Nyheter

Svensk kvinne vart helgen

Søndag 5. juni vart svenske Elisabeth Hesselblad kanonisert av pave Frans på Peterplassen i Roma. Det er første gong på 625 år at Sverige får ein helgen.

Bilde 1 av 3

– Ho var fattig og sjuk. Men ho emigrerte til USA og kom seinare til Roma. Eg tykkjer heile livet hennar var eit under, seier Barbro Hede til SVT.

Hede er éin av rundt 70 slektningar av Elisabeth Hesselblad som er i Roma for å vere med på seremonien.

Fekk openbaring i Roma

Hesselblad vart fødd i landsbyen Fåglavik i Sverige i 1870. Når ho fylde 18 år, emigrerte ho til USA av økonomiske årsaker. Der vart ho sjukepleiar for ein velståande familie.

15 år seinare konverterte ho til katolisismen, og to år etter det flytta ho til Roma. Under den tyske okkupasjonen arbeidde hun for å skjule jødar for nazistane.

LES OGSÅ: Nye russiske ­ikoner bryter tradisjonen

I Roma byrja ho seinare å arbeide for å gjenopprette Birgittas nonneorden. I dag har ordenen om lag 700 nonner i 50 ulike hus på tre kontinent.

Har venta lenge

Nonnene ved Birgitta-klosteret i Roma, er svært glade for kanoniseringa av Hesselblad.

– Kvar jente som kjem hit, er ei gåve frå Gud, brukte ho å seie. Eg er så lukkeleg for henne og for oss. Ho lærte oss så mykje, fortel Mor Elisa, som kjende Hesselblad.

LES OGSÅ: Kvinnelige­ katolske­ prester ­arrestert

Også slektningane tykkjer kanoniseringa er «heilt utruleg».

– Det har ikkje heilt sokke inn enno. Vi har håpa på dette lenge, seier Barbro Hede til SVT.

Tusenvis møtte opp

Kanoniseringa tok plass søndag morgon klokka 10.30, den 5. juni. Det var ein høgtideleg seremoni, med fleire tusen menneske til stades. Den svenske erkebiskopen og landets kultur- og demokratiminister, Alice Bah Kuhnke, var også der.

Sveriges første helgen var den Heilage Birgitta, som vart kanonisert i 1391.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter