Nyheter

Svensk opposisjonsleiar vil satse 400 milliardar på kjernekraft

Det svenske opposisjonspartiet Moderaterna vil bruke 400 milliardar kroner i kredittgarantiar for å byggje ny kjernekraft i landet.

Det held til å byggje ti nye kjernekraftreaktorar, meiner Moderaterna, som er det største opposisjonspartiet i Sverige og svarer til norske Høgre.

Partileiar Ulf Kristersson seier at Sverige i praksis har abdisert frå å ha ei eiga energiforsyning. Partiet hans ønskjer å finansiere dei nye reaktorane med 20 prosent eigenkapital og 80 prosent lån.

Samtidig vil dei endre lovverket så det kan bli tillate å byggje reaktorar fleire stadar enn i dag, og dessutan at det skal vere mogleg å ha fleire enn ti reaktorar i drift samtidig.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter