Nyheter

Verdensbanken trekker lån etter overgrep mot jenter

Verdsbanken straffar Uganda. Milliardlån til vegbygging trekt tilbake.

Gro Lindstad er dagleg leiar i bistandsorganisasjonen Fokus - Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål. Ho er særs nøgd med avgjerda til Verdsbankens president Jim Yong Kim:

For første gong har banken kansellert eit lån fordi eit selskap ignorerte varsel om brot på kvinners rettar. Dette bør norske selskap merkje seg, meiner Lindstad.

– Dei er ikkje så reine at dei kan seie at dette kan ikkje skje hjå oss, seier ho til Vårt Land.

Fokus-sjefen meiner norske selskap til dømes må granske underleverandørar grundig når dei investerer i fattige land.

LES MER Brende vil holde øye med Uganda-arv

Byggje veg

Dette skjedde i Uganda: Verdsbanken gav landet eit lån på 265 millionar dollar – etter dagens kurs vel 2,3 milliardar kroner. Lånet skulle brukast på ei kraftig opprusting av ein 66 kilometer lang vegstrekning vest i Uganda. Anleggsperioden starta i 2013.

Betre vegar er viktige bistandsprosjekt. Betre kommunikasjonsårer sikrar raskare og tryggare transport av varer, noko som igjen sikrar økonomisk vekst og redusert fattigdom.

Melde overgrep

Allereie året etter kom varsla: Vegarbeidarar krenkar jenter og kvinner som bur i landsbyane langs anleggsstrekninga.

Forsøket på å rapportere overgrep til vegentreprenøren, lokale styresmakter og Verdsbankens representantar i Uganda førte ikkje fram.

I desember 2014 organiserte Verdsbankens Uganda-kontor eit folkemøte for innbyggjarane som bur langs vegen. På spørsmål om dei som hadde blitt utsett for seksuelle overgrep kunne rette i hand i veret, fekk banken klart svar. Ingen hender i veret. Dermed konkluderte bankens landstab med at klagemåla var falske, melder Financial Times.

LES MER Vokter støtten til Uganda

Gravide etter voldtekt

Ein grasrotorganisasjon i Uganda, Joy for Children, fekk hjelp av Bank Information Center (BIC) til å lage ein rapport om korleis vegprosjektet påverka barn. BIC er ein amerikansk organisasjon som arbeider med politisk påverknad av Verdsbanken.

Dette er hovudfunna i deira rapport.

• Mange, lokale og mindreårige jenter blei utsette for seksuelt misbruk.

• Jenter blei gravide etter overgrep.

• Vekst i talet på mindreårige sexarbeidarar.

• Fleire er blitt smitta med hiv og er blitt aids-sjuke.

• Jenter slutta på skulen.

Jenter har vore særleg utsette for misbruk og trakassering på skulevegen eller i samband med sal av jordbruksvarer langs Kamwenge–Kabarole-vegen, opplyser Lindstad i Fokus, som har følgt utviklinga i Uganda-saka.

Ho fortel at jenter som har forsøkt å rapportere overgrep til politiet, er blitt avviste eller så har gjerningsmenn betalt seg ut.

Alle feila

Rapporten frå Joy for Children og BIC påverka Verdsbanken til å handle. Undersøkingar blei utført. Konklusjonen som kom blei brutal for Uganda:

Veglånet på 265 millionar dollar blei kansellert. Landet må sjølv bere kostnaden.

Banksjef Jim Yong Kim er nådelaus. Alle feila i dette prosjektet, både Verdsbanken, ugandiske styresmakter og den statlege entreprenøren.

– Og det er uakseptabelt, seier verdsbankpresidenten i ei kunngjering, og legg til:

– Det er vår plikt å overvake alle investeringsprosjekt for å sikre at fattige og sårbare er verna. I dette tilfellet gjorde vi ikkje det.

Viktige vaktbikkjer

Lindstad i Fokus kan ikkje få rost grasrotorganisasjonen Joy for Children nok:

– Denne saka viser kor viktig sivilt samfunn er, og då særleg dei mange små lokale grasrotorganisasjonane i fattige land. Dei klarar å reise merksemd rund saker som blir oversett av dei store organisasjonane.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter