Nyheter

– Trim er usunt

Jon Fosse trimmar aldri og meiner Vårt Land oftare burde spurt: «Er du heilt ærleg no?»

Kva gir deg sommarkjensle?

– Noka god sommarkjensle har eg aldri hatt, men når eg kjenner at det er utoleleg varmt, då er det sommar. Og då lengtar eg til hausten, som er mi årstid.

Kva slags saker skaper størst skiljeliner i norsk politikk i dag?

– Eg klarer ikkje å sjå nokon tydelege skilje, men kanskje eg til dømes kan trekkja fram spørsmålet om ein skal ha borgarløn eller ikkje. Noko eg sjølv er tilhengjar av. Politikarane er elles samde om det meste grunnleggjande og gjer jamt over så godt dei kan.

Kva er det verste ferieminnet ditt?

– Ein gong eg sat bakpå ein sykkel i god fart og fekk ein berr fot inn mellom spilane.

Kven ville du helst delt ein is med?

– Eg er heller ikkje så glad i is. Dette blir heilt feil. Men, ja, borna mine. Dei likar i alle fall is.

Kva er det mest oversette spørsmålet i den norske­ samfunnsdebatten?

– Kva livet eigentleg er.

Kva slags forhold har du til tiggarar? Gir du dei pengar?

– Eg har ingenting imot tiggarar. Men det er så mange av dei at ein ikkje kan gje til alle. Men om nokon spør meg direkte og til dømes seier at dei treng pengar til dop eller til sprit, ja, så gjev eg dei pengar sjølvsagt. Eg blir meir mistenksam om dei seier at dei treng pengar til mat. Eg likar ikkje å bli lurt. Og elles gjev eg ein slant av og til når eg går forbi einkvan.

Kva er den mest religiøse opplevinga di det seinaste året?

– Eg har inga særskild oppleving eg kan trekkja fram. Men om du spør etter min største innsats, så må det vel vera å ha gjeve ut boka Mysteriet i trua.

Kva slags bok les du i sommar, og kva gir lesinga deg?

– Det blir nok ein heil bunke som vanleg. Om språk og mystikk, for tida. Til dømes Lectio Divina av Per Beskow og Færøysk tradisjon i norrønt mål av Mikjel Sørlie. Den slags bøker.

Korleis er sommartrimmen din?

– Eg er sikker på at trimming er usunt og trimmar­ aldri.

Kva slags spørsmål bør Vårt Land stille oftare, og til kven?

– Er du heilt ærleg no?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter