Kirke

Vil bygge stor frikyrkje

Rolf Kjøde vil samle lutherske einingar, som mellom anna kan fange opp dei som ynskjer å forlate Den norske kyrkja.

– Dei som går ut av Den norske kyrkja har ein tendens til å hamne­ her og der. Derfor har mange av oss vegra seg for å forlate kyrkja, seier Rolf Kjøde.

I haust melde den tidlegare generalsekretæren i Normisjon seg ut av Den norske kyrkje, på grunn av vedtaket om likekjønna­ vigsel.

Visjon

Men Kjøde vil meir. Då han var gjest hjå NRKs Verdi­børsen førre veke, svarte han dette på spørsmål om kvar han no melder seg til teneste:

«For no har eg meldt meg inn i eit nyoppretta trussamfunn innan­for organisasjonen Normisjon. Så får vi sjå kor lenge det varer. For eg har større tankar enn å berre stå i eit slikt register.»

– Kva legg du i det?

– Eg håper at vi kan sjå føre oss noko større enn trussamfunnsregistera til organisasjonane. Visjonen er ei større luthersk frikyrkje der desse trussamfunna også høyrer med, seier Kjøde til Vårt Land.

Signaleffekt

Over fleire år har han jobba for å samle lutherske leiarar som står for «klassisk teologi», for å sjå om dei kan skape noko for framtida.

LES OGSÅ: Vil frikirken ha noe med denne mannen å gjøre?

Kjøde ser føre seg at Normisjon, Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband kunne vore del av eit nettverk, i tillegg til Den Evangelisk Lutherske Frikirke og Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK).

– I tillegg er det kjempeviktig at vi har med den store gjengen i Den norske kyrkja som soknar til Frimodig kyrkje, meiner han.

Sjølv tenker Kjøde at dette nettverket bør være et steg mot ei større, samlande frikyrkje, men presiserar at andre kan tenke annleis om dette.

Frimodig kyrkje vart stifta tidlegare i år, for å gi støtte og rettleiing til dei som vel å bli verande som medlemmar i Den norske kyrkja.

– Kvifor er det viktig å samle alle desse?

– For å signalisere til folk at vi er mange, at vi ikkje berre finst i marginane. Eg trur mange er trøytte av den kyrkjelege striden der dei stadig taper, fordi den norske kyrkja utviklar seg som den gjer.

Noko til felles

Forstandar i Normisjon Agder trussamfunn, Gunnar Urstad, tykkjer tankane om eit større nettverk er spanande.

– Det er eit tema eg absolutt ynskjer velkomen. Vi vil gjerne vere med i samtalen om dette, seier han.

Urstad understrekar at han uttalar seg på vegne av trussamfunnet i organisasjonen, ikkje Normisjon som heilskap.

– Kva gjer ideen til Kjøde ­spanande?

– Eg ser styrken i å ha noko til felles. At vi er ei større eining som står saman, svarar han.

Dei må ta det steg for steg, trur Urstad. Enn så lenge vil han konsentrere seg om det nyoppretta trussamfunnet han leiar.

Kan koste mykje

Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK) har heller ikkje drøfta samanslåing med andre lutherske kyrkjer, ifølgje tilsynsmann Rolf Ekenes.

– Samanslåingar er sjølvsagt ei utfordring for oss. Jesus ynskjer at vi alle må vere eitt, seier han.

Samtidig trur han at forskjellar i bibelsyn og lære kan gjere at samanslåingar kostar mykje.

– Då er det betre med forsona usemje og god kontakt, og at både leiarane og somme av kyrkjelydane kan ha jamne møtepunkt, trur han.

Likevel er han einig med Rolf Kjøde i at eit nettverk ville vere eit viktig grep.

– Det er eg open for. Vi i DELK er små og då må vi stille spørsmålet: Kvar går vegen vidare for oss? Det vil heilt sikkert bli viktig for oss i tida som kjem, seier Ekenes.

Lang veg

Til tross for at Kjøde vil ha ei frikyrkje på sikt, meiner han nettverket ikkje ville blitt ein konkurrent til Den norske kyrkje, men ein ressursstad der ein kan støtte kvarandre. Men han trur det er lenge før dei greier å realisere målet.

– Eg håper eg får oppleve det, men det er ikkje sikkert det skjer i mi levetid.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kirke