– Sjå her, ja.
Sitjande på kontoret, med Sp-høvdingen Per Borten i ryggen, les partileiar Trygve Slagsvold Vedum tala som er historiske. Aldri tidlegare har Senterpartiet hatt så høg oppslutning på ei Vårt Land-måling som januartala frå Norstat:
8,6 prosent - opp heile 2,3 prosentpoeng frå desember.
Bygdekjennar er klar: Senterpartiet vil oppleve endå betre galluptal:
– Senterpartiet gjer det bra om dagen, og dei vil halde fram med å stige. For no har motmakta vakna til live for alvor – motstanden mot alle reformene til regjeringa veks, seier Dag Jørund Lønning.
Han er rektor på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) og følgjer sentraliseringsdebatten med stor interesse. Lønning meiner at jo høgare kommunalminister Jan Tore Sanner (H) snakkar om kommunesamanslåing, dess sterkare blir Senterpartiet.
LES MEIR Vedum trur på verdivår med KrF
Ikkje dumme
Vedum tek meiningsmålinga til seg. Og smiler, godt nøgd med at veljarar vil ha meir senterpartipolitikk. Han listar opp motstand mot kommunesamanslåingar, høgskulesamanslåingar, sjukehussamanslåingar – og reformen Vedum meiner provoserer svært mange om dagen: Den såkalla nærpolitireforma.
– Noko av det mest ukloke regjeringa har gjort, er å kalle politireforma for ei nærpoliti- reform, når alle ser at det er sentralisering. Det er dumt å seie noko anna enn det du gjer. Folk er ikkje dumme.
Anna samfunnssyn
– Men Vedum, korleis forklarar du januartala til Senterpartiet?
– Vi er tydelege på at vi vil ha tenestene nær folk, og at vi har eit anna samfunnssyn enn regjeringspartia. Dei kjører stordrift og sentralisering på nesten alle område.
– Kvar statsråd har akkurat same svar; slå ting saman og sentraliser. Summen blir så kraftig – og politikk er heilskap. Senterpartiet vil ha vekst i heile landet.
LES ANALYSE: «Sp driver storstilt ran av velgere fra alle ikke-sosialistiske samarbeidspartier»
Varsel til KrF
Januarmålinga viser at Sp er mykje meir attraktivt enn KrF for mange KrF-veljarar. Sist månad jafsa Vedum til seg vel 15.000 nordmenn som i desember sa dei ville ha stemt på KrF.
– Er du komfortabel med å ta så mange veljarar frå sentrumspartiet KrF, Vedum?
– Eg vonar KrF gjer eit godt val til hausten, så Senterpartiet har ikkje laga ein strategi for å ta veljarar frå KrF.
Vedum seier vekstpotensialet er for lite om dei skulle sikte seg inn på å ta KrFs veljarar.
– Det er ikkje der dei store veljargruppene er.
Gløttande ned på januartala har senterpartisjefen ei forklaring på veljarvandringa:
– Vi meiner KrF har valt ein dårleg strategi ved at dei har støtta sterkt opp under regjeringa, og særleg sentraliseringsreformene. Eg vonar KrF tek dette som eit varsel om at dei ikkje bør halde fram som garantist for sentraliseringspolitikken. Mange vil ikkje ha denne politikken, også i KrFs bakland.
Ulven på toppen
– Er det slik at ingen sentrumsparti er freda for Sp fram mot valet?
– Vi har ikkje nokon vi fredar og andre vi ikkje fredar, vi må seie det vi meiner er rett. Folket bestemmer, vi eig ingen veljarar.
– Kor viktig er ulven for Senterpartiet no?
– Han kom på toppen av alt anna. La meg ta eit døme. I Trysil mista dei fire statlege arbeidsplassar, det statlege skattekontoret, same dag som regjeringa sa at det skal vere meir ulv i Trysil. Folk kjenner seg gjort umyndige. Og når folk blir oversett, overprøvd og overkjørt, kjem det ein reaksjon. Ulven blir eit symbol på opplevd maktarroganse.
Er bygdefolk
Rektor Lønning på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling fortel at bygda står sterkt i Norge, sjølv om færre bur der.
– Nordmenn er eit bygdefolk. No protesterer stadig fleire mot det dei opplever er overkjøring frå sentralt hald. Alt er avgjort på førehand, og det blir forsøkt kamuflert som nytale.
– Som til dømes?
– Nærpolitireforma.
LES MEIR Vedum ber om skatteavklaring rundt Vision Norge
Sp tydelegare
Litt lenger inn i stortingskorridoren sit KrFs leiar Knut Arild Hareide. Han likar ikkje januartala – KrF kjenner pusten av sperregrensa: 4,2 prosent – ned 2,0 prosentpoeng frå desember.
– 4,2 er eit nivå som er altfor dårleg for oss. Men det er ikkje det verste for KrF at Senterpartiet gjer det bra, for det er eit parti som står oss nærme. Til dømes i bioteknologipolitikken. Eg er glad det er Sp som gjer det bra framfor at det er partia på ytterfløyene som vinn.
– Kva skuldast nedgongen til KrF?
– Eg ser ikkje heilt dei store sakene som kan forklare nedgongen. Våre veljarar er veldig opptekne av distriktspolitikk. Men fordi Sp står litt utanfor ansvar no, blir dei endå tydlegare enn oss.
– Men KrF legg ned lensmannskontor?
– Nei, det er det regjeringa som gjer. Vi har stilt oss bak reforma, seier Hareide, og legg smilande til:
– Vedum går heller ikkje til val på at lensmannskontora som blir lagt ned skal kome tilbake.
LES OGSÅ: Twitter kan gi flere kjendis-politikere