Nyheter

Ynskjer ikkje katolsk skule

Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik, meiner den katolske kyrkja er viktig for byen.

– Det er mange katolikkar som flyttar til Trondheim, så kyrkja ­betyr meir og meir for innbyggjarane i byen. Det er også grunnlaget for at dei no treng ei ny kyrkje, seier ­Ottervik.

LES REPORTASJEN FRÅ TRONDHEIM KATOLSKE KYRKJE: Jorda rundt på ein søndag

Nei til skule

Kapellan i kyrkja, Egil Mogstad, har sjølv jobba som lærar i mange år, og ynskjer på sikt ein katolsk skule i Trondheim. Det meiner ordføraren er ein dårleg idé.

– Noko av styrken i denne byen er at alle, uavhengig av tru, kan møtast i fellesskulen. Det handlar om respekt og toleranse. Så eg håper vi ikkje får ein slik skule, seier ho.

Følg #detreligiøsenorge Facebook og Twitter!

– Eit fellesskap

Mange som kjem til den katolske kyrkja i Trondheim spør om fast­legeordninga, bustadmarknaden og så vidare.

– Kvifor trur du dei går dit og ikkje til det offentlege?

– Det handlar nok om språk og tryggleik. Der har dei eit fellesskap og det er mange som stiller spørsmål. Den religiøse biten er nok ­eksistensiell for mange, men det ­sosiale nettverket kan vere like viktig, trur Ottervik.

LES FØRSTE REPORTASJE I SERIEN: Bygde småbruket om til tempel

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter