Nyheter

Vil halshogge 21-åring

Demonstrerte som 17-åring. Kong Salman avgjer om dødsdom blir effektuert.

Få land i verda avrettar barn. Mellom desse få er Saudi-Arabia, som nyleg fekk eit leiarverv i FNs menneskerettsråd.

I fjor blei Ali Mohammed al-Nimr dømt til døden med halshogging. Etter at hovudet er hogd av skal kroppen hengjast opp på eit kors, til skrekk og åtvaring for kvarmann i landet som er styrt av ein eineveldig kongefamilie.

Brukte tortur

Ali Mohammed al-Nimrs brotsverk: I 2012, som 17-åring, deltok han i demonstrasjonar mot styresmaktene, gjekk til åtak på tryggingsstyrkar, eigde eit maskingevær og deltok på væpna ran.

I ei kunngjering skriv Amnesty Norge: «Ifølge Ali ble han torturert og tvunget til å signere en tilståelse.»

Som shia-muslim i det sterkt sunni-dominerte Saudi Arabia deltok Ali Mohammed al-Nimr i protestar mot kongestaten då den arabiske våren sneia innom landet i 2012.

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch skriv at al-Nimr berre gjekk i nokre demonstrasjonstog og ropte nokre slagord mot statsmakta. Det einaste som står igjen i rettsprosessen no, er at kong Salman skal godkjenne avrettinga.

LES MER: Frakta vin – 350 piskeslag ventar

Press på kongen

Far til 21-åringen, Mohammed al-Nimr, vonar at takka vere det gode forholdet mellom Saudi-Arabia og Storbritannia, kan den britiske statsministeren, David Cameron, klare å få kong Salman til å benåde sonen.

– Eg vonar Camerons intervensjon kan ha ein positiv effekt på den kongelege familien i Saudi Arabia, seier faren til Channel 4 News.

Labours nyvalde leiar, Jeremy Corbyn, legg også press på Cameron.

LES MER: Brukte åtte år på å ta av hijaben

Klar melding

Saudi-Arabia meiner Cameron og andre statsleiarar kan passe sine eigne saker framfor å blande seg inn i saudiske innanrikspolitiske saker.

Ambassaden i London har sendt ut denne pressemeldinga: «Rettsvesenet er eit uavhengig organ, og kongeriket Saudi-Arabia avviser alle former for innblanding i interne saker.»

LES MER: Saudi-Arabia får lederverv i FNs menneskerettighetsråd

Overlagt drap

I Amnesty Norge har dei ei anna oppfatning:

«Ali al-Nimrs dom bryter barnekonvensjonen, som fastsetter at barn som er under 18 år ved begått lovbrudd ikke skal dømmes til døden. Saudi-Arabia har undertegnet barnekonvensjonen, og er dermed pålagt å følge den. Dødsstraff er et overlagt drap utført av staten og er etter Amnestys mening en umenneskelig straff.»

LES MER: Skiftet tro – fikk moren hjem i en plastpose

Forsvare samfunnet

I august forklarte den saudiske ambassadøren til Norge, Esam A. Abid Althagaf, det er skilnad på menneskerettar i Norge og Saudi Arabia.

– Det er to ulike kulturar, sa han til Nettavisen.

Bruken av dødsstraff i form av halshogging forsvarar ambassadøren slik:

– Det er ein måte å forsvare samfunnet på.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Mange avrettingar

Seier kong Salman ja til at bøddelen kan heve sverdet, blir Ali Mohammed al-Nimr ein av svært mange som blir avretta i år. Human Rights Watch melder at det er snakk om ein trend som går i feil retning.

Berre i år har oljestaten avretta heile 135 menneske.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter