Nyheter

Usynleg flukt sør gjennom Afrika

Målet er kontinentets rikaste land, Sør-Afrika. Vandrarane søkjer asyl – eller snik seg inn. Vi ser dei ikkje, vi er «eurosentriske», seier fotografen Luca Sola som reiser saman med dei.

83 etiopiarar blei funne stua saman og innelåst i ein lastebil. Kenyansk politi stoppa bilen som rulla mot grensa til Malawi.

40 etiopiarar blei funne døde i ein lastebil i Tanzania. Dei hadde døydd av mangel på luft.

47 personar frå land i Aust-Afrika drukna då båten deira kantra på Lake Malawi.

Flyktningstraumen, sett frå Norge, handlar om dei mange som reiser nordover i Afrika, på veg mot Libya og ein båt over ­havet til Europa.

Men det går også ein heilt annan straum gjennom Afrika. Ein vi ikkje ser i Norge. Reisene går andre vegen, mot Sør-Afrika. Og dei er like farlege som dei over Middelhavet.

Flyktningar og migrantar druknar i elver og innsjøar, dei døyr av slangebit og rovdyråtak, dei går ut av livet grunna mangel på vatn og mat.

LES MEIR Norge sponsar EUs flyktningstopprogram

Freistar fattige

Reisemålet for dei aller fleste, ligg heilt sør på det afrikanske kontinentet. Den gamle apartheid-staten Sør-Afrika har Afrikas sterkaste økonomi og freistar med jobbar og ein livsstil mange fattige drøymer om.

Dei som har pengar til reisa sørover – og eit pass med etterspurde visum – kan ta seg frå Kenya eller Somalia med buss til Sør-Afrika. Dei brukar vel ei veke – og drygt 16.000 kroner på den trygge og heller komfortable turen.

Men brorparten av dei som drøymer om Sør-Afrika, har korkje pass eller pengar.

Difor må mange arbeide seg sørover. Dei stoppar undervegs, sparar pengar, reiser vidare, stoppar – og sparer. Mange vel også å leggje ferda i hendene på menneskesmuglarar.

Stor gruppe

Sør-Afrika rundar snart 56 millionar innbyggjarar, melder StatsSA, Sør-Afrikas svar på SSB. Deira siste konservative anslag seier at landet har 1,6 millionar utanlandskfødde borgarar, altså migrantar og asylsøkjarar. Men StatsSA vedgår at mange løyner det faktum at dei ikkje er barnefødde i landet, difor er nok det reelle talet langt høgare.

FNs kontor for økonomiske og sosiale forhold (DESA) har rekna ut at Sør-Afrika truleg husar 3,1 millionar asylsøkjarar og migrantar.

Så mange av dei fattige drøymarane som reiser frå Vest-Afrika, Aust-Afrika og Sentral-Afrika, når målet. Dei går den offisielle vegen og søkjer asyl i Sør-Afrika, eller dei snik seg over grensa.

Dokumenterer vandringa

Den italienske fotografen Luca Sola følgjer dei som bryt opp mot sør. Gjennom fotoprosjektet Stimela reiser han saman med dei som drøymer om heilt andre liv i Sør-Afrika. Stimela er zuluordet som blei brukt på toget som frakta arbeidsmigrantar frå Sentral-Afrika til kontinentets honningkrukke.

– Kvifor bryt folk opp frå Aust-Afrika, Vest-Afrika og Sentral-Afrika for å ta seg til Sør-Afrika?

– Grunnane er dei same som tvinger millionar av migrantar mot Europa: utbreidd fattigdom, høge dødstal grunna konfliktar – spesielt i Sentral-Afrika og sør for Sahara – eller mangel på grunnleggjande medisinsk infrastruktur og forfølging på grunn av rase eller religion. Forfølging løyner ofte interne kampar om kontrollen over dei enorme mineralske rikdommane på kontinentet. Eg tenkjer særleg på dagens dramatiske situasjonen i Den sentralafrikanske republikk, seier Sola.

– Kven er dei som flyktar sørover, menn eller kvinner, single eller familiar?

– Vi må skilje mellom økonomiske migrantar og asylsøkjarar. Migrantane er for det meste tenåringar eller vaksne menn med god helse som ønskjer å finne arbeid i landet dei dreg til, som oftast er Sør-Afrika – og sende pengar heim. Blant asylsøkjarane er det mest sårbare menneske, slik som eldre, barn, og kvinner. Mennene blir igjen i heimlandet for å prøve å forsvare det vesle dei har, dersom dei ikkje allereie er drepne, forklarar fotojournalisten.

Strammar lover

Men kvardagen som ventar dei aller fleste, er hard. Lange opphald i asylsøkjarkøen, og elendig betalte jobbar til dei som evnar å skaffe seg lønna arbeid.

Og akkurat som i Europa: Strengare lover som gjer det langt vanskelegare å be om asyl. Asylsøkjarar skal måtte bu i eigne senter ved grensene fram til søknadane er sluttbehandla, det skal bli vanskeleg å arbeide og studere medan dei står i asylkøen og vegen frå opphaldsløyve til statsborgarskap skal bli lengre.

– Alt skal bli mykje vanskelegare. Det som skjer her liknar det som vi ser i USA og Europa, fortel Yasmin Rajah i den frivillige hjelpeorganisasjonen Refugee Social Service.

Fotografen Luca Sola forklarar at livet i sør er hardt for dei fleste…

– Tilhøva er akkurat som i Europa; dei kjem til fattigdom, framandhat og vonløyse.

Utdannar seg ut

Fleire av dei som når Sør-Afrika, har reist heile kontinentet på langs. Dei kjem frå Eritrea og Etiopia. Kjetil Tronvoll er blant Norges fremste Eritrea- og Etiopia-kjennarar. Han trur fleire frå desse to landa no kjem til å velje ruta sørover framfor den nordover.

– Etiopia har fått ein generasjon unge med høg utdanning. Dei ser at livet dei ønskjer seg ikkje kan realiserast i heimlandet, som manglar både økonomisk og politisk stabilitet – og dei ønskjer seg til Vesten som kan by dei alt. Men no ser dei at Europa stengjer grensene og gjer det nesten uråd å ta ei av dei tre farlege rutene over Middelhavet. Difor vil nok fleire sjå mot sør, seier Tronvoll, som er professor ved Bjørknes Høgskole.

Eritrea- og Etiopia-kjennarar seier også at Europa og EUs sterke vilje til å styrke grensekontrollen i land som Etiopia, Sudan og Libya, for å stoppe straumane av migrantar og asylsøkjarar, også vil påverke dei som vil ut.

LES MEIR Åtte trender om folk på flukt

Motsett effekt

– Men no brukar EU, og Norge, store bistandssummar på såkalla preventiv bistand, ein vil betre dei økonomiske levekåra i afrikanske land som sender mange borgarar ut som migrantar – vil dette påverke straumen sørover?

– Ja, endå fleire vil reise. For det er slik at jo meir ein satsar på utdanning og næringsliv i til dømes Etiopia, dess fleire vil reise. For utdaninga dei får vil dei heller bruke i eit rikt land. Effekten EU og Norge ønskjer vil ein først få om ein generasjon. Dette betyr at i afrikanske land vil vi i lang framover ha millionar av unge som vil ut, vil vekk, og til Europa, eller Sør-Afrika.

Tronvoll forklarar også vandringa sørover med pull-faktoren. I Sør-Afrika finn du mange diasporasamfunn som har djupe røter i landet.

– Sør-Afrika har til dømes hatt ein eritreisk minoritet lenge. Desse trekkjer til seg nye som ønskjer å flykte frå det undertrykkande regimet i Eritrea, seier han.

Over nytt hav

Viljen til å leggje ut på farefulle reiser til velstanden, er høg blant unge i mange afrikanske land, seier Tronvoll.

– Den siste ruta som no blir prøvd ut blant eritrearar, går vestover gjennom Afrika, over til Sør-Amerika, og opp gjennom Mellom-Amerika til USA.

Når både Europa og Sør-Afrika pressar på frå kvar sin kant, sprekk det ut i retning vest og aust.

– Mange frå Afrikas Horn prøver også lukka austover til arabiske land, opplyser Tronvoll.

LES MEIR Kongo - krisen som går under radaren

Ser dei ikkje

– Kvifor ser vi i Europa ikkje denne store straumen av menneske som reiser sørover på det afrikanske kontinentet, Luca Sola?

– Fordi vi er «eurosentriske». Fordi den europeiske pressa alltid vektlegg forhold som handlar om europeiske land. Fordi mennesket er viktigare enn saka. Fordi det er ubehageleg, til dømes i Frankrike, å opplyse folket om at den økonomiske postkolonialismen er reell.

Kjelder: StatsSA, DESA, Bistandsaktuelt, The Guardian, BBC, AllAfrica, Irin News, Africa Check

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter