Nyheter

Staten dekkjer rekninga til prøverøyrsturistar

Norske par som ønskjer prøverøyrsbarn kan få dekt forsøk på private klinikkar i utlandet. I Norge må dei betale sjølve om dei vel ein privatklinikk.

– Slik kan det ikkje vere, seier styreleiar Lise Boeck Jakobsen i Ønskebarn.

Foreininga meiner staten bør ta rekninga for alle par som prøver å bli gravide med hjelp av prøverøyrsbehandling.

– I dag er det kø i det offentlege tilbodet. Difor vel fleire private løysingar med kortare ventetid. Tid er nemleg svært viktig når ein ønskjer prøverøyrsbehandling, seier Boeck Jakobsen.

Ein av dei store offentlege klinikkane, Fertilitetssenteret Sør ved Sykehuset Telemark, melder følgjande på heimesida:

«På grunn av stor pågang til avdelingen den senere tid må pasientene våre fra våren 2017 regne med noe ventetid mellom behandlinger.»

LES MER Gir ansatte prøverør

Forskjellsbehandling

Når eit par har forsøkt å bli gravid på naturleg vis i 12 månader utan å lukkast, blir paret definert som ufrivilleg barnlause. Om lag 15 prosent av par i reproduktiv alder er nettopp det; ufrivilleg barnlause.

Årleg blir det fødd rundt 60.000 barn i Norge. Mellom to og tre prosent er prøverørsbarn.

Regelverket for kven som får prøverøyrsforsøk på statens rekning forskjellsbehandlar par:

• Par som vel ein offentleg prøverøyrsklinikk i Norge får dekt tre forsøk på statens rekning.

• Par som vel ein privat prøverøyrsklinikk i Norge må dekkje kostnadane sjølve.

• Par som vel ein godkjent, privat prøverøyrsklinikk i eit EU/EØS-land får dekt tre forsøk av staten.

Dyrt privat

– Fordi det i dag er kø ved dei offentlege klinikkane, vel fleire par å få hjelp til å bli gravide ved private prøverøyrsklinikkar i Norge. Men det kostar, opplyser Ønskebarns styreleiar, Lise Boeck Jakobsen.

Dei seks offentlege sjukehusklinikkane krev berre ein eigendel på 1.500 kroner. Den same tenesta kostar vel 30.000 for eitt forsøk, eller vel 60.000 for ein pakke på tre forsøk, fortel tala frå Norges fem godkjente privatklinikkar.

Men det er eitt smetthol i regelverket: Par som vel ein godkjent privatklinikk i eit EU/EØS-land får tre forsøk betalt av staten.

LES MER Nei til prøverørsbarn med DNA fra tre personer

EU-rettar

I eit brev frå Helsedepartementet til Bioteknologirådet forklarar helseminister Bent Høies (H) fagfolk kvifor det er skilnad mellom privat prøverøyrsbehandling i Norge og i utlandet:

• «Før refusjonsordningen ble innført, ble det diskutert om det kunne stilles et krav om at tjenesteyter i annet EØS-land hadde en offentlig tilknytning. Etter en nærmere vurdering av dette spørsmålet, kom departementet til at det ikke ville være i samsvar med EU-retten å stille et slikt krav.»

• «Det er derfor ikke stilt krav om offentlig tilknytning for refusjon av utgifter til behandling i andre EØS-land.»

• «Dette innebærer at det er adgang til å å få refundert utgifter for infertilitietsbehandling mottatt hos private tjenesteytere i andre EØS-land, men ikke samme adgang til å få refusjon for behandling hos private tjenesteytere i Norge.»

Få innvilga

Vårt Land har henta inn tal frå Helfo som viser at:

• I 2015 søkte 21 par om å få dekte infertilitetsbehandling, også kalla prøverøyrsbehandling, i eit EU/EØS-land. 8 søknader blei innvilga.

• I 2016 søkte 33 par om det same. 2 søknader fekk ja, 2 saker er framleis ikkje avgjort.

Helfo betalte i fjor ut totalt 45.560 kroner til dei to søknadane som blei godkjent.

– Kvifor vel norske par å reise til utlandet?

– Ei forklaring kan vere at ventetida er kortare ved klinikkar ute, opplyser seksjonssjef Hanne Grøstad i Helfo utland.

– Fleire søkjer om å få refundert utgiftene frå utlandet, men få blir innvilga, kva skuldast det?

– Dei oppfyller ikkje dei strenge krava som er sette. Mange set seg nok ikkje godt nok inn i reglane for å få dekt prøverøyrsbehandling i EU/EØS-land, forklarar Grøstad.

Vel tryggleik

Lise Boeck Jakobsen i Ønskebarn seier få par vel utlandet fordi «dei ønskjer prøverøyrsbehandling på norsk».

– Det er viktig med trygge rammer.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter