ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE

Som abonnent på Vårt Land får du:

Läs mer

Skule lurt i pengeinnsamling

Operasjon Dagsverk mistar oppslutning­. ­Skular vil ha eigne, lokale innsamlingsaksjonar­. ­Vaktbikkje åtvarar mot innsamling til useriøse ­organisasjonar.

ANNONSE
ANNONSE

Kontroll

  • I Norge er det ingen lovregulering av kven som kan starte med innsamling av pengar til «gode formål».
  • Innsamlingskontrollen (IK) er den einaste aktøren som kontrollerer pengeinnsamlingsaktivitetar. Men det å bli godkjent av IK er frivillig, difor let mange vere å bli godkjent, blant desse er både seriøse og useriøse ­innsamlarar.
  • IKs kontroll går ut på sjekk av økonomiske og administrative forhold; årsrapport, rekneskap, styrerapport og revisorrapport.
  • Godkjente organisasjonar må sende minimum 65 prosent av innsamla kroner til formålet som blir gjeve opp.
  • Alle organisasjonar som ønskjer å søkje om NRKs TV-aksjon må vere godkjent av IK.
  • Norad oppmodar organisa­sjonar som ønskjer å søkje prosjektavtale om å vere godkjent av IK.
  • På IK obs-liste – eller raudlista – står det i dag 58 organisasjonar.
Nyhet

– Ein skule har kontakta oss og fortalt at dei er blitt lurt i samband med eit lokalt innsamlingsprosjekt, fortel kommunikasjonsrådgjevar Line Konstali i Innsamlingskontrollen (IK).

Ho kan ikkje utdjupe kva som skjedde, og kva mottakarorganisasjonen heiter, for skulen ­ønskjer ikkje å bli eksponert.

Unge er samfunnsengasjerte, seier forskarane Guro Ødegård og Audun Fladmoe. Dei har nettopp gjort ferdig rapporten Deltakelse i politikk og organisasjonsliv blant unge i Oslo. Det er «grunn til at hevde at dagens ungdomsgenerasjon er like aktiv – om ikke mer aktiv – enn ungdomsgenerasjoner for 10-20 år tilbake», konkluderer forskarane.

Frå nasjonalt til lokalt

To ­organisasjonar ser at engasjementet er i endring:

• Den årlege innsamlingsaksjonen Operasjon Dagsverk (OD) mistar oppslutning. På fem år har talet på påmeldte ungdomsskular og vidaregåande skular gått ned frå 633 i 2012 til 479 i fjor.

• Fleire skular vil arrangere eigne­, lokale innsamlingar til formål dei vel sjølve, fortel Innsamlingskontrollen.

LES OGSÅ: Innsamlingskontrollen er skeptisk til TV Visjon Norges metoder

Til useriøse

Denne vridinga byr på problem, åtvarar IK:

– Vi applauderer sjølvsagt ungdommeleg engasjement og vil at dette skal vekse og utvikle seg. Samstundes er vi litt uroa for at elevane og skuleleiinga skal setje i gong innsamlingsaksjonar som er lite berekraftige, og i verste fall samle inn pengar til ein organisasjon som er useriøs, seier kommunikasjonsrådgjevar Line Konstali.

LES OGSÅ: Disse trossamfunnene tjener penger på folks gambling

Svindel avdekt

Organisasjonen som fekk pengane frå skulen som opplever seg lurt, står på OBS-lista til IK. Denne listar opp innsamlarar som ikkje har «reint mjøl i posen» og som held tilbake opplysningar om økonomiske og administrative forhold, forklarar IK.

– Nokre på denne lista er reine­ svindlarar. Vi fryktar at dei som er ute etter å lure til seg innsamla pengar, skal sjå på lokale skuleaksjonar som ein lukrativ marknad.

Konstali opplyser at blant dei mange lokale aksjonane finn IK både dei beste og dei verste innsamlarane.

LES OGSÅ: Mange kommuner somler med å betale ut trospenger

Éin milliard

I sekretariatet til Operasjon Dagsverk ønskjer dei å stoppe svikten, og få motivert fleire skular til å delta i det som er den største årlege solidaritetsaksjonen for ungdom.

– Kvifor går talet på påmeldte skular ned?

– Mange skular seier dei ikkje har tid til aksjonen, elevane må prioritere opplæringa. Men vi ser også at OD får konkurranse frå lokale innsamlingsaksjonar, seier­ organisasjonsrådgjevar Julie Skøien.

OD starta i 1964. Skuleelevar samla inn 103.000 kroner til bygging og opprusting av skular i Algerie. No samlar om lag 100.000 elevar årleg inn om lag 30 millionar kroner til utdanningsprosjekt i Sør. Sidan 1964 har OD jobba inn nær éin milliard kroner.

LES OGSÅ: Mener misjonen la grunnen for demokrati

Vil vekse

No vil fleire skular heller satse lokalt.

– Vi får førespurnader frå rektorar, frå foreldre, og frå skular der ungdommen vil starte innsamlingsaksjonar på eige initiativ, fortel Konstali i IK.

I OD-sekretariatet erkjenner Julie Skøien at dei kan bli flinkare til å informere om sjølve aksjonen og om dei årlege innsamlingane.

– OD er av unge og for unge, så no intensiverer vi vervinga av både elevar og lærarar. For OD er ukjent for mange.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Rektor må med

I Innsamlingskontrollen forklarer Konstali oppslutninga om lokale ­aksjonar med nærleik:

– Skulane ønskjer større nærleik til prosjektet og organisasjonen som driv det.

Ho har ei oppmoding til 
rektorar som godkjenner 
innsamlingar i regi av skulen:

– Dersom aksjonen ikkje blir forankra i skoleleiinga frå starten, blir han ikkje like vellukka. Vi er difor opptekne av 
at skuleleiinga og lærarar må vere medvitne på sine roller, og ikkje «overlate alt til ungdommane.»

Publisert: 20. mars 2017