Nyheter

Vil fjerne 175 trosmillionar

- Null livssynskroner til utenlandske statsborgere, forslår Ola Borten Moe (Sp). Forslaget rammer 185.000 kristne, muslimer og buddhister bosatt i Norge.

Bilde 1 av 2

– Senterpartiets forslag er heilt vanvittig. Eg er sjokkert, seier­ Ingrid Rosendorf Joys, leiar i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL). Rådet er ein paraplyorganisasjon for 14 ulike trus- og livssynssamfunn, eller samanslutningar av desse.

STL-leiinga er så opprørt over forslaget frå Senterpartiets programkomité at Rosendorf Joys no ber om eit møte med partileiinga for å avklare kva partiet ønskjer.

LES OGSÅ: For innflyttere til Norge er den katolske kirken litt som Sjømannskirken

Offentleg støtte

Det er i førsteutkastet­ til nytt parti-
program for stortingsperioden 2017-2021 at programkomiteen har formulert posten som provoserer Norges største trus- og livssynsorganisasjon:

Senterpartiet vil at «regel-
verket for støtte til trossamfunn endres, slik at det kun gis støtte for de medlemmer som er norske statsborgere».

– Kvifor trur du Senterpartiets programkomité kjem med dette framlegget, Rosendorf Joys?

– Eg ønskjer ikkje å spekulere på motivet, men vil berre understreke­ at framlegget verkar lite gjennomtenkt. Dette smaker av ei form for nasjonalisme vi ikkje ønskjer.

Store tilskott

Summen Senterpartiet­ ivrar for å dra inn, er stor: Vel 175 millionar kroner.

– I 2016 er satsen for utrekning av statstilskott til trus- og livssynssamfunna 472 kroner per medlem. 184.327 medlemer utan norsk statsborgarskap kan dermed gje ei samla utbetaling av statstilskott på 87 millionar kroner i 2016, opplyser kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) i eit skriftleg svar til Stortinget.

Om den samla kommunale støtta seier Helleland at summen vil vere «omtrent like stor som, eller litt større, enn statstilskottet».

Seks kyrkjesamfunn tronar på toppen av lista over flest tilskottsteljande medlemmer utan norsk statsborgarskap. 90.000 av desse tilhøyrer Den katolske kyrkja.

LES OGSÅ: Mann i Sandnes vil starte Spagetthimonster-kirke i Norge

Sp ba om tal

Hellelands departement­ har rekna ut den samla offentlege støtta, etter at stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet stilte følgjande spørsmål:

«Kor mykje støtte er dei siste åra blitt utbetalt til ulike religions- og livssynsorganisasjonar frå stat og kommune for medlemer utan norsk statsborgarskap totalt og fordelt på organisasjon og/eller livssyn/religion?»

Kulturdepartementet kan berre­ gje årets tal, fordi Brønnøysundregistra – som kontrollerer alle medlemslister i trus- og livssynssamfunn – slettar alle medlemslister og personopplysingar før ny kontroll blir gjennomført.

Taust i Høgre

Norunn Tveiten Benestad er partifelle med kulturministeren og Høgres kyrkjepolitiske talskvinne. Ho ønskjer­ ikkje å meine noko om Sp-framlegget som provoserer STL så kraftig at dei går til det uvanlege skrittet å be om eit møte med partileiinga:

– Kulturministeren har 
varsla at ho skal ein samla gjennomgang­ av trus- og livssynsfeltet, så eg ønskjer ikkje å kommentere Sp-forslaget, seier ho.

LES OGSÅ: Soulchildren inntar Misjonssambandet

Offentlege gode

Ola Borten Moe, leiar i programkomiteen og nestleiar i Sp, kan forklare kva partiet tenkjer:

– Vi ønskjer at dei som skal dra vekslar på offentlege godar, skal vere norske statsborgarar. Difor gjer komiteen også framlegg om å bruke statsborgarskap som grunnlag når mandata ved stortingsvala blir rekna ut. I dag blir alle innbyggjarar i ein kommune rekna med. Senterpartiet ønskjer at berre dei som er statsborgarar skal telje med.

Ønskjer reaksjonar

– Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn er så provosert over kuttforslaget at dei ber om eit møte med partileiinga – kva seier du til den reaksjonen?

– Vi ønskjer å få inn reaksjonar på førsteutkastet. Etter høyringa i organisasjonen skal komiteen leggje fram eit revidert program, seier Borten Moe.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter