Nyheter

Vil ha eritrearar ut

Solberg-regjeringa vil ha ein returavtale med Eritrea. Norge samarbeider med Sveits, som har gjort det vanskelegare for eritrearar å få asyl.

To etter at dåverande statssekretær i Justisdepartementet, Jøran Kallmyr (Frp), reiste til Eritrea i von om å få på plass ein returavtale, kan Vårt Land fortelje at regjeringa no girar opp arbeidet.

For Kallmyrs von blei ikkje røyndom i 2015. Frp-statssekretæren fekk ingen avtale med seg heim frå Eritrea. Difor kan framleis ikkje Norge tvangsreturnere eritrearar.

Kvartett

No har Norge funne saman med tre andre europeiske land som har gjeve opphald til svært mange eritreiske flyktningar: Sverige, Tyskland og Sveits.

Nesten alle eritrearar som i dag søkjer asyl i Norge, får ja. Berre eit fåtal får avslag. Men ingen kan returnerast. Eritrea nektar å sleppe inn borgarar som har flykta – tilsynelatande.

Eitt av dei tre landa Norge har gått saman med i eit diplomatisk Eritrea-samarbeid, har nettopp avsagt ein dom som vil store konsekvensar for eritrearar på flukt til Europa: Den sveitsiske forvaltningsdomstolen i St Gallen har nyleg konkludert med at det å flykte frå den kraftig kritiserte nasjonal- og militærtenesta som held eritrearar i eit årelangt jarngrep, ikkje lenger skal vere ein opplagt grunn for asyl i Sveits.

Reiser på besøk

«Ein kan ikkje lenger oppretthalde tidlegare praksis», melder Bundesverwaltungsgericht. Domstolen peikar på at mange eritrearar som får asyl i Sveits faktisk reiser på besøk til heimlandet, trass i at dei har oppgjeve at dei vil bli straffa om dei vender tilbake.

Innstramminga i Sveits er endeleg. Dommen frå januar kan ikkje ankast til landets høgsterett.

I 2014 kunne Vårt Land fortelje om det same; eritrearar som har søkt og fått asyl i Norge reiser gjerne heimatt. Utlendingsdirektoratet (UDI) fortalte at reiseverksemda til Eritrea av eritrearar som i dag bur i Norge, er omfattande. Difor måtte UDI innføre reiserestriksjonar.

Avtale

I byrjinga av mars meldte den sveitsiske avisa Tagblatt at den nemnde kvartetten sende toppdiplomatar til Eritrea i januar og møtte Yemane Gebreab, den nære rådgjevaren til president Isaias Afewerki.

Utanriksdepartementet opplyser til Vårt Land at det var eit nytt møte no i mars. I ein e-post til Vårt Land skriv statssekretær Marit Berger Røsland (H) følgjande:

«Spørsmålet om retur har vært tatt opp, men det er ikke innledet forhandlinger om en returavtale, selv om det på sikt er et ønske om å få til en avtale.»

Tema

På spørsmål om kva som er tatt opp på møta i år, svarar Røsland:

«Samtalene med Eritrea hadde en bred dagsorden med tema som migrasjon, regional sikkerhet og stabilitet, menneskerettigheter, rettsstat og økonomisk utvikling», og legg til at Norge også tek opp «behovet for en bedring i menneskerettighetssituasjonen».

Sidan 2015 har FN lagt fram rapportar som fortel om tvangsarbeid, tortur, drap, valdtekter og slaveri.

– Vi ser sjeldan menneskerettsbrot i eit slikt omfang som det vi ser i Eritrea i dag, melder FNs spesialrapportør for Eritrea.

Åtvarar

I Eritreakomiteen er leiar Finn Våge svært skeptisk til samtalane Norge har med Eritrea.

– Norge må krevje at FNs spesialrapportør får sleppe inn i landet, og få tilgang til heile landet, blant anna til dei mange fengsla der opposisjonelle sit.

Våge trur ikkje Norge – eller andre land – vil få ein retur-
avtale med Eritrea med det første.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter