Nyheter

Vil inspirere med religiøst samarbeid

– Vi snakkar mykje om dialog, men vi kan ta det eit steg vidare, meiner misjonær og forskar Arngeir Langås. Han trur mange kan lære av Zanzibar.

Etter eit omstridt presidentval på Zanzibar i 2001, vart minst 35 menneske drepne og meir enn 600 såra under ein demonstrasjon i byen Pemba. Mange flykta til nabolandet Kenya.

– Mange var redde for at dette­ skulle eskalere, fortel Arngeir Langås, som var misjonær på øya frå 2002 til 2010.

Dei religiøse leiarane på øya spurde seg: Kva kan vi gjere? Mange høyrer på oss. Om vi tek eit initiativ for fred, så kan det kanskje hjelpe.

Resultatet vart ein formell ­komité, forma av tre kyrkjer – den katolske, den anglikanske og den lutherske – og fire muslimske institusjonar. Måndag forsvarte Langås si doktoravhandling om komiteens arbeid.

– Noko av det ­første dei gjorde, før valet i 2005, var å invitere politikarar frå dei to forskjellige­ partia. Det var ein muslimsk imam som brukte islamske argument for fred, og ein kristen biskop som talte utifrå Bibelen om same tema, ­fortel Langås.

Sidan danna lokale grupper seg og hadde møter, både i ­hovudstaden og på landsbygda.

– Poenget er at mange får erfaring med at religionar kan møtast. Først då kan ein ha ein dialog, meiner han.

Av Zanzibars 1,3 millionar innbyggjarar er 98 prosent muslimar.

Langås fortel om ein kvardag der det kallast inn til bøn fem gongar om dagen frå fleire ­minaretar. Der mange kristne og muslimar ynskjer kvarandre eid mubarak og god jul.

LES OGSÅ: Oppretter nytt muslim-nettverk

Meir enn dialog

Langås ­håper komiteen på Zanzibar kan inspirere fleire.

– Verda er blitt mindre. Veldig mange stadar bur det både kristne og muslimar. Det blir fort eit tema. Er vi isolert frå kvarandre, eller vender vi oss mot kvarandre? Kan vi ete mat saman? Lese Bibelen og Koranen saman? Det er alt etter kva ressursar ein har.

Langås meiner dialog er bra, men at ein ofte kan gjere meir.

– Vi snakkar mykje om dialog, men vi kan ta det eit steg vidare og spør: Kva kan vi samarbeide om? Er det trygg veg til barnehagen? Er det ungdom som har problem i vårt område? Kva kan vi gjere lokalt? Det kan vere ein konstruktiv tanke mange stadar, trur han.

– Eg seier ikkje at det er lett, men det er ein måte å bidra til ei betre verd på.

– Kyrkja tek initiativ

Langås er oppteken av diapraksis – det å handle saman på tvers av ­religiøse linjer, men med religiøs motivasjon. Berit Agøy, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd og representant i Samarbeids-rådet for trus- og livssynssamfunn er einig i at praktisk samhandling er svært viktig.

- Ofte har folk dei same livsvilkåra, uansett om dei er kristne, muslimar eller noko anna. Dei vil vere opptekne av dei same tema innan skule, helse, og så vidare. Dei fleste truande vil nok vere einige i at samarbeid er bra, som eit felles ansvar for samfunnet, trur ho.

– Har du inntrykk av at slike samarbeid skjer ofte i Noreg?

– Ja, det trur eg. Men det er nok framleis slik at dei kristne ­kyrkjelydane tek initiativ. Og så vil det variere i kva grad ein ­inviterer andre inn.

LES OGSÅ: Ber lærarar drive trusdialog

Aktivitetsdagar

Arngeir Langås er sjølv busett i Danmark. I ein forstad utanfor Århus, der det bur mange frå Libanon, har dei blitt inspirert av erfaringane frå Zanzibar.

– Kyrkjelyden og muslimske foreiningar gjekk saman og arrangerte ein aktivitetsdag, der dei samla inn pengar til ein barne-
heim i Libanon. Vi hadde også dialogmøter der tema ikkje var Koranen eller Bibelen, men kva vi ynskjer for dei unge i området. Og dei unge slapp også til.

Framtida

– Kva tilbakemelding fekk de frå dei som 
deltok?

– At det var fine møter. Men det som er interessant er kva som skjer om 5-10 år. Då ser vi kanskje resultata av kven som møttest der og kva idear som vart styrka, trur han.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter