Politikk

Skuffa? Ta ein Obamapille

Bitter smak: «Endring», lova Barack Obama. «Ja, vi kan», la han til. Åtte år seinare må mange svelgje unna store ­skuffelsar.

Den smarte, unge senatoren frå enkle kår blei historisk 4. november 2008. Barack Hussein Obama blei USAs første svarte president.

Alle, frå George Washington i 1789 til George W. Bush i 2000, var kvite, alle etterkommarar av dei som vandra inn og skapte USA.

Neste fredag er Obama presidenthistorie. Då blir Donald Trump innsett som USAs 45. president – og landets øvstkommanderande.

Åtte år i Det kvite hus, avtrykka er mange – nederlaga likeeins. Vårt Land har samla ein boks med bitre Obamapillar, som mange strevar med å svelgje unna:

Guantanamo

USAs fangeleir på Guantanamo, heilt aust på Cuba, skal stengjast straks, sa Barack Obama då han som innsett president sette seg på det ovale kontoret i Det kvite hus i januar 2009.

Åtte år seinare er leiren framleis i bruk. Sterk motstand i Kongressen har hindra Obama i å lukke leiren, men talet på fangar som sit internert her utan lov og dom er redusert.

Fredsavtale

Midtøsten: 4. juni 2009 heldt Barack Obama talen som blei kjent som den store Kairo-talen. Han har stevd med å følgje opp lovnadane.

Barack Obama fekk mykje ros for talen han heldt i Kairo få månader etter at han blei innsett. Her rekte han ut ei hand til den muslimske verda og brukte ord om den israelsk-palestinske konflikta som ingen annan amerikansk president hadde gjort tidlegare. Han kveikte ei von om at noko konkret skulle skje.

Åtte år seinare er forholdet mellom Israel og Obama-administrasjonen smadra. Israel avviser Obamas fredsinitiativ, skjeller ut USAs utanriksminister – og gler seg til at Donald Trump blir president.

KOMMENTAR: Etter IS vil USAs erkefiende ha makten i regionen

Fredsprisen

10. desember 2009 fekk Barack Obama Nobels fredspris.

Ni månader etter at han blei USAs 44. president, gav Den norske nobelkomiteen fredsprisen for 2009 til Barack Obama. Han hadde lova å trekkje USA ut av krigane i Irak og Afghanistan, og prøvde å unngå nye krigar.

Han lukkast berre delvis. I 2011 var USA med på å bombe Libyas diktator, Muammar Gaddafi, frå makta – og jage han i hendene på ein folkemobb som avretta diktatoren. I dag er mangelen på politisk stabilitet sterk i både Irak og Afghanistan. Libya blei etterlete i eit politisk kaos.

Dronebombing

Fjernstyrt: Barack Obama blei dronepresidenten. Han har brukt droner mot terrorleiarar i fleire land.

Som president har Barack Obama gjort bruken av dronar, eller førarlause fly, til eit hovudvåpen i kampen mot terrorgrupper. Bruken er svært omstridt. Angrepa rammar sivile, og terrormistenkte personar som er mål for angrepa, blir i praksis likvidert utan lov og dom og mistar retten til å forsvare seg. USA blir også skulda for å bryte folkeretten ved å gjennomføre droneangrep i land som Pakistan.

LES OGSÅ: Trump-rådgiver: Bosetninger ikke til hinder for fred

Syria-krigen

I 2013, to år etter at borgarkrigen i Syria braut ut, trekte Barack Obama opp ein «raud strek»:

Dersom Syrias brutale diktator, Bashar al-Assad, brukte kjemiske våpen mot sine eigne, ville «USA konsultere sine allierte om neste steg». Les: Vurdere ein militær aksjon for å setje ein stoppar for Assads veksande brutalitet.

I august 2013 blei det klart at det hadde blitt brukt kjemiske våpen mot sivile i Syria. USA let vere å reagere. Obamas kritikarar sa at Syria hadde passert «dei raude strekane» til USAs president mange gonger, utan at Obama aksjonerte.

Svartes levekår

«Black Lives Matter», ropar svarte amerikanarar. Mange opplever at det i overvekt kvite politiet lett tyr til våpen i møte med svarte borgarar.

«Von» var Barack Obamas mantra i valkampen i 2008. Fattigdomsrata blant svarte amerikanarar var på 25,8 prosent i 2009; ein av fire levde under fattigdomsgrensa. Året før hadde 96 prosent av USAs svarte røysta på han som blei den første svarte presidenten.

I 2014 hadde endå fleire svarte amerikanarar dukka under fattigdomsgrensa. No var 27,2 prosent av dei svarte definerte som fattige. Inntektsgapet mellom svarte og kvite var vidare enn i 1979. Nesten alle av dei 30 mest dødelege byane i USA – målt i drap – hadde ein folkesetnad der svarte var i fleirtal.

LES OGSÅ: Disse skal be under Trumps innsettelse

Våpenreglar

Skolemassakre: 14. desember 2012 blei 20 elevar og seks vaksne skotne og drepne – av ein ung gut – på skulen Sandy Hook i byen Newtown. Kongressen sa nei til strammare våpenlover.

– Dette er ein skammens dag for Washington, sa Barack Obama i 2013, eitt år etter at 20 førsteklassingar og seks vaksne blei skotne av ein skuleskytar som storma inn på skulen Sandy Hook i Newtown i Connecticut. Obama refsa Kongressen som ikkje ville strame inn dei amerikanske våpenlovene.

For kvar skuleskyting som ramma USA, trygla Obama om strengare lover. Men han fekk aldri fleirtalet med seg. Kvar dag i 2015 blei 36 menneske i snitt skotne og drepne i USA.

Obamacare

Helsestrid: Helsereforma Obamacare har gjeve 22 millionar amerikanarar ei etterlengta helseforsikring. Påtroppande president Donald Trump og republikanarane vil skrote reforma.

Helsereforma er eit søtt drops, som kan bli ein bitter pille.

Barack Obama har sjølv gjeve namn til reforma som skal gje millionar av amerikanarar livsviktig helseforsikring: Obamacare på folkemunne – eller Patient Protection and Affordable Care Act blei vedtatt i Kongressen i 2010 og rulla ut i 2014.

Reforma gjer det obligatorisk for amerikanarar å ha ei helseforsikring. Systemet er i hovudsak tufta på at folk blir pålagt å teikne forsikring i eit privat selskap. I dag er 22 millionar menn og kvinner forsikra gjennom den såkalla Obamacare-marknaden.

Men: Torsdag byrja republikanarane, som har fleirtal i Senatet, å demontere Obamacare. Eit vedtak skal bane vegen for at reforma blir oppheva med simpelt fleirtal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk