Nyheter

Styrkjer hjelpa til menneskehandeloffer

Barn forsvinn frå asylmottak. Barn blir offer for menneskehandel. No sikrar Venstre KrF-siger i Stortinget. Ny nasjonal eining får ansvaret for å følgje opp desse barna.

KrFs nye nestleiar har gjort kampen for utsette barn til ei fanesak. Kjell Ingolf Ropstad er snart i mål med det han meiner er eit særs viktig tiltak:

Opprette ei nasjonal eining som skal ha ansvaret for å følgje opp barn som er offer for menneskehandel, og som skal vegleie lokale barnevernskontor i saker der ein mistenkjer handel med mindreårige. Den nye eininga kan bli lagt til barnevernet.

Saman med tre andre frå KrFs gruppe på Stortinget fremma Ropstad i vår eit representantforslag om «styrket innsats mot at barn utnyttes i menneskehandel».

LES MEIR Vil halvere asylbunka

Sexsal

I 2015 la Fafo fram rapporten Ikke våre barn som viste korleis arbeidet med å identifisere og følgje opp mindreårige offer for menneskehandel ofte sviktar. Med UDI, politiet og barnevernet som kjelder identifiserte Fafo tre hovudgrupper av barn som særleg sårbare:

• Mindreårige jenter frå Afrika sør for Sahara som blir utnytta i prostitusjon.

• Gutar frå Nord-Afrika som blir utnytta til sal av narkotika og anna kriminalitet.

• Gutar og jenter frå Aust-Europa som blir utnytta til prostitusjon, tjuveri og anna kriminalitet.

Ei kartlegging gjort av Pro Senteret i Oslo avdekkjer at fleire einslege mindreårige gutar sel sex etter at dei kjem til Norge. Kundane er ofte eldre norske kvinner.

LES MEIR En flyktning få vil ha

Forsvinn

I representantforslaget skriv KrF at «til nå er alle barn som er identifisert som ofre for menneskehandel migrantbarn, enten enslige mindreårige eller barn fra EU- og EØS-områder som reiser alene eller sammen med foreldrene sine».

Kvart år forsvinn store grupper barn frå asylmottaka, melder Utlendingsdirektoratet (UDI). I åra 2013-2016 forsvann heile 360 mindreårige. UDI, politiet og barnevernet fryktar mange er offer for menneskehandel.

LES MEIR: Mindreårige holdes på pinebenken av UDI

Stemmer

KrF-forslaget er no ferdig handsama i Stortingets justiskomité, der Ropstad er nestleiar. Han har fått med seg Arbeidarpartiet og Senterpartiet på avgjerande forslag. Men skal dei gå igjennom i Stortinget på tysdag, er KrF avhengig av at budsjettkameraten Venstre også stiller opp. Venstre sit ikkje i Justiskomiteen, så KrF må få partiet med på laget innan saka kjem til endeleg votering i plenum.

– Venstre vil stemme saman med KrF, Ap og Sp, lovar stortingsrepresentant Iselin Nybø (V).

Nybø seier det er viktig å «halde oppe trykket» på hjelpetiltak i denne typen saker.

LES MEIR: I USA gjør kristenkonservative og radikale feminister felles sak mot menneskehandel

Semje

Dette er Ap, Sp, KrF – og no Venstre – samde om, i tillegg til opprettinga av den nasjonale spesialavdelinga:

• «gi Statens barnehus ansvar for å avhøre barn som er utsatt for menneskehandel, på lik linje med andre overgrepsutsatte barn.»

• «sikre alle barn som er utsatt for menneskehandel, tilgang til spesialisthelsetjenesten slik at de raskt kan få hjelp til å bearbeide traumer.»

• «sikre rask bosetting av enslige mindreårige asylsøkere, særlig de mellom 15 og 18 år som er spesielt sårbare for rekruttering til menneskehandel, for å sikre en stabil omsorgssituasjon og at oppfølgingsansvaret blir tydeliggjort.»

• «opprette team mot menneskehandel som kan oppdage ofre og forhindre at barn blir utsatt for menneskehandel eller rekruttert til kriminelle miljøer fra asylmottak».

Kunnskap

KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad er glad for at Venstre valde å gå saman med KrF.

– Flott at Venstre er med på tiltak som skal hindre menneskehandel.

Heile Justiskomiteen har stilt seg bak kravet om auka kompetanse til statlege etatar: Barnevernet, politiet og utlendingsforvaltninga skal ha «tilstrekkelig kompetanse om menneskehandel som involverer barn».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter