Nyheter

– Barnet ligg i ruinane, seier pastor Munther Isaac

SOLIDARITET MED GAZA: Julefeiringa i Betlehem er avlyst. Herberga er lukka og låste. – Barnet ligg i ruinane, seier pastor.

I kyrkja som har jul i namnet, i Evangelical Lutheran Christmas Church, i byen der Jesus blei fødd for vel 2000 år sidan, skulle det stått eit stort, struttande og grønt juletre framme i kyrkja, pynta med lys.

I år har pastor Munther Isaac avlyst den store julefesten i kyrkja på Vestbreidda.

I år er krigen i Gaza henta inn. Ein ruinhaug har fått plassen til treet. Ei dokke – eit Jesusbarn – er lagt mellom betongbitane, for å minne dei som kjem til kyrkje om dei mange barna i Gaza som ligg i ruinane, døde og levande.

«Dersom Kristus blei fødd i dag, ville han blitt fødd i ruinane»

På eiga Facebook-side skriv pastor Isaac om installasjonen:

«Jul i Palestina i år. Barnet ligg i ruinane. Gud er med oss i vår smerte og liding. Gud i solidaritet med dei undertrykte. Betlehems barn er vår von. For barna i Gaza og alle ofre for krigar.»

Om barnet som blei fødd for 2023 år sidan, skriv Isaac: «Dersom Kristus blei fødd i dag, ville han blitt fødd i ruinane.»

Palestinaren Munther Isaac er tydeleg på at festen er ein annan stad enn i Jesus fødeby i år:

– Når vårt folk opplever folkemord i Gaza, kan me i år ikkje feire Jesu Kristi fødsel på nokon måte, fortel han til nyhendebyrået Anadolu.

«Sjølve jula er ikkje avlyst»

Leif Magne Helgesen kjenner på den same smerta som prestekollega Munther Isaac. Som ambulerande sjømannsprest i Midtausten er han på veg heim til Norge etter ei ny rundreise i regionen; Israel, Jordan og Palestina.

– I år er julefesten i Betlehem avlyst, for når palestinarar blir slakta ned i Gaza klarar ikkje kristne palestinarar i Betlehem å stelle i stand til fest og feiring. Men, og det er viktig, sjølve jula er ikkje avlyst, og ho er viktigare enn nokon gong. For i Betlehem ber dei, og har von om ein rettvis fred, seier Helgesen til Vårt Land.

Sjølv om det ikkje blir feiring, blir det julegudstenester i den Evangelisk-lutherske julekyrkja i Betlehem.

by

Palestinske kyrkjeleiarar står saman

Avgjerda om markere jula, ikkje feire ho, er gjort i fellesskap av palestinske kyrkjeleiarar. Alle dei store kyrkjene er samde med den lutherske – den katolske, ortodokse og armenske.

– I år blir det berre gudstenester, ingen tradisjonell feiring, fortel Issa Musleh, talsmann for den ortodokse kyrkja, til VOA News.

Sentralt i byen ligg Fødselskyrkja, gudshuset alle kjem til Betlehem for å gå inn i. Kyrkja, som blei bygt på 300-talet av keisar Konstantin den store, står over grotta som blei peika ut som Jesu fødestad. Det er hit pilegrimane, turistane, trekkjer i hopetal.

I dag er det den gresk-ortokse kyrkja som forvaltar Fødselskyrkja. Ved sidan av ligg Katharinakyrkja, som er katolsk.

tre

Alle herberge er lukka og låste

Vanlegvis er Betlehems gater fulle av folk når det stundar til jul. Frå verda over kjem det pilegrimar og turistar som vil vere i byen der Jesus blei fødd.

I fjor var det sprengfullt i alle herberga. Betlehem har kring 5.000 hotellrom. Over 120.000 kom på besøk. Etter to år med koronapandemi og nedstenging byrja byen å finne tilbake til gamle høgder. I 2019 vitja rekordmange 150.000 Betlehem.

Barnet ligg i ruinane. Gud er med oss i vår smerte og liding

—  Munther Isaac, pastor, Evangelical Lutheran Christmas Church

No er alle hotell og herberge lukka og låste, og alle butikkar som lever av turistar og pilegrimar. Lyskjedene i hovudgatene, det store, pynta juletreet, julekrybba, alt ligg på lager i år.

– I år feirar dei kristne i Det heilage landet åleine. Me vil ta i mot jula med sorg, fortel Lina, ei kristen kvinne frå Betlehem, på heimesida til den katolske kyrkja.

bet

Deler ut meir enn biblar

Den avlyste julefesten rammar Betlehem og byens kristne hardt. Opp mot 70 prosent av byens økonomi er tufta på turisme, og 90 prosent av dei kristne arbeider i denne sektoren.

2023 skulle bli eit rekordår. Men Gaza-krigen har lagt Betlehem aude.

Nashat Fellemom ser dagleg konsekvensane av eit julelukka Betlehem.

– Folk manglar pengar til det daglege brødet, til mat på bordet. Difor må Bibelselskapet også drive naudarbeid. Med midlar frå fond kjøper me inn mat, medisin, teppe, som me deler ut til trengjande, fortel han Vårt Land.

Fellemom er generalsekretær i Det palestinske bibelselskapet.

– Her om dagen banka to pastorar på kontoret mitt. Dei hadde 100 menneske i kyrkjelydane sine som trong akutt hjelp, seier han og legg til:

– Bibelselskapet hjelper alle, me spør ikkje om dei fattige som svelt er kristne, jødar eller muslimar. Vårt oppdrag er å hjelpe alle som lir.

I år lever me kristne i Palestina ut jula. Akkurat som for to tusen år sidan lever me under okkupasjon, me er flyktningar, me er fattige

—  Nashat Fellemom, generalsekretær Det palestinske bibelselskapet.
nf

Pressa frå to kantar

I Palestina bur det noko over 40.000 kristne, 1.000 i Gaza og om lag 42.000 på Vestbreidda. Fellemom forklarar at i dagens politiske klima kjem dei kristne i midten, i ein svært utsett posisjon, for dei opplever hardt press frå to kantar, frå det islamske Palestina og det jødiske Israel.

– I år lever me kristne i Palestina ut jula. Akkurat som for to tusen år sidan lever me under okkupasjon, me er flyktningar, me er fattige, seier Fellemom.

– Difor er julefesten i Betlehem avlyst, i solidaritet med dei mange uskuldige som lir i år. I Gaza.

---

Kristne palestinarar

  • Kristne palestinarar høyrer til mellom verdas eldste kristne samfunn.
  • Men talet på kristne i Palestina, på Vestbreidda og i Gaza, går ned, mange utvandrar til tryggare land.
  • Det bur kring 42.000 kristne palestinarar på Vestbreidda, særleg i og rundt byane Jerusalem, Ramallah og Betlehem, og om lag 1.000 i Gaza.
  • Totalt bur det kring tre millionar palestinarar på Vestbreidda og om lag 2,2 millionar i Gaza.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter