Nyheter

Tapte namnestriden

Åpen folkekirke protesterar kraftig. Dei er svært misnøgde med at kyrkjeval-motstandaren si liste no blir heitande Mangfoldig folkekirke.

– Med si oppsiktsvekkande avgjersle i går blir det sådd oppriktig tvil om Kyrkjerådet sin vilje og evne til å følgje eigne reglar, opptre upartisk og gjennomføre eit ryddig demokratisk val, seier Sturla Stålsett. Han er leiar i Åpen folkekirke.

– Det var då voldsomt. Eg kan ikkje forstå eit slikt utsegn, seier førstekandidat Erling Birkedal som no kan kalle lista si for Mangfoldig folkekirke.

Byråkratisk mølle

Den norske kyrkja held val samtidig som kommune- og fylkestingsvalet i september i år. I den samanheng har ein heit debatt oppstått etter at listekandidatane i Borg og Hamar bispedøme ville forandre listenamnet. Frå å berre­ vere «lista frå bispe­dømets nominasjonskomité» ønska kandidatane å også heite Mangfoldig folkekirke. Namnestriden har gått ein lang, byråkratisk veg.

LES OGSÅ: Sluttstrek sett for kyrkjeleg namnestrid

• Først blei namneendringa godkjent i Hamar bispedømes valråd, men nekta godkjenning i Borg bispedøme sitt valråd

• I Hamar klaga Åpen folkekirke på namneendringa. I Borg klaga Mangfoldig folkekirke på at dei ikkje fekk gjere namneendring

• Begge bispedøma svara med å godkjenne namneendringa

• Åpen folkekirke klaga på godkjenninga av namne-bytet

• Stiftsdirektøren i Stavanger bispedøme blei så settesekretariat for saka, og ga ei innstilling til Kyrkjerådet. Innstillinga konkluderte med at godkjenninga av «Mangfoldig folkekirke» i Borg og Hamar burde bli oppheva

• Kyrkjerådet behandla torsdag kveld saka. Kyrkjerådet trassa innstillinga frå Stavanger og vedtok med to mot ei stemme å godkjenne namneendringa

Følg oss på Facebook og Twitter!

Like namn

Dermed får listene frå kandidatane i Borg og Hamar bispedøme heite Mangfoldig folkekirke. Førstekandidat Birkeldal kan ikkje forstå Stålsetts tvil om at Kyrkjerådet ikkje har vilje og evne til å gjennomføre eit ryddig, demokratisk val.

– Det demokratiske ved dette valet er at det er to lister. At vår liste skal ha eit namn kan ikkje vere truande for demokratiet. Namnet er stimulerande for valdeltakinga, seier han.

LES OGSÅ: Dørum opprørt av namneskifte

– Forstår du at Åpen folkekirke reagerer på at de også nyttar omgrepet «folkekirke» i namnet dykkar?

– Eg forstår det meir og meir. Men arenaen for valet er folkekyrkja, og då kan ingen ha monopol på omgrepet. Så valgtaktisk brukar vi ein del av den same retorikken, seier Borg-kandidaten.

– Hjelper motstandaren

Stålsett meiner vedtaket er til hjelp for motkandidatane i Borg og Hamar.

– Fleirtalet i arbeidsutvalet til Kyrkjerådet har valt å gjere klageinstansen til eit politisk organ, og dermed har dei også sett seg utanfor sitt eige regelverk og kravd nøytralitet, seier Stålsett.

Vald leiar i Kyrkjerådet som står i spissen for vedtaket, meiner Stålsett går for langt.

– Det er å tolke dette for vidt. Vi gjorde vedtaket ut i frå at Åpen folkekirke har ein profilert tittel. Vi har ikkje noko heimel til å hindre nominasjonskomiteen i å profilere lista si med namn, seier Svein Arne Lindø og legg til:

– Dette er gjort for å gi like forutsetningar for listene. Det er gjort med støtte i regelverket vi har og det regelverket ikkje seier noko om.

LES OGSÅ: Får ikke synge på kristent stevne

Vanlegvis består arbeidsutvalet i Kyrkjerådet av fire personar. Torsdag lot det seg berre å vere tre: Svein Arne Lindø, Erling Moland og Helga Haugland Byfuglien. Kristin Gunleiksrud var inhabil sidan ho står på Åpen folkekirke si liste, det same var Erling Birkedal dersom han skulle bli nytta som var vara. Andre varamann er Sigurd Skollevoll, men han var bortreist.

Det var Helga Haugland Byfuglien som stemte mot vedtaket om å tillate namneskifte.

Avviser eigne interesser

Lindø har gått imot at kyrkja skal vigsle likekjønna. Homofil vigsel er ein fanesak for Åpen folkekirke.

– Gjekk du inn for namnebytte-ja for å gjere det vanskelegare for Åpen folkekirke i valkampen?

– Nei. Det er viktig for meg å seie at eg ville vurdert dette likt dersom situasjonen var speilvendt. Vedtaket blei fatta med tanke på likebehandling og demokrati.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter