Nyheter

Forbrukarøkonom: Barnefamiliane er budsjettvinnarane

STATSBUDSJETTET: Kuttet i barnehageprisen vil bli merkbart for barnefamiliane, seier forbrukarøkonom og proklamerer dei som budsjettvinnarane.

Forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 skriv i ein e-post til NTB at budsjettet ikkje byr på store overraskingar og verken påverkar presset i økonomien eller rentenivået.

For folk flest vil ikkje det framlagde statsbudsjettet by på merkbare endringar.

– Det blir knapt merkbar skattelette, men viktig for mange er at budsjettet isolert sett ikkje ser ut til å føre til høgare renter. Men vi må framleis vere førebudde på ny renteauke i desember. Det betyr høg bustadrente, på over seks prosent for mange gjennom heile neste år, seier Gundersen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter