Nyheter

Guri Rørtveit blir ny direktør i Folkehelseinstituttet

HELSE: Guri Rørtveit blir ny direktør i Folkehelseinstituttet og er tilsett i eit åremål på seks år.

Det vart klart i statsråd onsdag.

– Samspelet mellom samfunn og individuell helse har alltid interessert meg, og eg gler meg til å arbeide for betre folkehelse saman med dei dyktige fagfolka ved Folkehelseinstituttet, seier Rørtveit.

Rørtveit er lege, forskar og professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho har leidd Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved universitetet.

Ho tek over som direktør i FHI etter Camilla Stoltenberg.

– Ho er utan tvil godt kvalifisert med den lange og breie erfaringa si både som lege og forskar, og som leiar for sterke kunnskapsmiljø, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter