Nyheter

Gjevarar melder: «No har me forstått at det er 25.000 kroner me skal gje i året»

SKATTEFRIE GÅVER: Finansministeren gjorde det mindre gunstig å gje pengegåver med skattefrådrag. Gjevarane svarte med å gje vel 93 millionar mindre til frivillige organisasjonar.

Fem milliardar og 68 millionar kroner. Så mykje gav privatpersonar i fjor til frivillige organisasjonar, gjennom ordninga med gåver med skattefrådrag.

Nordmenn gjev til den lokale kyrkjelyden, til Røde Kors, til bedehusforsamlinga, til Kirkens Bymisjon, til Sanitetskvinnene.

I 2021 kunne kvar og ein gje inntil 50.000 kroner i året og få frådrag på skatten. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fekk SV med på å barbere ordninga kraftig frå og med 2022 då budsjettet passerte Stortinget.

I to år har øvre grense vore 25.000 kroner. Alt over gjev ikkje skattefrådrag.

– Konsekvensane av halveringa er no blitt godt synlege, fortel Siri Nodland.

Gåvesvikt siste to år

Generalsekretæren i Fundraising Norge har brukt kalkulatoren:

– Finansministeren halverte i statsbudsjettet for 2022 den øvre grensa for gåver med skattefrådrag. Når me samanliknar dei som gav mellom 25.000 og 50.000 kroner i 2021 med i dag, så ser me at gåvesvikten er på heile 93,5 millionar kroner justert for prisvekst.

Organisasjonen Nodland leiar støttar frivillige og ideelle organisasjonar og institusjonar som samlar inn pengegåver frå kvarmannsen og verksemder.

Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivillighet Norge

«No har me forstått at det er 25.000 kroner me skal gje i året»

Tal Vårt Land har henta inn frå Skatteetaten, via Finansdepartementet, viser at målt i nominelle kroner, stig summen norske einskildpersonar gjev via ordninga med skattefrådrag på gåver til frivillige organisasjonar:

  • 2021: 4,731 milliardar
  • 2022: 4,779 milliardar
  • 2023: 5,068 milliardar

– Me får stendig oftare meldingar frå medlemsorganisasjonar som blir kontakta av gjevarar som skriv «at no har me forstått at det er 25.000 kroner me skal gje i året». Mange gjevarar tilpassar seg maksgrensa for gåver med skattefrådrag, fortel Nodland.

Konsekvensane av halveringa er no blitt godt synlege

—  Siri Nodland, generalsekretær Fundraising Norge

Åtvara mot svekkja gjevarlyst

Denne utviklinga åtvara Frivillighet Norge mot i 2021:

– Dei er redde for at det svekkjer lysta til å gje gåver, både frå privatpersonar og verksemder, sa generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen til Vårt Land, og fortalde at medlemsorganisasjonar hadde kontakta han og var urolege for inntektene etter at Vedum og Støre-regjeringa presenterte innstramminga i oktober 2021.

Dåverande daglege leiar i Pinsebevegelsen, Ingunn E. Ulfsten, minna om lovnadane i Hurdalsplattforma, som Ap og Sp hadde presentert kort tid før 2022-budsjettet:

«Regjeringa vil sikre frivilligheita god finansiering, stor fridom og ein sentral plass i samfunnet.»

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum møter pressen i Hurdal, etter at forhandlingene er ferdig og de er enige om å danne regjering sammen. 
NB!! Sjerkmdump fra video
Foto: Fredrik Hagen / NTB

Ordninga er best for dei rikaste, meinte finansministeren

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) varsla nye tider for dei som støttar frivillig arbeid då han kom til Finansdepartementet. I regjeringas første statsbudsjett, det for 2022, blei øvre frådragsgrensa for gåver med skattefrådrag halvert frå 50.000 til 25.000 kroner årleg.

Barberinga blei forklart med to argument i budsjettdokumentet:

  • Gåver er ein privat kostnad, og gåvefrådraget svekkjer skattegrunnlaget.
  • Dei med høge inntekter har størst glede av ordninga.

Vedum hadde rekna ut at med 50.000 i øvre årleg grense, tapte han og statskassen 100 millionar – og i tillegg var ordninga for arbeidskrevjande for Finansdepartementet og Skatteetaten:

«Fradraget virker kompliserende blant annet fordi det er krevende å avgrense hvilke organisasjoner som skal omfattes.»

Nodland meiner det andre argumentet er feil:

– Det er dei med ei normalinntekt som blir mest ramma av omlegginga til regjeringa.

Øvre grense påverkar gjevargleda

Generalsekretær Nodland i Fundraising Norge er sikker: Hadde ikkje finansminister Trygve Slagsvold Vedum gjort den dramatiske endringa, ville folks pengegåver ha gått opp, ikkje ned.

Ho støttar seg på ein fersk gjevaranalyse Fundraising Norge har gjort i vinter, i eit representativt utval.

Hovudfunna er:

  • 72 prosent kjenner skattfrådragsordninga, 51 prosent har brukt ho.
  • 1 av 4 seier at grensa i ordninga påverkar kor mykje dei ønskjer å gje.
  • Skilnad på kvinner og menns gåver: Kvinner gjev 11 prosent meir til Kirkens Bymisjon enn menn, menn gjev ni prosent meir til Stiftelsen Norsk Luftambulanse enn kvinner.
  • Fleire gjev fast kvar månad: 51 prosent av dei som gav i 2023 hadde fastgjevaravtale, talet var ein av tre i 2021.

Statsminister Kjell Magne Bondevik og statsrådene Lars Sponheim , Valgerd Svarstad Haugland og Anne Enger Lahnsstein er fornøyd  etter 100 dager  med sentrumsregjering. (Foto: Terje Bendiksby, NTB Pluss)
/ Lahnstein / Regjeringen / Pressekonferanser /

Innført av KrF som handslag til frivillig sektor

Ordninga med skattefrådrag blei innført av regjeringa til statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) i 2000 som eit handslag til frivillig sektor: Fleire skulle motiverast til å gje fast.

År for år blei summen høgna, og nådde toppen på tampen av Solberg-regjeringas styringstid: Glade gjevarar kunne gje inntil 50.000 kroner i året med skattefrådrag.

Tala Vårt Land har henta for 2023, viser at spennet er svært stort:

  • Dei 851.000 nordmennene som gav minst, mellom 0 og 9.999 kroner, gav i snitt nesten 2.800 kroner kvar til frivillige organisasjonar i fjor.
  • Samstundes gav sju personar 93,3 millionar kroner, alle sju gav meir enn fem millionar kvar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter