Nyhet

– Ein ekstra dag på ski betyr lite for produktiviteten i Norge, seier økonomiprofessor.

Påskehøgtida er over. For mange har det vore ein ti dagar lang ferie. Andre har nøgd seg med å ta ut heilagdagane som kom før og etter påskehelga, tre i talet.

Ordet ferie blei i Norge utbreidd på 1900-talet, men er mykje eldre enn som så. Det kjem frå latin; ordet «feriae» var ei nemning som blei brukt om religiøse festdagar då ein ikkje dreiv handel og næring. Ordet er i slekt med både fest, feire og feiring.

På oppdrag for Vårt Land har Norstat spurt nordmenn om kor viktige dei ekstra fridagane om våren er; andre påskedag, Kristi himmelfartsdag og andre pinsedag.