Nyheter

Dødt løp i Bergen-måling: – Dette blir ein thriller

VAL: Det ligg an til eit svært spennande val i Bergen. Ei ny måling viser at eitt mandat kan avgjere.

Målinga er utført av Respons for VG og Bergens Tidende. Høgre er størst med 25,4 prosent, men fell med 6,6 prosentpoeng frå førre VG-måling i august. Partiet er framleis 5,4 prosentpoeng større enn i valet i 2019.

Arbeidarpartiet blir målt til 18,6 prosent, opp 1,1 prosentpoeng frå førre VG-måling, men ned 1,2 frå valet.

Ingen av blokkene har fleirtal. Småpartia kan avgjere.

– Dette blir ein thriller. Det er dødt løp i Bergen. Alle som ønskjer meg som byrådsleiar, gratis SFO og løft for eldreomsorga, må gå og stemme på Arbeidarpartiet, seier byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) til VG.

VG skriv at Industri- og næringspartiet eller Bergenslisten kan avgjere, medan Bergens Tidende trekkjer fram Senterpartiets eine mandat.

Heile målinga (samanlikna med førre VG-måling i august): Raudt 3,7 (-1,2), SV 12 (+3,4), Ap 18,6 (-1,2), Sp 1,7 (-3,6), MDG 6,7 (-3,2), KrF 4,4 (+1,3), Venstre 6,1 (+2,3), Høgre 25,4 (+5,4), Frp 11,9 (+7,2), Andre 2,3 (+0,6), FNB 0,6 (-16,1), Bergenslisten 3,2 (+0,7) og INP 3,4 (+0,9).

Målinga er utført mellom 4. og 7. september. 800 personar er spurde. Feilmarginen er oppgitt å vere mellom 2 og 3,5 prosentpoeng.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter