søknad til Justisdepartementet der dei presenterte fysiske tiltak som har ein samla prislapp på 4,5 millionar kroner.

Museet vil betre kontrollen med kven som kjem inn i bygget, mellom anna med fysiske hindringar og kameraovervaking.

– Den utsette jødiske minoriteten har tidlegare fått støtte frå staten for å sikre samfunnshus, synagoge, barnehage og gamleheim, fortel Golombek.

Museet har tidlegare fått statleg støtte til tryggingstiltak som vernar publikum og tilsette, men i lys av trusselsituasjonen som rår no meiner museet at tryggleiken må opp fleire hakk.

leiar

Politiet følgjer jødiske institusjonar, og vaktar museet

Veka etter at Hamas invaderte Israel 7. oktober, og drap kring 1.200 personar i eit målretta terroråtak, gjekk politiet i Norge ut og varsla at dei følgjer jødiske institusjonar i Oslo og Trondheim. I Trondheim ligg ein synagoge og eit museum.

I desember arresterte dansk politi fleire personar for å ha planlagt eit mogleg terroråtak i Europa. Påtalemakta kopla planane til Hamas, som er stempla som ein terrororganisasjon i Danmark og EU, men ikkje i Norge.

I dag står Oslo-politiet utanfor Jødisk museum når det er oppe, og under arrangement utanom opningstida.

Me er svært overraska over den manglande politiske viljen til å etterkomme vår søknad om pengar til tryggingstiltak

—  Rolf Golombek styreleiar, Jødisk museum

Departementet sa nei og viste til rettleiarar

Svaret frå Justisdepartementet kom i brevs form i februar:

«Det er pr. i dag ingen ordninger under Justis- og beredskapsdepartementet som kan benyttes til den type tiltak som etterspørres.»

Departementet legg til at «politiet vil kunne bistå med råd knyttet til sikring og planlegging».

– Me kan sjølvsagt søkje råd hjå politiet i Oslo. Men det me treng er fysiske tiltak som gjer alle som kjem til museet trygge, forklarar Golombek.

I svarbrevet visere JD også til rettleiarane Terrorsikring og Råd mot terrorhandlinger som «gir råd om hvordan man kan beskytte seg mot terror og andre alvorlige handlinger».

Leif Grusd var ni år gammel da krigen kom til Norge. 12 år gammel flyktet han til Sverige sammen med sin mor og søster. 

Leif Grusd forteller om flykten til 90 elever fra Hadeland på Jødisk museum.

Staten har delt ut pengar til terrorsikring tidlegare

Jødisk museum klaga på avslaget og bad om eit møte med justisminister Emilie Mehl (Sp) – «for å opplyse saken» skriv dei i klagen.

Men Justisdepartementet seier nei til møte, og viser i ein epost museet til Kulturdepartementet, og ber dei om å kontakte Oslo politidistrikt for å gjere dei «oppmerksom på deres bekymring».

– Men Kulturdepartementet har ikkje midlar til terrorsikring, seier Golombek, og opplyser at jødiske institusjonar i Oslo har tidlegare fått pengar til tryggingstiltak frå Justisdepartementet.

I 2020 blei det også lyst ut eigne midlar til sikring av trus- og livssynssamfunn. Pengane, fem millionar kroner, kom på bordet etter terroråtaket på moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum i 2019.

Det var Politidirektoratet som forvalta potten på vegner av Justisdepartementet.

PST melder at jødar er i «fiendebildet»

Pengar til tryggingstiltak på Jødisk museum blei på nytt aktualisert i februar, meiner styreleiar Rolf Golombek.

Då la Politiets tryggingsteneste (PST) fram årets opne trusselvurdering. Her skriv PST:

  • «En eventuell ekstrem islamistisk terrorhandling i Norge vil sannsynligvis utføres av én eller få gjerningspersoner (...) Trusselen mot israelske og jødiske mål vil være skjerpet som følge av krigen mellom Israel og Hamas.»
  • «(...) hat mot israelere og jøder blir en viktigere faktor i motivasjonen til ekstreme islamister når de ønsker å gjennomføre angrep i Vesten.»
  • «Konflikten mellom Israel og Hamas har skapt en enda sterkare antisemittisme, og således en ytterligere aktualisering av jøder i fiendebildet.»

Vårt Land har spurt Justisdepartementet om å svare på spørsmål i denne saka. Departementet svarar tysdag ettermiddag at «Dette ligger under Kultur- og likestillingsdepartementet så Justis- og beredskapsdepartementet henviser dit».

---

Jødisk museum

  • Museet tek vare på og formidlar jødanes historie i Norge.
  • Skipa som ei stifting i 2004, eit samarbeid mellom Det Mosaiske Trossamfund og Oslo Bymuseum.
  • Opna i 2008 med utstillinga Friheten vinnes ikke bare én gang.
  • Museumslokalet husa opphaveleg ein synagoge frå 1921 til 1942.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter