Nyheter

Utset kapellstriden i Arendal

Bystyre vart ikkje einige om kapellet skal gjerast livssynsnøytralt. No skal utval forsøke å løyse floka.

Arendal kapell blir brukt av folk frå mange ulike livssyn til gravferder kvart år. Men Human-Etisk Forbund har lenge uttalt seg kritisk til kyrkjekunsten i kapellet, og saka har skapt strid lokalt over lengre tid.

Skulle ta stilling

Torsdag var saka oppe i Arendal bystyre. Tilrettelegging av eit livssynsnøytralt seremonirom i Arendal vart fremja som sak på bakgrunn av tildeling av investeringsmidlar på 500.000 kroner frå Kulturdepartementet.

LES OGSÅ: Ti millioner til nøytrale seremonirom

Medlemma skulle ta stilling til:

– Om kapellet skulle avvigslast.

– Om ein midlertidig skal dekke til kyrkjekunsten med forheng under ikkje-kyrkjelege seremoniar.

– Om ein skal drøfte saka vidare i eit breitt representert utval.

– Om kapellet skal bli verande som det er i dag.

Set ned utval

Torsdag ettermiddag kom svaret. Bystyret vil ikkje ta stilling til avvigsling eller tildekking av religiøse symbol, melder NRK.

Etter ein lang debatt, vart det fleirtal for å sette ned eit utval som skal vurdere ulike moglegheiter for eit livssynsnøytralt seremonirom for gravferder i Arendal.

LES KOMMENTAR: Human-Etisk Forbund gravlegger prinsippene

Fleire engasjerte

Saka har vore ute på høyring, og kommunen har fått inn fleire høyringssvar både frå Den norske kyrkje og frie kyrkjelydar i Arendal. Fleire viste forståing for at det var behov for eit livssynsnøytralt rom, men brorparten var imot tildekking av kunsten.

Rådmannen i Arendal gjekk til slutt for forslaget frå Austre Moland sokneråd: At kapellet avvigslast og at dei kristne symbola fjernast, slik at bygget framstår som nøytralt.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter