Magne (71) gjorde noko få bønder klarer: Han selde garden ut av familien

Historia veg tungt i stova til Magne Henry Eide. Mora hans har brodert duken på stovebordet og vove teppa som heng på veggen. I to hjørne står kråskåp som far hans har bygd og utsmykka med mønster i treverket.

– Dette huset har eg teikna og bygd sjølv. Eg fann materiale i skogen og saga dei til på den lokale saga. Foreldra mine flytta inn her då eg tok over garden.

71-åringen ser seg rundt i stova. Den er full av minne som knyter han til garden der han har levd heile livet.

Garden ligg i Skurdalen, eit kvarters køyring frå Geilo. I fjøsen har Magne Henry Eide hatt sau, i tillegg har han drive med brøyting og snikring.

Å selja garden er som å riva av seg røtene. Det er som med ei stor, gamal furu: Det er røtene som held att.

—  Magne Henry Eide

Tida gjekk. Foreldra døydde. Magne vart gift med Turid Harang Sjåstad. Han og kona vart eldre og hadde ingen til å ta over.

Så, ein dag, kom eit ungt par på besøk til den aldrande bonden. Dei sa dei ville kjøpa garden.

Les også om Guro Villand (64), som kallar seg pliktbonde.

Magne frykta at garden skulle forfalla

– Å selja garden er som å riva av seg røtene. Det er som med ei stor, gammal furu: Det er røtene som held att.

Magne Henry Eide ser seg rundt i stova. Garden hadde vore i familien hans sidan starten på 1900-talet.

Skurdalen

Han sa ikkje ja til paret som kom innom. Men tankane var begynt å surra. Han og kona har ikkje barn i lag. Det var ingen naturleg arvtakar til bruket. Ekteparet kjente på ei frykt for at garden skulle forfalla.

Det unge paret heldt fram med å ringa Magne.

– Dei kontakta meg rett som det var. Eg tok det som eit teikn på at dei var verkeleg interesserte i garden. Og så verka dei som vettige folk.

Etter over to år med tenketid, ringde han paret og sa ja. Han stilte tre krav: Han og kona måtte få bu i kårhuset så lenge dei levde. Dei måtte ha fri tilgang på ved. Og ei stor kiste frå farsslekta måtte få bli igjen i hovudhuset.

Skurdalen

Valet om å selja, har fått mykje merksemd i Skurdalen, ei bygd med under 200 innbyggarar.

– Eg har fått voldsomt skryt i bygda. Under eit bygdemøte vart det trampeklapp då folk høyrde eg hadde seld garden. Eg angrar ikkje, seier Magne.

– Håpar du at du kan inspirera andre?

– Ja. Eg snakkar med folk som er i same situasjon som meg. Eg håpar folk vil selja, det er viktig for busettinga i bygda.

Ein av fem gardar står tomme

Ikkje alle eldre gardbrukarar sel garden sin. Mange gardar blir heller ståande til forfall rundt om i landet.

Heile ein av fem gardar er fråflytta. Det viser tal Vårt Land har henta inn frå Statistisk sentralbyrå.

For i Noreg er det meir enn 143.500 gardar med minst eit bustadhus. Dette er gardar der folk kan bu, men over 30.600 av desse gardane står utan at nokon bur der fast.

Desse fråflytta gardane blir enten brukt som hytter eller dei står tomme heile året. Delen med fråflytta gardar har halde seg stabil dei siste 15 åra.

– Det er få som gjer som Magne. Folk kvir seg for å selja familiegarden, seier Frode Flemsæter, geograf og forskar ved NTNU.

Han åtvarar mot kva konsekvensar dette får for Distrikts-Noreg.

– Mange gardar blir ståande tomme fordi folk ikkje vil selja. Det betyr hus utan liv og gjengrodde landskap.

Det er som at du må spørja din avdøde bestefar og ufødde barnebarn om det er greitt at du sel familegarden.

—  Frode Flemsæter, forskar ved NTNU

Eit spørsmål om kjensler

Kvifor vil ikkje folk selja gardane ut av familien?

Det spørsmålet har Frode Flemsæter jobba mykje med som forskar. Han har intervjua folk og lese rapportar og saumfare statistikk. Svaret han finn, ligg i kjenslene til oss menneska. Prisen folk kan få for garden, er mindre viktig.

– Mange som eig ein gard, føler det som at dei forvaltar den på vegner av familien. Folk kjenner eit veldig stort ansvar for slekta og familien.

Skurdalen

Vårt Land intervjuar Frode Flemsæter via skjerm. Han sit på kontoret sitt i Trondheim, ei bokhylle skimtast i bakgrunnen. Forskaren er sjølv oppvaksen på eit småbruk på Vestlandet. Han seier at mange med gard føler seg meir som ein forvaltar på vegner av slekta enn som ein eigentleg eigar.

– Sett på spissen: Det er som at du må spørja din avdøde bestefar og ufødde barnebarn om det er greitt at du sel familegarden.

Ber fleire ta samtalen om garden

Gjennom forskinga har han møtt mange familiar som dyttar den vanskelege samtalen om framtida til garden framfor seg.

– Det er eit så tungt og personleg tema, men det blir eit problem når folk ikkje snakkar om det. Fleire burde ta denne samtalen rundt middagsbordet, seier Frode Flemsæter.

Rundt om i Noreg er det mange lokale initiativ med mål om å overtala folk til å selja garden.

– Fråflytta gardar er jo eigentleg ein ressurs for lokalsamfunnet. Bygder over heile landet ønsker at folk skal legga slike gardar ut til sal og gjerne få inn unge barnefamiliar.

Eit paradis i tretti minus

Marthe Håkonsen står på tunet med baby på ryggen og ei skål i handa med høy og nylagde egg.

– Første gongen eg kom hit, sa eg: Her skal me bu. Eg fekk ein veldig ro og heimefølelse her oppe.

Skurdalen. 

Det tok han nesten tre år med overtaling. Til slutt klarte Magne å gje slepp på slektsgarden. 

Lars Petter Karstensen
Marthe Håkonsen
Baby Ronja

Ho bryt ut i eit breitt smil og ser bort på sambuaren Lars Petter Karstensen. Mykje har skjedd den siste tida. I fjor vår vart dei foreldre til vesle Ronja. Så, eit halvt år seinare fekk dei oppfylt draumen om å bu på gard.

Det unge paret gav ikkje opp, sjølv om Magne Henry Eide ikkje sa ja første gong dei spurde. To år etter deira første møte, signerte dei kontrakten på garden.

– Me opplevde det som at han ville selja til oss, men det tok tid. Men eg heldt på å mista tolmodet, seier Lars Petter.

Marthe ler:

– Men eg hadde trua. Me skulle hit, sånn var det berre.

Dei kjenner fleire par som er på jakt etter ein gard i området.

– Eitt problem er at mange bønder håpar at barna skal ta over, sjølv om barna deira kanskje er over 50 år gamle, seier Marthe.

Droppa kontorlivet i by for å bu på bygda

Det er eit enkelt paradis paret har funne seg: Eit eldre bustadhus og ein raudmåla låve og fjøs. Ein bratt grusveg fører opp til garden med flott utsikt utover Skurdalen.

Kårhuset der Magne bur, ligg ved foten av dei bratte bakkane. Hustaket hans kan berre skimtast over tretoppane.

– Magne var her ein del i starten og rydda etter seg. Han er veldig hjelpsam og kjem med praktiske tips. Men han renner ikkje ned dørene våre, seier Lars Petter.

Skurdalen

Dei ferske gardbrukarane har lagt bak seg ein vinter med pipebrann, tretti minusgrader og ein halvdårleg kraftleidning som gjorde at dei stundom var utan straum. Ingenting har fått dei til å angra.

– For meg gjer det inga meining å bu i by. Det er så meiningsfullt å vakna om morgonen og koma ut her og driva på med gardsarbeid, seier Marthe.

31-åringen vaks opp i Sandefjord med hest som hobby og interesse. Ho har budd og jobba fleire år på Langedrag Naturpark, rundt fire mil unna. Det vekte interessa for gardsyrket.

Sambuaren Lars Petter er IT-ingeniøren frå Fredrikstad som helst vil jobba med dyr. 33-åringen har jobba både i Oslo og Stuttgart, men har funne ut at byen ikkje er noko for han.

– Eg var dritlei kontorliv, stillesitting og stress. For meg er det viktig å kunna leva av maten eg dyrkar sjølv.

Drøymer om ysteri og yogaskule

Paret fekk kjøpa garden relativt rimeleg, som gjer at dei ikkje treng ta opp stort lån og ha stor inntening frå dag ein.

I fjøsen er alt eit tjuetals sau og nokre høner. Planen er å ha fleire sauer og kanskje hest og kyr.

Skurdalen. 

Det tok han nesten tre år med overtaling. Til slutt klarte Magne å gje slepp på slektsgarden. 

Lars Petter Karstensen
Marthe Håkonsen
Baby Ronja

Lars og Marthe likar å gå rundt på garden og tenka på alt dei kan få til saman. Som ein gardsbutikk med eigenlagde bakevarer og eigenysta ost. Eller kanskje låven kan innreiast med ein ekstra etasje for yogakurs og massasjerom?

– Eg er utdanna som holistisk livsstilscoach og Marthe er yogainstruktør. Me vil skapa verdiar på garden som ikkje berre er basert på kor mykje du får ut av den dyrka marka, seier Lars Petter.

Alle sa at Skurdalen var truga av fråflytting, men sanninga var det motsette. Mange ønsker å flytta hit, men me opplevde at det ikkje fanst plass å bu her.

—  Mari Fjørtoft Bjørnstad, lokal eldsjel

Ho er matchmaker for Bygde-Noreg

Ein viktig grunn til at Magne, Lars Petter og Marthe fann kvarandre, sit på ein kontorstol på Fagerli Leirskole med ein kopp kaffi i handa. Ho heiter Mari Fjørtoft Bjørnstad og er den lokale eldsjela som jobbar for å få nye folk til bygda ho elskar.

Skurdalen

– Alle sa at Skurdalen var truga av fråflytting, men sanninga var det motsette. Mange ønsker å flytta hit, men me opplevde at det ikkje fanst plass å bu her.

Ho er dagleg leiar på Fagerli Leirskole og aktiv i dugnadsprosjektet Bu i Skurdalen. Som fødd og oppvaksen i Skurdalen kjenner ho alle i bygda. Marthe vart ho kjent med då dei jobba i lag på Langedrag, og seinare har ho ordna jobb på leirskulen for sambuaren Lars Petter.

Kontaktnettet kjem godt med når Mari koplar folk som vil kjøpa, med folk som kanskje muligens vil selja.

– Den største jobben eg gjer, eg å få folk til å møtast. Akkurat no jobbar eg med ein familie som ønsker seg ein gard, gjerne ein som er forfallen.

Opnar for den vanskelege samtalen

Når ho kontaktar folk som kanskje kunne tenka seg å selja, pleier Mari å gå varsamt fram. Ho prøver heller å stilla spørsmål framfor å fortella folk kva dei burde gjera. Ho spør om ting som: Kva er draumen din? Om ingen i slekta vil ta over, kva tenker du då? Kunne du tenka deg å selja? Eller kanskje heller leiga ut?

– Det er eit kjenslevart tema. Folk har ein draum om at barn eller barnebarn skal ta over, sjølv om dei ikkje har snakka saman om det, seier Mari.

Ho strekker seg fram etter ein nylagd kjeks.

– Det er lettare å selja ein gard når ein ser at den blir teken godt vare på.

Skurdalen

Bygde tomter på dugnad – no kjem fleire unge til

Innbyggartalet i Skurdalen har lenge vore fallande, frå 266 til 189 dei siste 25 åra.

Men Mari Fjørtoft Bjørnstad ser lys i enden av tunnelen. Ein ting er historia til Lars Petter, Marthe og Magne som får trampeklapp på lokale bygdemøte. I tillegg har prosjektet Bu i Skurdalen fått fleire par til å koma og bu på prøve i bygda.

Konseptet med prøvebuing er enkelt: Folk får ein plass å bu til ein billig penge så dei får tid å testa ut livet i bygda. Slik finn folk ut om dei har lyst å flytta til permanent. Rundt fem familiar er blitt verande.

Skurdalen

Bu i Skurdalen har også eit ikkje-kommersielt byggeprosjekt som byrjar å bæra frukter. Prosjektet har laga eit byggefelt på dugnad, der åtte nye hus er bygd eller under bygging.

Bygdefolket står sjølv bak prosjektering og finansiering og har bygd vann- og avløpsanlegg. Verdien av dugnadsarbeidet anslår dei sjølve til å vera på 3,5 millionar kroner.

– No har me fått ned snittalderen i bygda betrakteleg, seier Mari og smiler.

Laga nettside for å få fleire til å selja garden

Det er ikkje berre i Skurdalen at folk er på jakt etter eit småbruk.

Ordet «småbruk» er det som ligg på toppen av listen over mest brukte søkeord på FINN eigedom år etter år. Det skriv Linda Glomlien, pressekontakt i Finn.no. Ho skriv at spesielt i 2018 utmerka seg, med heile 508,000 søk.

Prosjektet Slipp oss til – ungdom inn i landbruket jobbar for å gjera det lettare for unge å kjøpa seg ein gard. Gjennom nettsida Gardsbruk.no med slagordet «Finn drømmegården!» kan interesserte kjøparar og seljarar legga ut annonsen.

Nettsida har ført til 1,500 sal sidan 1998, opplyser prosjektleiar Ole Dolmeseth.

– Den siste tida merkar me mindre trykk i antal bruk som er lagt ut til sals. Samstundes veit me at det blir lagt ned eit bruk om dagen, og snittalderen på norske bønder går opp. Det er veldig dramatisk. Det trengst ei kursendring for at fleire skal koma til i bondeyrket, seier Dolmeseth til Vårt Land.

Han håpar at det vil koma ein motreaksjon som gjer at fleire flyttar til bygda.

– Me ser at det er høge bustadprisar i byen som gjer det vanskeleg for mange å kjøpa husvære. Det, og ny teknoloslsom gjer heimekontor meir tilgjengeleg, kan kanskje snu trenden.

Skurdalen

Forskaren som møtte seg sjølv i døra

At det er vondt å selja ein gard, veit Frode Flemsæter alt om. Forskaren vaks opp på eit lite småbruk på Nordmøre. Han og broren sprang fritt rundt på bakkane som opna seg mellom fjord og fjell. Besteforeldra budde i huset like ved.

Så gjorde han som så mange bondebarn av sin generasjon. Han reiste ut og tok seg utdanning.

d

Foreldra blei igjen og dreiv garden, som hadde vore i familien i over 100 år. Så vart foreldra eldre, svakare.

– Far la aldri noko stort press på at eg eller bror min skulle ta over. Det har hjelpt meg veldig. Han var sjølv aldri den store gardbrukaren. Han likte betre å bruka tida si på å lesa bøker og diskutera.

Ein maidag for to år sidan døydde far hans. Mor har flytta på heim. No har Frode Flemsæter og broren starta prosessen med å selja garden.

Kunsten å selja ein gard

Folk sine kjensler rundt det å selja garden var tema for doktorgradsarbeidet hans for over ti år sidan.

– Eg møter meg sjølv i døra, men det er ikkje uventa. Då eg skreiv doktorgraden, visste eg det kom til å skje. Det arbeidet har gjort at eg har tenkt igjennom mykje og snakka med familien på førehand.

For han og broren er ikkje eit sal ei privatsak, der målet er å få inn høgast mogleg pris. Tvert om: lokalsamfunnet er kopla på prosessen.

g

Nyleg la han ut ei annonse på Facebook, der han fortalde bygdesamfunnet at garden kom til å koma for sal. Han fekk mykje respons.

– Nokon syntest det var trist at familien vår forsvinn frå bygda. Andre er tydelege på kven dei meiner vi ikkje skal selja til og at dei håper at me sel til ein ung familie.

Han har køyrd rundt mykje i Distrikts-Noreg og sett forfalne, nedlagde gardsbruk. Målet er at hans barndomsgard ikkje skal enda opp slik.

– Det er like mykje kjensler for meg som for alle andre. Det hjelper ikkje å ha forska på det, sånn sett. Det er vanskeleg og tungt å selja. Men det er riktig.