Guro (64) tok over garden av plikt – no gjev ho opp

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Guro Villand var berre fem–seks år då ho fekk beskjeden.

– Eg sat på fanget til bestefar. Han tok hendene mine i sine, såg på dei og sa: Du har arbeidsnevar. Det er du som skal vera bonden på garden.

Guro ser ned på hendene sine. Dei er store og sterke etter eit langt liv med gardsarbeid. Ho gjorde som bestefaren sa, og tok over familiegarden med utsikt mot Hallingskarvet, to mil unna Geilo.

Ho var 24 år gammal då ho tok over. Førti år har gått sidan den gong. I dag kallar ho seg ein pliktbonde.

– Eg tok over på grunn av pliktkjensle til familien. Eg håpar unge folk i dag er meir medvitne om dette med å ta eigne val.

No står ho i ein oppbrotsfase og har lagt garden ut for sal.

Eit tabu å selja garden ut av familien

Førre helg fortalde Vårt Land historia om Magne Henry Eide, som etter to år med overtaling, klara å selja slektsgarden til eit yngre par med barn.

Guro Villand har inntrykk av at det er tabu for mange bønder å selja garden ut av slekta.

– Det har vore heilt utenkeleg, å skulle selja ein slektsgard.

Skurdalen

Garden som både har vore barndomsheimen og arbeidsplassen hennar, har vore i slekta sidan 1600-talet.

– Eg tok over fordi far var blitt så gammal og utsliten. Eg kunne ikkje ha levd med at mor og far hadde slite her på garden åleine. Dei tilhøyrde den generasjonen som ikkje ville selja garden ut av familien, fortel ho.

Ho har drive med økologisk mjølkeproduksjon, men har no lagt både gard og dyr ut for sal. Ho er i kontakt med fleire som er interesserte.

– Eg vil ikkje selja garden før eg finn nokon som vil kjøpa dyra. Eg hadde ikkje klart å senda dei til slakt.

Lov med røter tilbake til vikingtida

Den norske odelslova har røter tilbake til vikingtida. Den sikrar familiemedlemmer retten til å ta over ein gard til ein lågare takst.

Ideen om at det alltid er nokon i familien som skal ta over ein gard, lever i beste velgåande, er opplevinga til Guro.

Ho meiner fleire bønder bør ta ein alvorsprat med generasjonen som kjem etter.

– Eg kjøpte eit mjølkeanlegg av ein bonde som skulle legga ned, for ein del år sidan. Han sa det føltes heilt forferdeleg å måtte selja. Han hadde heile tida trudd at sonen ønska å ta over garden, sjølv om dei ikkje hadde snakka om det. Men du kan ikkje vera sikker, du må prata.

Skurdalen

Ein av fem gardar står tomme

I Noreg er ein av fem gardar fråflytta. Det viser tal Vårt Land har henta inn frå Statistisk sentralbyrå.

For i Noreg er det meir enn 143.500 gardar med minst eit bustadhus. Dette er gardar der folk kan bu, men over 30.600 av desse gardane står utan at nokon bur der fast.

Samstundes er interessa stor for å kjøpa gardsbruk.

Guro Villand meiner fleire bør vurdera å selja ut av familien.

– Det viktigaste er at dei som tek over, skal driva garden. Gardar er noko me har til låns, den er noko me skal forvalta. Me skal produsera mat.

Skurdalen

Forskar trur færre unge kjenner på odelspress

– Det er alltid trist å høyra når folk angrar på livsval, seier Hanne Eldby ved AgriAnalyse.

Ho har forska på haldningar til å overta gardsbruk, og har mellom anna skrive ein rapport om odelsbarn. Ho trur færre unge i dag kjenner på det presset Guro Villand opplevde.

– Eg har inntrykk av at det er mindre press på at barn skal overta garden no enn før. Samfunnet, haldningar og jobbmoglegheiter har endra seg. Landbruket er blitt meir spesialisert, så det krevst meir om ein skal ta over ein gard.

– I kva landsdelar trur du odelsbarn opplever mest press på å ta over?

– Eg trur det er på Austlandet, der dei beste gardane er. I mange delar av Noreg har garden vore ein sidejobb for folk. Når garden er større, kan det skapa meir press på å ta over.