Nyheter

Stortinget temmer Sylvi Listhaug

KrF og Venstre fann saman med Ap og Sp og kravde asylmakt tilbake frå Sylvi Listhaug (Frp). Ho vil gjere det Stortinget krev.

Jaga av asylopposisjonen i eigne parti fann Arbeidarpartiet og Senterpartiet tysdag saman. Sp avgjorde at dei kunne støtte Aps forslag om at asylsaker frå unge afghanarar skal bli vurderte på nytt.

– Dette forslaget er noko heilt anna enn det SV la fram sist veke, seier innvandringspolitisk talskvinne Rigmor Aasrud i Ap.

KrF og Venstre avgjorde at dei støttar Ap og Sp. Dette betyr at dei raudgrøne partia kan stå saman med KrF og Venstre og halde innvandringsminister Sylvi Listhaug i øyrene – om dei vil.

– Regjeringa utnytta rommet dei fekk i asylforliket til sin fordel. No har Stortinget gjort ei justering, seier innvandringspolitisk talskvinne Torhild Bransdal i KrF. Ho meiner Stortinget har teke makt tilbake frå regjeringa og særleg Listhaug, som etter KrFs, Venstres, Sps og Aps meining nyttar instruksjonsretten over Utlendingsdirektoratet vel hardt.

– Dette blei ein delsiger for Venstre, seier partiets innvandringspolitisk talsmann, Ketil Kjenseth.

Listhaug gjekk først hardt ut mot opposisjonspartia og stilte seg undrande til Stortingets behandlingsmåte, men etter eit nesten tre timar langt ordskifte viste ho fram ei mjukare statsrådsside:

– Eg skal etter denne litt forvirrande debatten gjere mitt beste til å følgje opp det eg trur er intensjonen i Stortingets vedtak.

LES MEIR – Vi elskar Norge, men Norge elskar ikkje oss

Unntak

Tysdag fann ei uvanleg hending stad i den norske nasjonalforsamlinga. Med ryggdekning i ein lite brukt unntaksheimel blei åtte forslag lagt fram til votering utan at dei først hadde blitt utgreidd i fagkomiteen. Tre frå SV, eitt frå Venstre og fire frå Ap.

Striden starta sist tysdag. SV fremma eit hasteforslag om at utsendinga av unge afghanske gutar, som blir sette på flyet straks dei fyller 18, skulle stoppast straks. Ap og Sp var samstemte: Uaktuelt.

Så, måndag kveld la Ap fire nye forslag på bordet. Dei kom opp til debatt og votering tysdag saman med forslaga frå SV og Venstre. Ordlyden var avklart med Sp slik at partiet kunne stille seg bak når forslaga kom til votering

Tvang

Ap fekk gjennomslag i Stortinget for at alle einslege asylsøkjarar mellom 16 og 18 år som har fått avslag sidan 1. oktober i fjor, skal få saka vurdert på nytt. Mange i denne gruppa er unge afghanske gutar som skal tvangsreturnerast. Vidare fekk Ap med seg fleirtalet på å oppheve ein instruks om internflukt, innføre sårbarhetskriterier – og vente med retur til sakene er blitt vurderte på nytt.

KrF var klar i det ordskiftet i salen starta:

– Vi støttar alle dei fire forslaga til Ap, sa Bransdal til Vårt Land. Ho kom rett frå gruppemøte i KrF.

Også Venstre gav Ap ryggdekning, om enn subsidiært. Partiet ville i sitt forslag ha straksstopp i tvangsreturen av unge afghanarar.

LES MEIR Asylopposisjonen i Ap pressar på

Nederlag

Den uvanlege stortingshendinga fødde ein samla opposisjon, som påførte Solberg-regjeringa eit sviande asylnederlag.

- Dette er ein naudsynt korreksjon av ei regjering og ein statsråd som har tynt Stortingets vilje i sine instruksar til behandlinga av asylsøknadar, sa Aps nestleiar Hadia Tajik i debatten.

Høgres parlamentariske leiar, Trond Helleland, meiner runden i Stortinget har ein stor sigerherre, SV.

– Og det er eit SV som sto utanfor asylforliket, sa Helleland. I november 2015 samla alle parti, minus VG og Miljøpartiet Dei Grøne, seg om eit asylforlik som stramma inn asyllovverket.

SVs Karin Andersen, som leiar Stortingets kommunalkomité, er glad for vedtaka, men seier at no byrjar det verkeleg viktige arbeidet. Partia skal ha ein utdjupande runde om dei såkalla sårbarhetskriteria, og Listhaugs ønskje om å vidareføre alle mellombelse innstrammingar i utlendingslova.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter