Nyheter

Forsking: Finn depresjonsteikn hos unge via internett

Symptom på depresjon kan avslørast gjennom å analysere ordval og setningar, viser forsking. No vil forskarar utvikle eit personifisert hjelpeverktøy for unge.

Ved hjelp av algoritmar har forskarane klart å identifisere teikn på depresjon gjennom å analysere kva unge skreiv på ungdomsnettsida ung.no. Det er ei nettside mykje brukt av barn og unge til å finne informasjon og stille spørsmål om tema som prevensjon, rus, familie og venner, skulegang og vald og overgrep.

– Å finne depresjon ved hjelp av algoritmar kan opne for at ungdom får rett hjelp raskare enn i dag.

Dette er ei løysing som kan implementerast i framtidige helseorienterte tilbod, seier psykolog og forskar Petter Bae Brandtzæg ved Sintef og Universitetet i Oslo (UiO).

Det er forskingsinstituttet Sintef og UiO som står bak forskinga.

Prosjektet, som heiter «Social Health Bots», har hatt som mål å finne nye, digitale løysingar for å hjelpe unge med mentale utfordringar.

Samanliknar ord og omgrep

Gjennom eit stort datasett med tekst henta frå den offentlege norske online-tenesta og informasjonskanalen ung.no har forskarar analysert tekstane for omgrep, setningar og spørsmål som kan indikere symptom på depresjon.

– Når barn og unge skal stille spørsmål til ung.no, beskriv dei gjerne ei historie som kan starte med tidlegare livserfaringar. Deretter beskriv dei aktuelle hendingar som utløyser ulike tankar om situasjonen, og til sist kva åtferd eller kva symptom dette har medført. Dette er skildringar som gjerne er attkjennande som teikn på depresjon, seier lege Kim Kristoffer Dysthe ved UiO.

Dysthe har òg bakgrunn frå lingvistikk og seier at orda og frasane unge brukar når dei vender seg til ung.no, samsvarer forbløffande godt med det som står i diagnosemanualane som blir brukte i behandling av og forsking på psykiske sjukdommar.

Kunstig intelligens

Sintef-forskar Zia Uddin har i fleire år jobba med nettopp kunstig intelligens og algoritmar. Han fortel at sjølve metodikken som er brukt, såkalla djup læring, er ein kjend metode i faget maskinlæring, eller såkalla kunstig intelligens.

– I dette prosjektet har forskarane brukt kunstig intelligente algoritmar for å kjenne igjen ord, setningar, og uttrykk og samanhengen mellom desse. No kan systemet sjølv kjenne igjen teikn på depresjon og tungsinn, noko som opnar for å utvikle ei digital løysing som kan gi akutt hjelp til dei som slit, seier Uddin.

Prosjektet er ein del av ei større Fou-satsing på hjelp til sjølvhjelp innanfor psykisk helse retta mot barn og unge. Forskarane jobbar for at unge som viser teikn til depresjon via nettet, kan få persontilpassa informasjon og andre personifiserte løysingar.

– Det er viktig for oss å presisere at dette ikkje skal vere ei erstatning for hjelp i helsevesenet, men det er ei løysing som kan brukast til å gi rask hjelp i førstelinja, til å spreie kunnskap og til å oppmode til å søkje aktiv hjelp hos lege eller psykolog, ved hjelp av kunstig intelligens og kvalitetssikra innhald, seier Dysthe.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter