Nyhet

Jaga av asylopposisjonen i eigne parti fann Arbeidarpartiet og Senterpartiet tysdag saman. Sp avgjorde at dei kunne støtte Aps forslag om at asylsaker frå unge afghanarar skal bli vurderte på nytt.

– Dette forslaget er noko heilt anna enn det SV la fram sist veke, seier innvandringspolitisk talskvinne Rigmor Aasrud i Ap.

KrF og Venstre avgjorde at dei støttar Ap og Sp. Dette betyr at dei raudgrøne partia kan stå saman med KrF og Venstre og halde innvandringsminister Sylvi Listhaug i øyrene – om dei vil.

– Regjeringa utnytta rommet dei fekk i asylforliket til sin fordel. No har Stortinget gjort ei justering, seier innvandringspolitisk talskvinne Torhild Bransdal i KrF. Ho meiner Stortinget har teke makt tilbake frå regjeringa og særleg Listhaug, som etter KrFs, Venstres, Sps og Aps meining nyttar instruksjonsretten over Utlendingsdirektoratet vel hardt.