Nyheter

Vraka riksstjerner

Stigande politiske stjerner strevar med å få sikre plassar på stortingsvallister.

– Mange nominasjonskomitear vil ha listetoppar som bur i fylket dei skal representere, seier Skjalg Fjellheim, politisk redaktør i Nordlys i Tromsø.

Frå redaktørkrakken i Nord-Norges største avis har han rista kraftig i dei folkevalde som han kallar «postbokspolitikarar»; stortingsrepresentantar som ikkje bur i fylket dei er valt inn frå, men i Oslo.

LES MEIR Mistet førsteplassen

Rydda plass

– Er det dette som rammar Sylvi Listhaug, at Frp i Møre og Romsdal heller vil ha ein listetopp som bur i fylket?

– Kan sjå slik ut, seier Fjellheim.

Vala til nominasjonskomiteane kan kollidere med det partileiinga sentralt ønskjer. Kjende regionpolitikarar kan bli sette opp mot sterkt synlege rikspolitikarar.

Sylvi Listhaug blei henta til Kongens bord av partileiar Siv Jensen i 2013. I sommar starta ferda mot eit sete på Stortinget. I august gjekk innvandringsministeren for heimfylket, Møre og Romsdal. Ein plass måtte ryddast. Førstemann ut var Oskar J. Grimstad. Tingmannen ønskte ikkje å møte Listhaug i kampvotering.

Nominasjonskomiteens førsteutkast hadde som venta parlamentariske leiar Harald T. Nesvik på topp med Listhaug på andre og ein annan Jensen-handplukka statsråd på tredje, landbruksminister Jon Georg Dale på tredje.

Bur i fylket

Måndag sende Nesvik ut ei overraskande melding. Han takkar likevel nei til attval. Han vil bruke meir tid på familien. Valet skulle bane veg for to stigande Frp-stjerner på topp i Møre og Romsdal. To som partileiar Siv Jensen henta inn i regjeringa.

Men nominasjonskomiteen vil det annleis. Onsdag viste dei fram Frp-fylkesleiar og tidlegare Stranda-ordførar Frank Sve på listetoppen. Listhaug fekk andreplassen og Dale den høgst usikre tredjeplassen. Begge bur i Oslo.

Avgjerda kom svært overraskande på sentrale tillitsvalde i partiet, melder Sunnmørsposten. Lista er sendt på høyring i fylkespartiet før nominasjonsmøtet avgjer det heile.

Får folkemøte

Nordlys-redaktør Fjellheim meiner at det har stor verdi for veljarane å møte politikarane dei sender til Stortinget:

– Når folk i Tromsø ein laurdag møter stortingsrepresentant Tove Karoline Knutsen frå Ap som er heime i helga, har det ein stor symboleffekt.

LES MEIR Listhaug på kristenjakt

Valde fylkesleiar

I september blei ei anna stigande stjerne dytta vekk frå ein førsteplass. Ida Lindtveit leiar KrFs ungdomsparti, og hadde ein samla nominasjonskomité i Akershus KrF bak seg; KrFUs Lindtveit skal på Stortinget.

Men på sjølve nominasjonsmøtet blei KrFU-leiaren dytta vekk frå førsteplassen. Dei frammøtte ville heller ha leiaren i Akershus KrF, Ingunn Ulfsten. Hennar kandidatur blei fremma via eit benkeforslag.

Partileiar påverke

Jens Stoltenberg fortel i den ferske biografien at han som Ap-leiar og statsminister dytta fram det politiske talentet Hadia Tajik. «(...) jeg hadde engasjert meg for å få henne på Stortinget», skriv han.

I 2008 skulle Rogaland Ap velje kven som skulle stå på sikre plassar før 2009-valet. Tidlegare nestleiar i Rogaland AUF, Hadia Tajik, var kandidat. Sidan 2006 hadde ho vore rådgjevar for Ap-statsrådar, busett i Oslo. Men nominasjonskomiteen i Rogaland ville ikkje setje Tajik høgare enn på ein fjerdeplass. Difor takka ho ja til å bli nominert i Oslo, på ein sjetteplass, som blei ledig. Året etter var ho folkevalt.

Flyttar ikkje

I Nordlys gler Fjellheim seg over at Troms Aps nye listetopp, Cecilie Myrseth, ikkje vil flytte til Oslo om ho kjem på Stortinget neste haust.

– Myrseth er småbarnsmor, men seier ho vil pendle, for ho vil bu i Troms.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter