Nyheter

Krigsforbrytarar blir avslørte - ber Norge presse på for krigstribunal

Syria, Jemen og Libya blir heimsøkte av krigsbrotsverk. – Norge må presse på for å etablere nye krigsforbrytardomstolar når me tek sete i FNs tryggingsråd, seier dommar Hanne Sophie Greve.

«Aldri meir Srebrenica», sa verdssamfunnet sommaren 1995. Ti dagar i juli blei vel 8.300 gutar og menn slakta ned på tampen av krigen i Bosnia, i fjellbyen Srebrenica.

25 år seinare lyder orda på nytt:

– Me er samde: Srebrenica må aldri få gjenta seg, sa Tysklands utanriksminister Heiko Maas på 25. årsdagen for Srebrenicas fall, 11. juli. Massakren er definert som folkemord.

Røynd dommar ber om krigstribunal

Samstundes som verdsamfunnet minnast ofra for det grovaste krigsbrotsverket sidan andre verdskrig, strøymer det på med rapportar om uhyrlege brotsverk frå tre krigar som ikkje viser teikn til å slutte: Syria, Jemen og Libya.

FNs eigen granskingskommisjonen for Syria har dokumentert grove krigsbrotsverk i snart ti år. I tillegg har både internasjonale og nasjonale menneskerettsorganisasjonar dokumentert massive overgrep i alle dei tre landa.

– Trengs det eigne krigsforbrytardomstolar som kan stille folk til ansvar for ugjerningar i Syria, Jemen og Libya?

– Svaret er absolutt ja.

Svaret kjem frå Hanne Sophie Greve, ein av Norges fremste menneskerettsjuristar, som har ein CV med mange og lange oppdrag der ho har granska krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta og folkemord, mellom anna i FNs ekspertkommisjon for undersøking av brot på internasjonal humanitær rett i det tidlegare Jugoslavia. Kommisjonens arbeid gav grunnlaget for å opprette ein eigen domstol (sjå eiga sak).

Greve er i dag lagdommar i Gulating lagmannsrett. I seks år var ho dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Norge må presse på i Tryggingsrådet

– Kvifor trengs det eigne tribunal for Syria, Jemen og Libya?

– ICC, Den internasjonale straffedomstolen, er ikkje anerkjend av alle land. Til dømes avviser både USA og Russland ICC.

– Kva skal til for at det blir oppretta eigne domstolar for Syria, Jemen og Libya?

– Alle medlemmane i FNs tryggingsråd må seie ja til å opprette slike ad hoc-domstolar.

– Så når Norge tek sete i Tryggingsrådet, bør regjeringa presse på for at det blir oppretta domstolar etter modell frå Jugoslavia- og Rwanda-tribunalet?

– Ja, utanriksminister Ine Eriksen Søreide bør absolutt setje slike domstolar på dagsorden i Tryggingsrådet. Utfordringa blir å få dei fem store, faste medlemmene til å seie ja, seier Greve.

Ho trekkjer fram ei oppleving som viser at det kan vere snakk om å true med tribunal, så endrar overgriparar oppførsel.

– Då Indonesia for hardt fram på Aust-Timor, gjekk FNs generalsekretær Kofi Annan ut og varsla at det kunne kome eigen domstol for krigsbrotsverk. Resultatet kom straks, Indonesias brutalitet blei kraftig dempa.

FN-kommisjon dokumenterer brotsverk

Fire dagar før Tysklands utanriksminister sa «aldri meir Srebrenica», presenterte FNs granskingskommisjonen for Syria ein rapport over krigsbrotsverk og mogelege brotsverk mot menneskeslekta utført under kampen om den syriske provinsen Idlib, som utspann seg på tampen av 2019.

– Barn blei bombarderte på skulen, foreldre blei bombarderte på marknaden, pasientar blei bombarderte på sjukehuset, og heile familiar ble bombarderte sjølv om dei flykta, fortalte kommisjonsleiar Paulo Pinheiro på framlegginga.

I snart ti år har krigsbrotsverkgranskarane lagt rapport etter rapport på FNs bord som fortel om massive folkeretts-, humanitærretts- og menneskerettsbrot i Syria. Ansvarlege blir peika ut, men FN nektar å gjere dei offentlege.

Ufattelege lidingar i Syria

Halvvegs i Syria-krigen, i 2016, melde kommisjonen:

– Avskyelege brot på menneskerettane og folkeretten held fram med full styrke, forverra av openberr straffefridom.

I mars, då Syria-krigen gjekk inn sitt tiande år, sukka granskarane høglydt over dei ufattelege lidingane som rammar sivilbefolkninga - utan at FN viser vilje til å stille ansvarlege til ansvar.

Kommisjonsmedlem Karen Koning AbuZayd har vore med heilt sidan starten i 2011. Ho fortalde nyhendebyrået AFP at ho trudde oppdraget ville vere over etter eit år:

– Eg hadde inga aning om at me framleis skulle halde på med dette.

I den ferske Idlib-rapporten blir 52 angrep, frå alle partar i Syria-krigen, dokumenterte.

Dokumenterer tortur

Internasjonale og nasjonale menneskerettsorganisasjonar dokumenterer overgrep i Jemen og Syria. Sist ut er den jemenittiske organisasjonen Mwatana som har lagt fram ein rapport for åra 2016-2020. Han skildrar vilkårleg fengsling og internering, massiv bruk av tortur, henging av innsette.

Mwatana skriv at alle partar i krigen kan vere skuldige i krigsbrotsverk.

I juni gjekk Human Rights Watch (HRW) ut og bad den libyske opprørsgeneralen Khalifa Haftar om å granske påstandar om at hans menn har utført krigsbrotsverk i Libya etter funn av massegraver. HRW melde at på videoopptak i sosiale medier kunne det sjå ut som om Haftars soldatar utførte utanomrettslege avrettingar.

I fjor bad Amnesty International om at ICC etterforska «omsynslause» angrep på sivile område i Tripoli i Libya. Kan vere krigsbrotsverk, meinte organisasjonen. Eit halvt år tidlegare gjekk Amnesty ut og refsa verdssamfunnet for å lukke augo for omfatande krigsbrotsverk i Syria, Jemen og Libya.

Sakene blir ikkje forelda

Lagdommar Hanne Sophie Greve meiner det er viktig å ha eit langsiktig perspektiv på rettsoppgjer, for det kan ta tid å få etablert nye tribunal.

– Men, og det er viktig, desse sakene blir ikkje forelda, understrekar ho.

Fire tribunal er blitt oppretta

Sidan 1945 er det blitt etablert fire tribunal for krigsbrotsverk:

Nürnberg-prosessen: Ei krigsbrotsverksrettssak som blei ført i 1945–1946 for ein alliert militærdomstol i byen Nürnberg i Vest-Tyskland mot framskotne politiske og militære leiarar i Nazi-Tyskland.

12 blei dømt til døden ved henging, sju fekk fengselsstraffer, tre blei frifunne. Dødsstraffene blei effektuerte 16. oktober 1946, med eitt unntak. Herman Göring tok sitt eige liv få timer før han skulle avrettast.

Tokyo-prosessen: Ei krigsbrotsverksrettssak etter andre verdskrig mot 28 leiande japanske politikarar og militære. Rettssaka blei ført for ein alliert domstol i Tokyo frå 1946 til 1948. Alle 28 tiltalte blei funne skuldige, sju blei dømt til døden ved henging.

Jugoslavia-domstolen: FNs krigsforbrytardomstol for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) blei oppretta etter vedtak i FNs tryggingsråd i 1993, og lagt ned i 2017. Domstolen i Haag i Nederland hadde jurisdiksjon over einskildpersonar som var ansvarlege for folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta i det tidlegare Jugoslavia etter 1. januar 1991, altså under krigane på Balkan 1991-1995 og 1999. Totalt 161 politikarar og militære blei tiltalt av påtalemakta til domstolen. 90 blei dømde.

Rwanda-domstolen. Det internasjonale tribunalet for Rwanda blei oppretta av FNs tryggingsråd i 1995, og lagt ned i 2015. Oppgåva var å dømme dei ansvarlege for folkemordet i Rwanda i 1994. Domstolen låg i Arusha i Tanzania. 93 politikarar, embetsmenn, militære leiarar, næringslivsleiarar, medieleiarar og religiøse leiarar blei tiltalt, to tredelar blei dømde til fengselsstraffer.

LES MEIR

Historisk rettssak i Tyskland - Assad-offiserar tiltalte for tortur

---

Krigar

  • Krigen i Syria starta i 2011, Syrian Observatory for Human Rights melder at 586.000 menneske er blitt drepne i krigen.
  • Krigen i Libya starta i 2011, landet har vore prega av krig, kaos og anarki sidan opprørarar – med luftstøtte frå Norge og NATO – styrta Muammar Gaddafis regime i 2011.
  • Krigen i Jemen starta i 2015, ein regional koalisjon leia av Saudi-Arabia gjekk til krig mot den lokale Houthi-rørsla som tok kontroll over Jemens hovudstad Sanaa nokre månader tidlegare. Armed Conflict Location & Event Data Project melder at 100.000 menneske er drepne i krigen. FN seier at krigen er «den verste humanitære krisa i vår tid», 14 millionar treng akutt humanitær hjelp.

---

---

Krigar

  • Krigen i Syria starta i 2011, Syrian Observatory for Human Rights melder at 586.000 menneske er blitt drepne i krigen.
  • Krigen i Libya starta i 2011, landet har vore prega av krig, kaos og anarki sidan opprørarar – med luftstøtte frå Norge og NATO – styrta Muammar Gaddafis regime i 2011.
  • Krigen i Jemen starta i 2015, ein regional koalisjon leia av Saudi-Arabia gjekk til krig mot den lokale Houthi-rørsla, som tok kontroll over Jemens hovudstad Sanaa nokre månader tidlegare.
  • 100.000 menneske er drepne i krigen. FN seier at krigen er «den verste humanitære krisa i vår tid», 14 millionar treng akutt humanitær hjelp.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter