Nyheter

Skitten jakt på energi til grøne bilar

Land etter land legg djerve elbilplanar, og leitinga etter batterimetallet litium stig. Jakta på grøn energi skaper miljøsår og gjev urfolk små inntekter.

Norges bilpark er rekordgrøn. Og grønare skal han bli.

Nesten 120.000 elbilar rullar på norske vegar, og Stortinget går inn for at det ikkje skal seljas nye fossildrivne personbilar i Norge etter 2025. Høgre og Arbeidarpartiet vil førebels ikkje lovfeste forslaget, for partia meiner bilbransjen styrer mot utsleppsfrie modellar, så lovvedtak trengs ikkje.

Norge er ikkje åleine om å rulle fram djerve elbilstrategiar. Både Frankrike og Storbritannia har presentert planar som inneber at i 2040 er det slutt på salet av bensin og diesel.

LES MEIR Paven kan kjøre el-bil til hytta

Utvinning

Men for at utsleppa frå bilparken skal gå ned, må produksjonen av metallet litium gå opp. Jakta på meir grøn energi kan bli skitten.

– Paradokset er tydeleg. Difor må vi sikre oss mot at utvinninga av meir litium blir skjemma av store miljøøydeleggingar, seier generalsekretær Christina Bu i Elbilforeningen til Vårt Land.

Vekst

Den amerikanske batterifabrikanten Lithium Americas har levert ei analyse som fortel kva som må til dei neste 20 åra:

Produksjonen må opp frå dagens 182.000 tonn til 3.100.000 – eller enklare sagt; ei syttendobling.

Elon Musk, skaparen av nordmenns favorittelbil, seier det slik når han fortel kor viktig litium er i «salaten» som skal blandast for å få ein dugande grøn bil:

Litium er saltet i salaten.

– Mitt inntrykk er at bilprodusentane er medvitne på at klimavenlege bilar ikkje kan ha ein produksjon av bilbatteri som er «skitten», seier Bu.

El-bilbatteria blir stadig betre. Her testar batteridesignarar ein ny type på General Motors utviklingssenter i Warren i USA.
El-bilbatteria blir stadig betre. Her testar batteridesignarar ein ny type på General Motors utviklingssenter i Warren i USA. Foto: Duane Burleson/AP/NTB scanpix

Saltørken

Litium finns i hovudsak i to former, i fast fjell - les: gruver i Australia, og som litiumsalt i saltsjøar høgt til fjells i Sør-Amerika.

I dag er Australia, Kina, Chile og Argentina verdas største leverandørar av litium. Fremst i rekkja av selskap med anleggsmaskiner står kinesiske litiumselskap, for Kina er store når det kjem til produksjonen av batteri til elbilar

Eit anna søramerikansk land meiner dei har verdas største litiumreserver. Men Bolivias straumleiande gullkjelde, ligg uvegs til – og er dekt av verdas største saltørken, den 10.000 kvadratkilometer store Salar de Uyuni. Under saltflata ligg 70 prosent av verdas kjende litiumreserve.

LES MEIR Putin vil ta klimaballen

Motor

Sidan 2009 har Bolivias president, Evo Morales, brukt godt over ein milliard kroner på det kvite gullet. Han vonar litiumindustrien kan bli ein brummande motor i boliviansk økonomi.

– Vi skal utvikle ein enorm litiumindustri, fortel Morales til den tyske TV-kanalen Deutsche Welle. Bolivias første båtlast med metallet, 15 millionar tonn, gjekk til Kina i fjor haust.

Miljøvernarar fryktar at storstila gruvedrift i og ved Salar de Uyuni vil øydeleggje det unike økosystemet i ørkenen, auke forureininga, tappe vassforsyninga i regionen – og knuse ein livsviktig turistattraksjon.

Dei som bur rundt saltsjøen Salar de Uyuni har i generasjonar levd av å samle salt, som blir selt over heile Bolivia. No er deira næring trua av store utbyggingsplanar. Verdas største reserver av litium ligg i sjøen.
Dei som bur rundt saltsjøen Salar de Uyuni har i generasjonar levd av å samle salt, som blir selt over heile Bolivia. No er deira næring trua av store utbyggingsplanar. Verdas største reserver av litium ligg i sjøen. Noah Friedman Rudovsky

Smular

Spora frå Argentina skræmer. Her har internasjonale konsern henta ut litium i ein lengre periode. Røynslene viser at særleg ei gruppe taper stort på utvinningsindustrien; dei som bur i litiumrike områda – les: urfolk.

– Selskapa ser på urfolk som ein stein på vegen. Representerer dei eit problem, er det berre å sparke dei vekk, seier Bruno Fornillo, forskar i Argentinas nasjonale teknologiske forskingsråd, til Washington Post.

Avisa vitja saltsjøen Olaroz-Cauchari og avdekte særs skeiv fordeling av godane. Medan litiumselskapa slusar ut verdiar som skal målast i milliardar, set urfolket i området att med smular. Dei strevar hardt med å betale kloakkleidningar, drikkevatn og oppvarming av bustadar og skular.

Det kvite gullet går ut av landet og blir til batteri i bilar i Nord-Amerika og Europa.

«Vi kan ikkje ete batteri», fortel ein handmåla plakat i Olaroz-Cauchari. Elva Guzman, som måla protesten, fortel Washington Post at litiumutvinninga øydelegg drikkevasskjelder i høglandet.

Rapport

Ein miljørapport frå Chile, det tredje landet i saltsjøtriangelet i Sør-Amerika, fortel at utvinninga av litium frå salt, krev enorme vassmengder. Når saltlaken blir pumpa opp, blir grunnvatnet øydelagt. Dette igjen fører til at vårmarksområder tørkar inn, og dei som driv landbruk i høglandet, nær saltsjøane, mistar vatnet, opplyser Global 2000, som har laga rapporten. Organisasjonen frå Austerrike er støtta av EU for å lage miljøanalyser.

Fristar

Ei anna litiumkjelde ligg i krigsherja Afghanistan. Både nyhendebyrået AP og New York Times melder at den afghanske regjeringa prøver å overtale USAs president Donald Trump til å halde amerikanske styrkar i landet. Gulerota er store reserver av verdifulle mineral, mellom anna litium, som USA kan hjelpe til med å utvinne.

– Afghanistan har alltid vore interesserte i amerikanske investeringar, særleg i gruvenæringa. Når det kjem til gruver, har dei som inneheld strategiske metall, litium, fortel Mohammad Humayon Qayoumi til AP. Han er infrastruktur- og teknologirådgjevar for Afghanistans president.

Litiumeventyret i Afghanistan har ein hake; dei rikaste områda er kontrollerte av Taliban.

I USA stig verdien på aksjane i litiumselskapa.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter