Nyheter

EU vil innføre minstelønn, trass svensk motstand

MINSTELØNN: Trass sterk svensk motstand ligg det an til at EU neste veke vedtek eit forslag om lovfesta minstelønn.

Forhandlarar frå EU-rådet og EU-parlamentet vart seint natt til tysdag samde om eit forslag til nytt minstelønnsdirektiv.

– Den nye lova, når ho blir vedteken, vil fremje tilstrekkelege lovfesta minstelønninger og dermed bidra til å oppnå anstendige arbeidsvilkår og levekår for europeiske tilsette, heiter det i ei fråsegn frå rådet.

Forslaget om minstelønn vart først fremja av EU-kommisjonen i 2020. Regjeringane og fagrørslene både i Sverige og Danmark har vore tydelege motstandarar. Bakgrunnen er bekymring for at lovfesta minstelønn kan undergrave det nordiske systemet der lønnsnivået blir fastsett i forhandlingar mellom partane i arbeidslivet.

– Vi kjem til å foreslå for Riksdagen at Sverige stemmer nei til direktivet, sa den svenske arbeidsministeren Eva Nordmark på ein pressekonferanse tysdag.

Likevel ventar Nordmark at direktivet vil bli vedteke etter avstemminga 16. juni. Sverige har likevel fått forhandla fram eit unntak som gjer at direktivet ikkje treng å skrivast inn i svensk lov, opplyser arbeidsministeren.

Regjeringa i Noreg meiner direktivet ikkje må innførast her, sidan det ikkje blir omfatta av EØS-avtalen. Ifølgje FriFagbevegelse kan det likevel få følgjer få Noreg om det blir rettsavgjerder knytt til direktivet i EU- eller Efta-domstolen.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter