Nyheter

SV-leiar refsar SVs prestekutt

SV-byråd Inga Marte Thorkildsens avgjerd om å skrote sjukeheimsprestane i Oslo provoserer SV-leiar Thore Wiig og raud presteleiar.

– Dette er ikkje SV-politikk, for SV er mot slike anbod. Men det er påfallande at det er prestar det gjeld i denne saka.

Thore Wiig leiar Kristiansand SV og jobbar som prest i Den norske kyrkja. No er han kraftig provosert av avgjerda til partikollegane i Oslo, og særleg SVs eldrebyråd Inga Marte Thorkildsen.

– Eitt er sikkert, nyordninga tek ikkje vare på arbeidstakarane, prestane.

Stig Jørund B. Arnesen leiar Fagforbundet teoLOgene, som er ein del av LO. Med mange prestemedlemmer i ryggen protesterer han kraftig på omlegginga til Oslos byråd.

– Her set SV livssynstenesta ut på anbod.

LES MEIR: Løyver 4,7 til livssynsarbeid

Samtalar

I forslaget til 2017-budsjett for Oslo kommune ønskjer Thorkildsen og den raudgrøne byrådet å avslutte ei 30 år gammal ordning med eigne prestar på sjukeheimane i Oslo.

Som erstatning for fast tilsette prestar vil SV-byråden ha ei tilskotsordning som kyrkje- og trussamfunn kan søkje støtte frå. Slik skal Oslos eldre sikrast eit meir variert livssynstilbod.

I Oslo-budsjettet er den nye ordninga presentert slik: «Det er innarbeidet 4,7 mill. til samtaler om åndelige og eksistensielle spørsmål for beboere i langtidshjem.»

Med støtte frå Raudt har byrådspartia Arbeidarpartiet, MDG og SV fleirtal i bystyret når budsjettet blir klubba i seinare i haust.

Favorisering

Byrådet grunngjev omlegginga med at kommunale løyvingar til sjukeheimsprester er «urimeleg favorisering» av eitt kyrkjesamfunn, Den norske kyrkja.

– Alle ser, eg også, at talet på eldre i Oslo som tilhøyrer andre trussamfunn, stig. Men framfor å leggje ned dagens gode prestetilbod, kan ein utvide tilbodet slik at alle får den livssynsbetjeninga dei skal ha, meiner Wiig.

Definisjonar

I år løyver Oslo kommune vel 4,6 millionar kroner til Oslo bispedømme, som brukar midla til å lønne 6,45 presteårsverk. Totalt har åtte prestar ansvaret for å følgje opp 21 sjukeheimar.

– Eg er skuffa over det politiske handverket til SV i Oslo. SV skal ikkje kaste ut fast tilsette og erstatte det med livssynsarbeid på anbod, seier Wiig.

– Men byråden meiner det ikkje er anbod, men ei tilskotsordning?

– Her lagar dei eigne definisjonar. Det dei gjer er å leggje livssynsarbeid ut på anbod, etter å ha lagt ned ordninga med eigne prestar.

LES MEIR: Sa opp prestar, gav kyrkja diakonar

SV-paradoks

Wiig har tidlegare vore leiar av SVs fylkeslag i Aust-Agder og hovudtillitsvalt for prestane som er organiserte i Fagforbundet Teologene i Agder og Telemark bispedømme.

Han opplever det som eit stort paradoks at SV i Oslo kjempar for å rekommunalisere sjukeheimar for at dei tilsette skal få kommunen som arbeidsgjevar, og ikkje kommersielle omsorgskonsern, samstundes som dei no avsluttar ei presteordning som kan resultere i at tilsette må seiast opp.

Arbeidsframtid

Oslo bispedømmeråds leder, Gard Sandaker-Nielsen, har mange og sterke innvendingar mot omlegginga byrådet skal gjennomføre, samstundes som han deler byrådets ønskje om å utvide ordninga til fleire trus- og livssynssamfunn.

Kyrkjeleiaren, som også er bydelspolitikar for Arbeidarpartiet i Oslo, er glad for den politiske støtta frå to raude presteleiarar:

– Dei forstår behova til dei som bur på sjukeheimane – framleis er 75 prosent medlemmer i Den norske kyrkja, og dei peikar på det som blir den nye røynda – ei tilskotsordning der vi må søkje midlar kvart år, noko som gjer arbeidstilhøva for dagens sjukeheimsprestar svært usikre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter