Nyheter

Tåkekrigarane

I Danmark går regjeringa til krig mot islamistiske terroristar etter brei behandling i Folketinget. I Norge går regjeringa inn i den same krigen etter hemmelege samtalar i Stortinget.

ANALYSE: Krig er vanskeleg i nasjonen som har dette utanrikspolitiske sjølvbilete: Vi er ei humanitær stormakt.

I Norge ligg entusiasmen for krig i spennet frå «eg likar ikkje bomber, eg» til «Norge bombar mest og best.»

Førstnemnde oppsummering kom frå KrF-leiar og statsråd Valgerd Svarstad Haugland våren­ 1999 då Norge vegra seg mot å delta i NATO-krigen mot Serbia. Norske jagarfly flaug ­eskorte. Andre nasjonar bomba.

Sjølvrosen kom frå utanriksminister Espen Barth Eide våren 2011 då Norge var på vengene over Libya, med mandat frå FN, og smadra den politiske infrastrukturen i landet.

Venta i fem år

Mellom desse to krigane låg den lengste norske krigsinnsatsen sidan andre verdskrigen; krigen mot terror i Afghanistan 2001-2014.

I førstninga var det norske oppdraget i det uregjerlege sentralasiatiske landet for eit humanitært oppdrag å rekne. Norske soldatar blei omtalte som væpna hjelpearbeidarar av både regjering og storting.

Så small det. Norske soldatar kom heim i kister. Bak store ord om stabiliseringsoppdrag og ­demokratiutvikling kom den vonde og vanskelege krigen til syne. Omsider.

LES OGSÅ: – Folk i USA forstår ikke at vi er i krig

Sendte instruktørar

Men først etter fem år kom statsministeren, Jens Stoltenberg, på vitjing til Afghanistan og klappa soldatane på skuldra, og sa takk for innsatsen og forsikra dei utsendte om at regjering og storting stod bak dei.

Heller ikkje Erna Solberg snakkar høgt om krig. Helst vil ho ikkje delta. Men ho må. USA krev det. Før NATO-toppmøtet i Wales i 2014 var Solberg lite lysten på å melde Norge på i krigen mot dei islamistiske terroristane,­ som har valt å proklamere eit kali­fat, ein islamsk stat, i Syria og Irak.

Men då Solberg såg at USAs president Barack Obama hadde samla ein koalisjon av villige, og at Norge ikkje var med, mobiliserte dei blåblå soldatar likevel. Ikkje til fronten, men til treningsleirar i Irak.

Så spurte USA om meir. Jagarfly kunne ikkje Solberg levere. Dei er for gamle og dei trengs i nordområda. Men spesialsoldatar?

LES OGSÅ: Er vi i krig nå?

Delta i krigen

Her må vi ta ­turen til Danmark. For NATO-medlemmene Norge og Danmark har begge vedteke at landa­ skal trappe opp krigen mot ­islamistane som herjar i Syria og Irak; dei som kallar seg IS. Islamsk stat.

Men så sluttar likskapen.

Folketinget har hatt fleire opne rundar med debatt etter at Venstre-regjeringa kunngjorde at Danmark skal sende sju ­F-16-fly, eit Hercules-transportfly og opp mot 400 soldatar til Irak og ­Syria.

I Norge ordnar Solberg-regjeringa alt på bakrommet, langt unna Stortingssalen.

Hemmeleg komité

2. mai baud statsminister Erna Solberg, utanriksminister Børge Brende og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide, alle frå Høgre, inn til pressekonferanse:

– Utanriksministeren og eg har i dag orientert den utvida utanriks- og forsvarskomiteen­ på Stortinget om oppdraget, og regjeringa legg stor vekt på framleis å halde Stortinget informert om utviklinga i kampen mot ISIL og dei norske bidraga, sa forsvarsministeren. Inn i den utvida utanriks- og forsvars­komiteen har ingen innsyn.

Oppdraget var dette:

«Styrken på omlag 60 soldater vil bidra med trening, rådgivning og operativ støtte til lokale ­syriske grupper som selv kjemper mot ISIL. Det norske bidraget vil inkludere norske spesialstyrker. De norske styrkene vil ha base i Jordan.»

«Operativ støtte» – kva tyder det?

Norge sender nasjonens fremste soldatar, spesialstyrkane, til Jordan for at dei kan gå inn i ­Syria, saman med «lokale ­syriske gruppe» – altså inn i krigen mot IS.

LES OGSÅ: Invasjonen av Irak fødte et monster

Heilt andre ord

19. april brukte­ utanriksminister Kristian­ Jensen frå Venstre heilt andre ord enn sine norske kollegaer då dei danske folkevalde – for andre gong – debatterte Danmarks krigssinnsats, i Folketinget:

Våre bomber skal bremse kali­fatet.

Etter eit fem timar langt ordskifte i Folketinget kom krigsdeltakinga opp til avrøysting. Venstre og dei politiske venene i blå blokk stod saman med ­Socialdemokraterne og De Radi­kale. Enhedslisten, Alternativet og Sosialistisk Folkeparti sa nei.

Men då hadde Folketinget drøfta saka i to rundar. Og dei folkevalde hadde fått høve til å pepre forsvarsministeren og utanriksministeren med skriftlege spørsmål om Danmarks krig mot IS.

Dei to statsrådane måtte svare­ på 67 spørsmål, og svara blei gjort offentlege. Blant spørsmåla var det mange krevjande, som desse tre:

Kven er det eigentleg vi støttar?

Kan danske kampfly ende opp med å bli skuldige i drap på sivile.

Kan ein utelukke at fangar danske soldatar utleverer, blir torturerte?

Samtalar på bakrommet

Der Danmarks regjering har dei folkevalde med på eit breitt ordskifte om krigsinnsatsen i Syria og Irak, nøyer Norges regjering seg med samtalar med på bakrommet i Stortinget. Bak lukka dører. Utan innsyn.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter