Klima

Skal springe for Amnesty i 48 timar

Komande helg skal Stian Solbakken Gjesdahl springe i 48 timar. Heilt frivillig.

– Kvifor i all verda skal du det?

– Det handlar om at eg heile tida tykkjer det er gøy å utfordre meg sjølv. Eg jagar nok etter ei meistringskjensle, seier Gjesdahl.

– Elles er eg glad i å springe. Det som skjer i helga er eit nytt løp, på Bislett, der ein kan springe i 48 timar. Eg vart nysgjerrig på arrangementet.

Rundt og rundt

Kan du forklare korleis eit 48-timars løp er?

– Det startar kl 10 på fredag. Det er om lag 50 påmelde som skal springe, seier han.

– Så er det om å gjere å springe lengst fram til kl 10 søndag morgon, på banene under tribunene på Bislett stadion. Rundt og rundt.

LES OGSÅ: Han bestemte seg for å prøve en ny avhengighet

– Har du sprunge så lenge før?

– Nei. Eg har sprunge fleire maraton, men dette er mitt aller første ultraløp. Eg veit ikkje heilt kva eg går til, så eg er litt spent.

Litt nervøs

Korleis trur du det går, då?

– Eg håper at det går bra. Eg trur eg har ei sterk vilje. Eg gjer det først og fremst for opplevinga, for å bli kjent med eigne grenser, fortel han.

– Men no når det nærmar seg, er eg litt nervøs.

Trend for å bidra

Gjesdahl seier han kom på ideen om å melde seg på fordi han har sett andre som har gjort liknande ting før.

– Det er ein trend i springemiljøet å sette søkelys på velgjerande formål. Denne gongen ynskte eg å gi litt merksemd til Amnesty. Det er morosamt at folk kan gi ei krone for kvar kilometer. Då er det lett å bidra.

Har denne trenden oppstått no i det siste?

– Mi oppfatning er at det er meir fokus på desse tinga no, på grunn av til dømes flyktningkrisa. Fleire som meg har eit behov for å bidra.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Spring for Amnesty

Pengane skal gå til Amnesty. Kvifor akkurat dei?

– Det finst mange gode organisasjonar. Det vart Amnesty denne gangen fordi dei forsvarar enkeltindivid som treng det. Dei har kampanjer for samvitsfangar som ikkje kan snakke si eiga sak, seier Gjesdahl.

LES OGSÅ: Skulle gå hjem fra fisketur – våknet med brukket nakke

– I desse dagar er det stort fokus på klima og flyktningar, medan Amnesty jobbar for menneskerettar og enkeltpersonar. Eg håper pengane kan bidra til at nokon av dei som sit i fangenskap kan kome ut på eit tidspunkt.

Er det første gong du spring for å samle inn til ein organisasjon?

– Ja.

Litt søvn

Eg såg du har pakka med sovepose. Så det blir tid til litt søvn, altså?

– Det er berre om å gjere å kome seg lengst mogleg på 48 timar. Dei aller færraste greier det utan å sove. Så eg må legge meg iallfall éin time i døgnet, for å hente meg inn. Då er det fint å ha ein sovepose å krype inn i.

Overraska av snøen

Når gjorde du sist noko for første gang?

– Eg føler eg prøvar å gjere det heile tida. Eitt døme kan vere at eg melde meg på dette løpet her.

LES OGSÅ: – Stadig tryggere å gi penger til gode formål

Kva har overraska deg mest den siste veka?

– At det snødde i Oslo. Måndag vakna eg til snø, og det var veldig hyggeleg.

Kva er heilagt for deg?

– Naturen. Det tyder veldig mykje for meg å vere ute.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima